Noreg kjem dårlegare ut enn nabolanda når det gjeld gründerverksemd og nyetableringar. Det er i alle fall ikkje sunnmøringen Lars Einar Riksheim sin feil.
Riksheim, som er utan formell utdanning, står bak fleire nyetableringar dei siste åra. Stikkorda er blant anna automasjon og robotisering, industrisaum, munnbind, høgteknologiske brøytestikker og 3D-strikking.
Det var han som heiv seg rundt i starten av pandemien og sytte for at Noreg, som ikkje hadde noko beredskapslager av smittevernutstyr, fekk i gang produksjonen av munnbind til det norske helsestellet.
Vi møter Riksheim i Næringsfabrikken i Sykkylven, dei tidlegare lokala til møbelprodusenten Hjellegjerde. Selskapet hans Amatec kjøpte bygget med ei golvflate på 27.000. kvadratmeter saman med fleire samarbeidspartnarar for nokre år sidan. I dag er det ei blomstrande verksemd der 52 selskap har flytta inn – og ein viktig møtestad for samarbeid og utveksling av idear.
Lars Einar Riksheim snakkar roleg, men engasjert om det han driv med. Det er ingen store fakter, og han snakkar heller opp andre enn å framheve seg sjølv.
– Eg er ikkje stolt av at eg avslutta skulen etter niande klasse, men eg var skulelei og hadde lyst til å jobbe med noko praktisk. Eg har alltid vore glad i å skape ting, reparere og å finne gode løysingar. Det har vore drivkrafta mi heile tida, og er det framleis, seier 69-åringen.
– Skulle ha vore klona
Åsne Helen Folstad er dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling (SNU). Ho har samarbeidd tett med Lars Einar Riksheim i mange år, og ho kan ikkje få rost han nok.
– Han er ei eldsjel og ein pådrivar for teknologiutvikling og lokalt og regionalt samarbeid. Han er nysgjerrig og alltid full av tankar og idear til korleis vi kan utvikle næringslivet. Eg har sagt fleire gonger at han eigentleg burde ha vore klona. Han er uvurderleg for det lokale næringslivet.
Andre vi snakkar med er også fulle av lovord om industrigründeren. Sjølv er han oppteken av å framheve andre.
– Det er viktig å få med at ein gründer er avhengig av dei lagspelarane han får med seg på vegen. Spesielt i mitt tilfelle har det vore svært viktig, seier han.
I Næringsfabrikken finn vi også delar av maskinparken til selskapet Innovern, som forsynte det norske helsestellet med 30 millionar munnbind under pandemien.
I dag er det stille i lokala. Ein del av maskinane står der framleis, klare til bruk, men dei over 20 tilsette er borte. Det har vist seg at det er lita interesse i det offentlege for ein beredskapsproduksjon av munnbind. Sjølv om mange politikarar i festtalane sine snakkar om kor viktig det er med ein nasjonal beredskap. Meir om dette seinare.
Pandemi og munnbind
Vi går tilbake til 2020. Pandemien spreier seg i eit urovekkjande tempo, og det blir tidleg klart at Noreg manglar smittevernutstyr – som dei fleste andre land. Det gjekk raskt opp for dei styrande at det ikkje berre var å sende ei bestilling til Kina eller andre land. No måtte vi klare oss sjølve. Det var blant anna stor mangel på munnbind.
Norske styresmakter forstod at det kom til å bli vanskeleg å importere det vi trengde av munnbind, og dei byrja sjå seg rundt etter nokon som kunne stå for produksjon her i landet.
Selskapet til Riksheim, Amatec, hadde erfaring frå sveising og saum av tekstilar. Dette fekk Sjukehusinnkjøp vite og ringde og lurte på om dei kunne hjelpe til med produksjon av munnbind.
– Då hadde eg alt vore i kontakt med kinesiske selskap, men fekk beskjed om at det var eitt års ventetid på å få ei produksjonslinje. Eg tilbaud Sjukehusinnkjøp at vi kunne byggje ein maskin for produksjon av munnbind, men så ringde dei frå Kina og tilbaud ei ferdig produksjonslinje. Men det var ikkje tid til å tenkje seg om. Pengane måtte vere inne på konto i Kina dagen etter, fortel Lars Einar Riksheim.
Luftbru frå Shanghai
Etter ein del telefonar greidde dei å få pengane over til Kina. Produksjonslinja var i boks, men ho skulle også fraktast til Noreg.
– Etter ein del tautrekking fekk vi beskjed om at norske styresmakter ville stille fly til disposisjon og det vart oppretta ei luftbru frå Shanghai.
– Flott, sa eg. Betyr det at vi kan hente maskinane på Ålesund lufthamn, Vigra?
– Nei, der går grensa. De får hente på Gardermoen, var det kontante svaret.
Offisielt opna av statsministeren
Deretter gjekk det veldig fort. Produksjonslinja vart sett opp i Næringsfabrikken, og Lars Einar Riksheim jobba for å rekruttere fagfolk som skulle framstille munnbinda.
12. mars 2020 stengde Noreg ned. 21. mars stifta Lars Einar Riksheim og samarbeidspartnarane hans selskapet Innovern. Dei la inn eit formelt tilbod til Sjukehusinnkjøp og fekk ein ordre på 20 millionar munnbind.
Før sommarferien 2020 hadde Innovern to produksjonslinjer på plass. Det var nedstengingar over alt, så det vart problem med å få tak i råvarer til produksjonen. Men det gjekk seg til.
3. november 2020 vart det opning av den nasjonale munnbindproduksjonen med statsminister Erna Solberg til stades. Innovern fekk også innsatsprisen frå Sykkylven kommune i 2021
Fekk ikkje lage kriselager
Men då ordren var levert, stod maskinparken der og dei 20 tilsette var utan nye oppgåver. Lars Einar Riksheim tilbaud norske styresmakter å produsere eit kriselager for å møte eventuelle pandemiar i framtida, men det fekk han ikkje gehør for.
– Eg veit at det er strenge krav til konkurranseutsetjing av store oppdrag, men her er det snakk om produksjon til beredskap. Og då er det mogleg å få til unntak. Men då pandemien var over, var det ingen som syntest det var viktig med eit beredskapslager lenger. Vi produserte opp eit lite lager, men no står maskinane stille, seier han vemodig.
Fiskegarn og møbelstoff
Industribyggjaren frå Sykkylven starta med industrisymaskinar, og det er framleis ein viktig del av det Riksheim driv med gjennom selskapet Amatec.
Den første jobben hans var i ein fiskevegnfabrikk. Her vart det etter kvart brukt industrisymaskinar til å produsere fiskegarn, og slik kom Lars Einar Riksheim i kontakt med symaskinprodusenten Singer.
Han fekk jobb som seljar og servicemann for industrisymaskinar med heile Vestlandet og vidare nordover langs kysten til Kirkenes. Dette var i ei tid med ein heilt anna flora av industribedrifter som brukte symaskinar. Det var ein blomstrande tekoindustri og det krydde av møbelfabrikkar, ikkje minst på Sunnmøre.
Like fullt gjekk selskapet han jobba for konkurs, og han gjekk over i ein liknande jobb i konkurrenten Pfaff. Lysta til å starte noko for seg sjølv var der heile tida, og etter tre år hos Pfaff tok han avgjerda om å prøve. Dei første åra dreiv han service på industrisymaskinar i Møre og Romsdal og Trøndelag.
– Heile næringar vart borte
– På den tida var det mange store fabrikkar som produserte arbeidstøy i området. No er alle borte. Det var faktisk ikkje berre enkeltkundar som forsvann, men heile næringar. Litt etter litt forsvann også dei fleste mindre møbelfabrikkane, så eg mista mange kundar, fortel Riksheim.
Men å gi opp var det ikkje snakk om. For industridøden gjorde også at det vart færre konkurrentar. Så byrja han å importere symaskinar for industrien. Og ei ny næring hadde kome til, nemleg oppdrett. Og det har vist seg å bli eit viktig felt for Lars Einar Riksheim og selskapet hans Amatec.
– I dag har vi større leveransar til oppdrettsnæringa enn til møbelindustrien. No byggjer vi maskinar til oppdrettsnæringa, og vi eksporterer faktisk maskinar til Kina. Elles går mykje til Chile, USA, Spania, Kroatia, Litauen og Marokko, forklarar han.
I dag er Amatec det einaste selskapet som driv stort med industrisymaskinar i Noreg. Og for å konkurrere med utlandet er det heilt naudsynt å følgje med på utviklinga av teknologien. Automasjon og robotteknologi har vore ein viktig del av utviklinga.
Selskapet har blant anna vore sterkt delaktig i utviklinga av industrirobotar hos møbelgiganten Ekornes.
Amatec er også med på eit prosjekt saman med skiprodusenten Madshus på Biri i Innlandet, der dei har utvikla maskinar i produksjonen av både konkurranseski og vanlege fellesski.
Ny teknologi
For eit par år sidan var det nokre unge gründarar som fekk pris for eit prosjekt for automatisk oppsetting av brøytestikker langs vegane. Dei gjekk dessverre konkurs, men Amatec har overteke maskinparken saman med PC Support Eigedom.
Riksheim er også tungt inne i eit prosjekt med 3D-strikking. Her samarbeider dei blant anna med Ekornes, Flakk Gruppen, Sandella og 16 andre selskap på eigarsida. Dei har også inngått samarbeidskontrakt med maskinprodusenten Shima Seiki i Japan.
69-åringen har ingen planar om å pensjonere seg. Rett nok er han ikkje lenger dagleg leiar i Amatec, men er i full aktivitet som produkt- og marknadssjef – og stadig på leit etter nye prosjekt han kan utvikle.
– Det er ingen pensjonsalder for gründerar, hevdar Riksheim.
