I Hornindal er det kvart år i byrjinga av oktober ein festival med kornøltradisjonen i sentrum, og med tilreisande frå heile landet og resten av verda.
I oktober 2022 var det er den fyrste fullskala festivalen på tre år, etter dei to åra med pandemi.
Fretta (OBM Videomagasin) i samarbeid med lokalavisene Fjordingen og Møre Nytt laga ein times direktesending frå eige studio i Honndalshallen som gjekk direkte laurdag 8. oktober 2022, eksklusivt til Fjordingen og Møre Nytt sin abonnentar.
- Sjå direktesendinga her: https://www.morenytt.no/nyheiter/i/dwneLJ/foelg-kornoelfestivalen-i-hornindal
- …eller her: https://www.fjordingen.no/kultur/i/P4oJg5/foelg-kornoelfestivalen-i-hornindal
I sendinga fekk sjåaraene få både nyheiter, dokumentarvideoar og intervju med gjester i studio og ute i kornølfestivalområdet. Det er sett søkelys på aktuelle utviklingstrekk knytt til blant anna den auka interessa og statusen for lokale bryggetradisjonar.
Fretta, som er under utvikling, vil også by på dokumentarstoff om ølkulturen i ein produksjon som blir lansert seinare i eit innovasjonsprosjekt som også er støtta av Medietilsynet.
Interessa for gardsølkulturen har også inspirert etablarar til liks med veletablerte verksemder i til å sjå nye moglegheiter for både nyskaping og arbeid.
I sendinga får du også høyre ein av dei lokale fastlegane si vurderingar av tradisjonsølkulturen, og kva utviklinga her har bidrege med i dagens moderne lokalsamfunn med tanke på spørsmål om folkehelse, alkohol- og rusproblematikk.
