NPK-Hedda Aurdal
Dronningane klekkjer på seinsommaren. Dei set straks i gang med å følgje instinkta sine.
– Etter at dei har klekt, leiter dronningane etter ein kjekk humlegut – også kalla ein drone. Dei parar seg, og raskt etterpå døyr dronen. Då er målet hans nådd, fortel Elven.
Dronninga, derimot, finn ein stad ho kan overvintre. Gjerne eit hol i bakken eller eit forlate musebol. Der søv ho til våren kjem, og arbeidet startar.
Einsleg i starten
Litt ut på våren kjem det første kullet med humlearbeidarar. Dei er ofte veldig små.
– I starten må dronninga gjere alt i bolet sjølv. Ho sankar mat til sine første døtre, og desse larvene blir også dei første arbeidarane i bolet, seier Elven.
Det er lettare for humledronninga å lage små arbeidarar i starten når ho framleis må gjere alt sjølv. Når dei første humlene er klare ute på våren ein gong, trekkjer dronninga seg tilbake og held fram med å klekkje ut fleire egg.
– Dei første arbeidarane tek over arbeidet i bolet og lèt dronninga styre med seg sjølv. Når ho har nok vanlege humler, klekkjer ho nye dronningar og dronar.
Om du har sett mange døde humler rundt omkring dei siste vekene, tyder ikkje det nødvendigvis på at noko gale har skjedd.
– Du finn ikkje nokre døde dronningar no, men du vil finne døde dronar som allereie har para seg. Og du vil finne døde arbeidarar. Humlene jobbar jo livet av seg og lever berre nokre veker før dei er heilt utmatta, fortel Elven.
I tillegg har humler berre eittårige bol. Når hausten kjem att, er det slutt på bolet dronninga starta tidleg på våren.
– Og dei er ikkje så snille mot kvarandre mot slutten, så det blir anarki i bolet. Humleproletariatet tek oppgjer med dronninga, og det blir slutten på bolet.
På seinhausten er det dermed ingen humler igjen, med unntak av dronningar som leiter etter ein stad å overvintre.
La hagen vekse
Sjølv om døde humler på midtsommaren ikkje nødvendigvis varslar om ei krise, er humler framleis utryddingstrua i Noreg. Ifølgje Elven er det fleire ting vi menneske kan gjere for å sørgje for eit enklare liv for pollinatorane.
– Det viktigaste vi kan gjere er å ta vare på naturlege enger, men humlene besøkjer også gjerne hagar med hageplantar, seier han.
Vidare fortel førsteamanuensen at den største utfordringa er at det gamle blomsterriket er i ferd med å forsvinne.
Jordbruket er ikkje slik det var på 50- og 60-talet. Før brukte bøndene ugjødsla dyrkemark. Den er mest artsrik, men bønder i dag har vanskar med å dyrke på slik mark.
– I den grad ein klarar å bevare eller gjenskape det gamle kulturlandskapet, vil det vere det beste for humlene. Og for hagar er det betre å berre klippe graset nokre gongar i året, i staden for kvar veke. Då kan ein få til ei eng i hagen, ikkje berre ein plen.
Elven understrekar at opne areal med naturleg norsk flora som ikkje blir gjødsla, er det som er best for alle insekt.
– Det blir vanskeleg på åkrane, men åkerholmar og kantar bør få stå urørte. Det viktigaste er det naturlege planteriket.