25. juli 2026

Stutte stubbar i januar 2025

Av

Framleis risiko for asbest

Asbest har vore forbode i Noreg sidan 1985, men det er framleis mykje asbesthaldig materiale i norske bygg, ifølgje Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Dette utgjer ein helserisiko for handverkarar som arbeider med sanering av asbestbygg. Om lag 150 menneske døyr kvart år her i landet av kreft forårsaka av asbesteksponering. Eit prosjekt der dei samla inn luftprøvar under og etter sanering av asbesthaldig materiale viser at konsentrasjonane av asbestfiber i lufta i nokre tilfelle var over 40 gonger høgare enn dagens grenseverdi.cStami-forskar Torunn Kringlen Ervik fortel at asbestfiber blir frigjort når ein handterer materialet, til dømes ved riving og renovering. Ho påpeikar viktigheita av å kartleggje asbesthaldig materiale før ein startar arbeidet.

Datamynten aukar i verdi

Verdien på kryptovalutaen Bitcoin var måndag 20. januar på over 109.000 dollar – tilsvarande 1,24 million kroner – noko som er ny rekord. Toppnoteringa vart sett same dag som Donald Trump blir innsett som USA president. Han har signalisert at han vil deregulere kryptovalutamarknaden. Bitcoin er den største og mest kjende kryptovaluta. Den har stige med over 50 prosent i verdi sidan Trump vann presidentvalet i november. Investorar forventar ei meir kryptovennleg linje frå Trump-administrasjonen enn frå Biden-administrasjonen.

Ny metode reddar orkidé

Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Landvik i Grimstad har funne ein metode som gjer at dei kan redde den svært sjeldne og utryddingstrua orkideen narrmarihand. Frøa til narrmarihand og andre ville orkidear er mikroskopisk små, og spirer berre når dei kjem i kontakt med spesielle soppar i jorda. I laboratoriet får frøa sterile forhold. I eit lukka system inne i kolbar, får dei næring slik at dei byrjar å spire.v– Vi bryt frøkvilen ved hjelp av kjemikaliar, og så gir vi frøet all næringa det treng som soppen elles bidreg med i naturen, seier forskar Ellen Johanne Svalheim ved Nibio i Grimstad til NRK.

Halvering av flyktningar frå Ukraina

Talet på flyktningar frå Ukraina vart nesten halverte i fjor frå 2023. Det kjem av innstrammingar i reglane for kollektivt vern, trur Utlendingsdirektoratet. Det vart levert inn 23.382 søknader om vern i fjor. 19.222 av dei var frå ukrainarar, viser Utlendingsdirektoratets årstal for innvandring til Noreg. Det var dermed ein nedgang på 47 prosent frå 2023, då UDI tok imot 36.492 søknader om vern frå ukrainarar.

Meir å rutte med

Realinntekta til norske privathushald var i snitt 635.400 kroner i 2023. Det var ein auke på 2 prosent frå 2022, den sterkaste auken på 11 år. Statistisk sentralbyrå (SSB) har sett på inntektsutviklinga for dei norske hushalda. Dei finn at sjølv justerte for den relativt sterke prisveksten på 5,5 prosent i 2023, auka medianinntekta i hushalda med 2 prosent, samanlikna med året før. Studenthushald er ikkje med i berekninga. Etter nærast uendra inntektsnivå sidan 2016, gjekk inntektene opp i 2023. Samtidig var inntektsulikskapen i 2023 på det lågaste nivået sidan 2014.