25. juli 2026

Staten stoppar Marine Harvest

Av

I dag, tysdag 14. mai gikk Næringsminister Trond Giske på talarstolen og varsla Stortinget om at staten vil stemme nei til bodet frå Marine Harvest på generalforsamlinga neste veke.

Staten eig over 40 prosent av aksjane i oppdrett- og fiskefôrselskapet Cermaq. Marine Harvest har bydd 105 kroner per aksje, men stiller som vilkår at selskapet får kjøpt minst to tredjepartar av aksjane. Med statens nei fell bodet.

Marine Harvest er verdas største lakseoppdrett-selskap, og kontrollerer mellom 20 og 25 av verdproduksjonen. Eit kjøp av Cermaq ville først og fremst sikra Marine Harvest kontroll over Ewos, Cermaq sitt fiskefôr-selskap. Ewos er eitt av dei tre dominerande fiskefôrselskapa i verda.