25. juli 2026

/ natur / «Når til og med ordføraren i ein kommune som Årdal er med på dette, så må det vel gjera inntrykk!»

Av

Frå venstre ordførar i Årdal, Christian Sønstlien, Ketil Gutubø frå Norsk Bonde og Småbrukarlag, ordførar i Lesja, Mariann Skotte og Ole Bjarne Hovland i Norges Bondelag var samde om at samlinga på tvers av alle grenser kan ha vore avgjerande for gjennomslaget. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Jan Inge Fardal
Jan Inge Fardal

Sjeldan har me møtt to partar som er så nøgde med kvarandre som etter møtet mellom arbeidsutvalet for Interregionalt samarbeid om beitedyr, jerv og klima – og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i slutten av januar 2026.

I midten av desember sende den interregionale samarbeidsgruppa frå tre fylke ønskje om eit snarleg møte med klima- og miljøministeren. Dei ville drøfta den kritiske situasjonen med beitedyr og jerv i Vestland, Møre og Romsdal og Innlandet.

Ein god månad seinare er det første møtet gjennomført og begge partar er godt nøgde. På gangen utanfor møterommet er det semje om at hovudforklaringa på det må vera at dei har klart å samla seg på tvers av fylkesgrenser, kommunegrenser, partigrenser og dessutan fått med landbruksorganisasjonane.

– Her handlar det hundre prosent om sak. Me står saman på tvers av alle desse grensene. Når til og med ordføraren i ein kommune som Årdal er med på dette, så må det vel gjera inntrykk, seier Christian Sønstlien med eit smil.

Alvorleg for mange

Bakgrunnen for samarbeidet er dei store lammetapa til jerv i løpet av beitesesongen 2025 i beiteområda som dekkjer delar av desse tre fylka. Enkelte besetningar har hatt tap på over 60 prosent, og tapa har vore store både blant sauer som har beita innanfor forvaltningsområdet for jerv, og i beiteprioriterte område.

I brevet til miljøvernministeren vart det peika på at dersom regjeringa ønskjer å ha ei livskraftig beitenæring i fjell- og fjordområda mellom dei tre fylka, hastar det å gjennomføra tiltak som sikrar framleis beitebruk. Kravet er mellom anna at jervebestanden må reduserast slik at han kjem ned på nasjonalt bestandsmålsnivå i løpet av 2026. For å få det til må den vaksne jervebestanden ikkje produserer meir enn 39 årlege ynglingar totalt. Gruppa meiner det er mogleg å gjennomføra tiltak som vil ha effekt innanfor rammene av gjeldande rovviltforlik.

– Må klara å ta tak i dette

Miljøvernministeren konstaterte etter møtet at situasjonen er krevjande for ein del, særleg for dei som opplever store tapstal, og han er samd i kravet om at jervebestanden må ned på eit nasjonalt bestandmålsnivå i år.

– Dette må me klara å ta tak i med ei meir effektiv forvaltning. Det handlar delvis om korleis me gjennomfører lisensfelling og sørgjer for at ho er så effektiv som mogleg, og at den biten som handlar om å ta ut skadedyr, er så effektiv som mogleg. Men så handlar det sjølvsagt òg om at me tenkjer på alle dei andre tiltaka me gjennomfører og at me til dømes syter for å henta ut læringseffektar av det forskingsprosjektet som er i gang i Nord-Gudbrandsdalen, sa statsråd Bjelland Eriksen.

Det blir fleire møte

– Eg er open for at det finst eit handlingsrom som me kan bruka annleis enn det som er i dag. Så er eg samtidig oppteken av at me må bruka det på ein måte som varetek det som er hovudmålet i rovviltforliket, som jo er bestandsmåla. Det er både dei nasjonale og dei regionale, sa statsråden som la til at partane var vortne samde om at dette det ikkje var første og siste møte.

– Det var såpass hyggeleg at me er einige om at me skal ha fleire møte framover, sa statsråden som la til at legitimiteten til norsk rovdyrpolitikk avheng av at dei klarer å treffa bestandsmåla år for år.

– Me har gjort eit ganske stort arbeid etter at eg kom inn i departementet for å sørgja for at me kom ned på bestandsmålet. Men eg kan ikkje seia at me er nøgde med at me omtrent har nådd bestandsmål eitt år. Det må me klara år for år. Det er berre éin måte å få til det. Det er å halda fram det harde arbeidet omkring i heile Noreg, slo Andreas Bjelland- Eriksen fast.

Veldig godt nøgde

Leiaren for arbeidsutvalet og ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen, var blid etter det første møtet hos på statsråden.

– Ja, eg er veldig godt nøgd med møtet. Me har hatt ein svært god dialog, og eg opplever det som konstruktivt, i forhold til at me òg både blir sett og høyrde på, rett og slett. Og at det ser ut til at me òg kan få gehør for kravet vårt om å komma ned på det nivå me skal.

– Statsråden gav uttrykk for at det var eit positivt og gjevande møte?

– Det var det same som eg høyrde, så det tykkjer eg òg er positivt. Og eg trur det blir sett pris på at det no er eit tverrpolitisk samarbeid i denne saka. Her er det ikkje snakk om nokre utskot med rare utsegner om rovdyrforlik.

Samling på tvers

– Trur du at dette er fordi de har gått saman på tvers av kommunegrenser?

– Det er faktisk eit poeng, eg er ganske sikker på det. Det har tidlegare ofte vore veldig polarisert om det skal vera jerv eller beitedyr; poenget er at det skal vera begge delar. Me må forvalta jervebestanden, samtidig som me må ha overlevingsdyktig beitemark, seier leiaren.

– Kva er det viktigaste etter dette møtet for deg?

– Første steg blir å snakka vidare saman, og ikkje berre i kommunane og fylka, det handlar også om faglaga i desse fylka. Og så skal me vera konstruktive og gi dei tilbakemeldingane som me kan. Det har me gjort i møte i dag og det skal me skal følgja opp. Me har fått opning for at om me kjem på nye, gode ting og tiltak, så må me berre spela dette inn. Og så skal me snart møtast att for oppfølging, seier leiaren for den interregionale samarbeidsgruppa, og meir kunne dei vel knapt ha håpa på.

(©NPK)