25. juli 2026

/ natur / «Vi må sjå på snøskred som ei svært potent naturfare og vere med på å leggje til rette for trygg ferdsel i norsk natur»

Av

Frå ei skredøving på Finse. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Bent Tandstad
Bent Tandstad

Snøen har lagt seg fleire stader, og topptur-entusiastane er alt i gang med skisesongen. Heldigvis kan det sjå ut som at folk dei siste åra har fått meir kunnskap om faren for snøskred.

– Mitt inntrykk er at kunnskapen om skredfare blant skiløparar er blitt betre. Sjølv om stadig fleire går på topptur i vinterhalvåret, har det ikkje vorte fleire ulukker. Det tolkar vi som at folk har vorte flinkare, seier ansvarleg for skredvarsling i Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE), Rune Verpe Engeset, til Nynorsk pressekontor.

Eitt av dei viktigaste tiltaka for å hindre skredulukker er å følgje med på Varsom-appen. Før den komande sesongen har appen fått nye og betre funksjonar.

– Frå og med 1. desember byrjar vi å leggje ut varsel for 24 regionar. Vi har også fått med eit brattheitskart, som også viser utløpssoner. Det er ein fin måte å finne ut om eit område er trygt eller ikkje. Det har også blitt enklare for brukarane av appen å varsle inn om skred. Tilbakemelding er svært viktig for oss som lagar skredvarsel, seier Engeset.

Varsom-appen har 230.000 brukarar, og årleg kjem det inn rundt 16.000 observasjonar. Mange av desse er frå frivillige.

Varmare vintrar i framtida

Nyleg kom ein rapport om korleis klimaet i Noreg vil utvikle seg framover. I åra som kjem vil få varmare vintrar med meir nedbør og snøgrensa blir pressa stadig oppover. Skisesongen kan dermed bli dramatisk forkorta utover i dette hundreåret.

– Eg trur vi kan rekne med fleire skred med tung og våt snø i åra som kjem, seier Rune Verpe Engeset

Snøskredtal

Førre vinter var snøfattig i store delar av landet. Likevel vart det 88 snøskredulukker totalt, og det talet har vore relativt stabilt dei siste åra. 16 menneske vart skadde, medan fem omkom. Til samanlikning omkom 13 menneske i snøskred vinteren 2018-2019, medan det var ni omkomne vinteren 2021–2022.

Sidan hausten 2008 er det registrert 113 omkomne i til saman 92 rasulukker i Noreg. Det gir eit årleg snitt på 6,65 omkomne.

I oppsummeringa til NVE kjem det fram at i 71 prosent av dødsulukkene, er skredet utløyst av menneske. Anten ved at folk har vore i eit brattheng og utløyst skredet sjølve, eller at skredet er utløyst av folk frå avstand.

I 18 prosent av tilfella der menneske har mist livet, er skredet utløyst naturleg, og så er det 12 prosent der årsaka til snøraset er ukjent. 68 prosent av dei omkomne hadde skredutstyr med sendar og mottakar, spade og søkjestong.

Førre vinter hadde derimot ingen av dei omkomne skredutstyr. Ein miste livet i Troms, alle dei andre var i Sør-Noreg. Tre av dei fem omkomne gjekk til fots og to på ski.

Farlege skavlar

– Ei positiv nyheit frå sist vinter var at ingen fall ned frå snøskavlar. Skavlbrot har tidlegare vore årsak til 14 prosent av ulukkene. Vi har brukt mykje ressursar på å informere om faren ved å gå ut på skavlar, så det kan vere at kampanjen vår har verka. Det er mange snøfonner både i nord og sør, og det kan vere vanskeleg å vite kvar dei startar. Det viktigaste er å halde god avstand, seier Engeset.

Det var heller ingen skuterar som vart tekne av snøras sist vinter, og det er også ei god nyheit, legg han til.

Emma Barfod er ein av 23 snøskredvarslarar i NVE. Foto: Markus Landrø / NVE
Emma Barfod

Lengre topptursesong

Det er uklart kor mange som driv med toppturar på ski her i landet. Mykje har endra seg dei siste åra. Tidlegare var slike skiturar noko folk dreiv med frå påske og litt utover, medan topptursesongen no startar så snart snøen har lagt seg. Det er ingen tvil om at det har vorte stadig fleire topptur-entusiastar dei siste åra

NVE-forskaren Håvard Boutera Toft har estimert at rundt 52.000 menneske går toppturar kvart år i Noreg, med cirka 444.000 individuelle turar. Han seier at tala er baserte blant anna frå signal frå GPS-sendarane som er ein del av tryggingsutstyret. Så tala er litt usikre, men gir likevel ein peikepinn på omfanget.

Snøskredsenter

Audun Hetland, forskar ved CARE – kompetansesenteret for snøskred ved Universitetet i Tromsø, fortel at arbeidet med å etablere eit nasjonalt snøskredsenter med base i Lyngen i Troms, er godt i gang.

Han meiner det er heilt naudsynt for landet vårt å ha eit slikt senter, sidan talet på turistar som kjem til Noreg for å oppleve den norske naturen, er i sterk vekst. Mange kjem for å gå på toppturar om vinteren, og det har vore mange skredulukker med utanlandske skiløparar dei siste åra. Fleire av dei mest alvorlege ulukkene har vore i Lyngsalpane.

– Eg er veldig optimistisk på at senteret blir ein realitet. Lyngsalpane er episenteret som har det største trykket på tilreisande og har flest ulukker. Det er her den største utfordringa er, men også dei mest dyrekjøpte erfaringane både i kommunen og for Røde Kors, seier Hetland til Nynorsk pressekontor.

Nasjonalt snøskredsenter har fått støtte frå statsforvaltaren i Troms i to omgangar og pengar frå fylkeskommunen. Dei er no i ein pilotfase fram til 2027–2028. I fjor vart det sendt inn ein søknad til Nærings- og fiskeridepartementet om statsstøtte, men søknaden er framleis under behandling.

Fredrik Lind Irgens, som i dag er nestleiar ved juridisk avdeling i Forsvarsdepartementet, er tilsett som prosjektleiar frå januar neste år. Med seg får han CARE-forskaren Stig Løland i ei 50 prosent stilling.

Nasjonalt eller regionalt?

– Spørsmålet er kva form senteret skal ha. Skal vi eitt nasjonalt senter eller fleire regionale? Det er fleire område som har kombinasjonen av snøskredfare og stor interesse for toppturar, slik som Lofoten, Sunnmøre og Romsdal. Vi må sjå på snøskred som ei svært potent naturfare og vere med på å leggje til rette for trygg ferdsel i norsk natur, legg Hetland til.

Han meiner det faktum at styresmaktene ynskjer fleire turistar til Noreg, gjer at det blir fleire menneske som blir utsette for naturfare. Det gjer at det er naturleg at styresmaktene er med på å finansiere eit nasjonalt senter som kan koordinere innsatsen for at menneske ikkje skal bli tekne av snøskred. (©NPK)