Staudar, palmar, formklipte tre og 60.000 sommarblomar – og berre seks personar til å halde styr på det heile. Hageeigar Endre Bryn Hidlefjord meiner dei fleste amatørgartnarar gjer grøntarbeidet mykje meir komplisert enn det i røynda er.

– På internett står det tusen ting du kan gjera i hagen. Men me er seks personar som driv denne hagen på 60 mål, så me har ikkje behov for å finne på ting å drive med. Hemmelegheita med hagen er at me berre gjer det me må gjera. Det er fire ting, det!
Endre Bryn Hidlefjord (41) si suksessoppskrift skal me sjølvsagt koma attende til, men akkurat no har han stoppa på eit høgdedrag og slår stolt ut med armane. Han nikkar mot sandstranda og dei vaiande palmane like bortanfor, og så, mot staudehagen på knausen bak.
Gruppa av turistar på hagebesøk følgjer Endre med blikket. Det har dei gjort sidan dei steig av båten frå Stavanger eit kvarter tidlegare, og det kjem dei til å halde fram med den neste halvtimen, anten dei stoggar for å beundre ørkenhagen med stikkande sukkulentar og yucca, eller den japanske hagen med skulpturelle tre og fargerike karper i dammen.
Somme gjester måpar seg gjennom det Toscana-inspirerte området der silhuettar av tuja, taxus og sypressar strekk seg mot himmelen. Andre får hakeslepp i klosterhagen med sitrontre, kiwi og duftande urter. Uansett kvar ein vender blikket, på alle haugar og langsmed stiane som buktar seg mellom temahagane; bognar det av blomar og tre i eit overdådig fargespel.
Endre doserar historia om plassen og kommenterer fortløpande medan følgjet bevegar seg:
– Viss de lurar på kva noko er, så spør. Det kan vera at eg har svaret, men det er ikkje sikkert, for her er ganske mykje løge. Det viktigaste er jo at det ser kult ut, blomstrar fint eller lukter godt, sant?
Gjestene humrar.
– Når du driv ei stor bedrift, er det utruleg mange krav til dokumentasjon i utgangspunktet, og me har ikkje lyst til å påføre oss endå meir papirarbeid. Så me anar eigentleg ikkje kva me har, og er veldig nøye på ikkje å telje planter og sortar. Men det eg kan seie, er at me planta 50.000 sommarblomar i vår. Og, at eg sikkert har supplert med 10.000 til etterpå.
Ein stad å kvile
Ein gong var øya Sør-Hidle i Ryfylke mest av alt snau og forblåst. Nordvesten får uvanleg god fart over fjorden her, og står så rett på at bøndene sør på øya hadde gitt opp heile området. Det stoppa ikkje Åsmund og Else Marie Bryn, då dei i 1965 kjøpte ein husmannsplass på 14 mål på nordspissen og bygde seg hytte. Dei var begge gartnarar til kvardags og produserte sommarblomar for sal på Jåttå i Stavanger.
Då var det sjølvsagt godt å ha ein stad dei berre kunne koma til – utan å tenkje på blomar.
Blesten kunne dei derimot dy seg for, og det var difor små og store i familien vart utkommandert med 3000 gran-og furutre dei første åra, i håp om å lage le mot vinden. Først 20 år seinare hadde dei 300 trea som overlevde danna ein beskyttande vegg mot sjøen. Då hadde også helsa til Åsmund skranta ei stund. I 1987 let han difor sonen Olav overta gartneriet i byen, medan han sjølv lepja i seg sjølufta på Sør-Hidle så ofte han kunne.
På gode dagar tok Åsmund så smått til å plante sommarblomar rundt hytta, mest av alt for å lokke kona oftare utover. Snart var det ikkje berre Else Marie som kom. Sonen Olav gjorde det etterkvart til fast tradisjon å leggje kundebesøka til gartneriet hit, for å demonstrere eit stadig større utval av blomar, fortel Endre. Han er sonen til Olav:
– Pappa meinte han måtte ha noko nytt å vise fram kvart år, viss ikkje var det flaut. Og det er den idéen me har bygd vidare på. Hagen treng ingenting, han treng ikkje å bli større, men det er veldig kjekt om han blir finare! fortel han gjestene.
Ryktet om den frodige oasen på Sør-Hidle spreidde og sådde seg sjølv. Snart hadde dei bedriftsleiarar på tråden som ville leige både hytte og hage for å ta med tilsette på tur. Andre lurte på om det var mogleg å koma over for å sjå, og om dei kanskje kunne ordne med noko å eta?
Olav visste ikkje då, at Flor & Fjære om nokre år skulle kome til å bli ein av dei største turistmagnetane i heile fylket. I 1995, då han og den nye kona Siri la ned gartneriet i byen og opna restauranten her ute, hadde dei 600 gjester den første sesongen. Det var dei godt nøgde med, flirer Endre. Året etter kom det 7000.
Og likevel var det berre byrjinga.
Millionstart
– Alt de ser bak her, grov me opp i vinter. Med unnatak av fem tre, grov me opp alt for å lage større dammar og fleire stiar trasear og steinbruer. Og ei ny elv. Ein kan aldri få nok steinbruer og elver! gliser Endre, medan han geleidar flokken vidare.
Sjølv har han kippa av seg skorne og går berrføtt på den eirgrøne plenen.
I 2011 var det han som tok over den daglege drifta, og i 2019 fekk han og kona Hanne Kvernberg Hidlefjord det formelle ansvaret for selskapet.
Det første ekteparet gjorde i lag, var å byggje eit 4000 kvadratmeter stort drivhus til 80 millionar kroner. Midtpunktet i hagen er av glas og stål og tener både som restaurant med 600 sitjeplassar, vinterlagring for dei sartaste vokstrane og produksjon av urter og grønsaker til restauranten.
I fjor passerte dei 47.000 besøkjande, fortel Endre.
Ja, utan at det er noko mål i seg sjølv, legg han til. Når han etterpå insisterer på at hagen ikkje er ein jobb, men ein skikkeleg artig livsstil, er han til og med alvorleg.
– Men 47.000 er ein gjeng, ja. Særleg når ein tenkjer på at me har stengt kvar sundag og sju månader i året. Me er i grunnen nesten aldri ope og har mest stengt.
Han gløymer å nemne at dei i fjor også passerte 100 millionar i omsetnad:
– Me har ingen eksterne aksjonærar som plager oss, og slepp å forhalde oss til budsjett. Det er veldig greit når du reiser rundt i verda og kjøper svære planter. Går me tomme for pengar, då sluttar me å handle. Det er ganske smart, og ein gammal metode som mange bedrifter har gløymt. Stein-på-stein-metoden, heiter han, og er dagens bisnisstips.
Omvisninga for Endre sin gjeng nærmar seg slutten, slik han truleg gjer for dei andre gruppene rundt om på øya. Akkurat no er det 360 besøkjande her som blir synt rundt av fire guidar. Alle gjestene skal ende opp i jungelrestauranten, der ein tre rettars middag ventar.
Då Endre takkar for seg og ønskjer velkomen attende, er det fordi han også neste år truleg kjem til å ha noko nytt å by på. Som tidligare generasjonar har han og kona berre eitt, einaste mål, fortel han følgjet, når dei er ferdige med å forgapa seg i formklipt tre langs stien:
– Hagen skal framleis bli endå litt finare for kvar sesong. Det kan eg lova. Det kan difor bli skikkeleg tøft her om to-tre hundre år!
Familieføretaksmodellen
Etterpå, medan han ventar på ein ny båtlast med gjester – det kjem mellom to og seks av dei om dagen – sit Endre på ein stein saman med kona Hanne og listar opp dei medverkande i familieverksemda.
I tillegg til Hanne som er dagleg leiar og han sjølv som har tittelen teknisk sjef, er det framleis faren Olav som har overoppsyn med hagen. I dag har han dukka opp med cowboyhatt og vasslange i hendene bak eit utal busker på rundturen. Onkel Egil er dessutan fast guide, tante Ingunn jobbar på bookinga, fetteren Eirik er restaurantsjef og veslesystera Lise hjelper til med alt mogleg, oppsummerer han.
Hanne nikkar. På heilårsbasis er dei berre 11 faste tilsette, medan dei no i sesongen har 125 personar i arbeid, supplerer ho. Dei 3000 juli-gjestene kom i små vene-og familiegrupper. I juni var halvparten av besøket større bedriftsgrupper, slik det også blir i august og til dei stengjer dørene 20. september.
Men uansett kor gjestene kjem frå og kva slags konstellasjon dei kjem i, lurer dei ofte på det same, fortel Endre og lener seg fram.
Den enkle oppskrifta
Kva for gjødsel brukar han på sypressane? Kor ofte kalkar eigentleg Endre plenen? Og kva for mineraltilskot sver han til på dei ulike sommarblomane?
– Gjestene har veldig mange spørsmål eg aldri har tenkt på ein gong, og dei fortel meg om alt mogleg rart dei driv med sjølve. «Kvifor gjer du det då?», spør eg, og da svarar dei som regel at dei har lese det på nettet. Alt for mange brukar alt for mykje energi på feil ting, seier Endre:
– Først og fremst handlar det om nok vatn – ikkje minst i dette tørkeveret me har hatt no. Du må vatne, vatne og vatne! Me kan ikkje tillate at noko tørkar, for då får me brune plenar. Og om plantene tørkar, stressar dei, og då kuttar dei blomstringa. Då kan det gå fleire veker før dei kjem i gang att, forklarar han.
Før måtte det tankbåt til for å levere dei mange millionar litrane med vatn som øya trong. No har dei bora eigne brønnar og er sjølvforsynt med både drikkevatn og vatningsvatn – og alt vatnet som blir pumpa gjennom dammar og fossefall og elver.
Når dei siste gjestene dreg om kvelden, startar vatningsanlegget på heile området.
– Folk kan lese så mange hagetips dei vil, men om dei ikkje har kontroll på vatninga, kan dei gløyme alt anna. Med det sagt, er det ingen planter som skal stå med røtene i vatn. Då druknar dei, så difor har me også skikkeleg god drenering.
Ned på kne
Endre trekk pusten og nappar opp eit strå attmed steinen. Han rullar det mellom fingrane:
– Viss du i tillegg gjødslar, får du eit veldig fint resultat. Me brukar nok mykje meir gjødsel enn folk flest, men det er ikkje vanskelegare enn at alt i hagen får same gjødsel. Vanleg, heilt standard fullgjødsel er topp.
– Me kalkar heller aldri plenen. Er han grøn, har du ikkje eit ph-problem. Men klipparen går heile tida, for jo oftare ein klipper, jo finare blir han. Men også for ein fin plen, er det viktigaste gjødsel og vatn.
Endre nemner det nærast i ein bisetning, at dei sjølvsagt klipper både busker og tre jamleg, for å få meir lys ned til plantene. I tillegg lukar dei konstant for å halde ugraset nede.
Det blir 60 mål med luking, det. Denne sesongen.
Familien eig nemleg 400 mål på øya, og har sett av 80 av dei til Flor & Fjære. Det duftar av meir luking.
– Ellers vil eg jo tilrå folk å køyre på med sommarblomar. I motsetnad til staudar, blømer dei heile sesongen og kjem i masse forskjellige fargar og sortar, seier Endre og kikkar på klokka.
Ei ny last med 130 gjester klappar straks til kai:
– Så, det er ikkje så komplisert å få ein fin hage, du treng som sagt berre fire ting:
– Gjødsel og vatn, og luking og klipping. Det er i grunnen alt som skal til.
(©NPK)
