NPK Jani Fardal
Det er eigentleg tilfeldig at me er på vitjing hjå nasjonalbibliotekaren nesten på dagen 10 år etter at han byrja i stillinga, for det var eit radiointervju med Aslak Sira Myhre ein søndag føremiddag i juni som trigga oss.
Ikkje slik at me ikkje kjenner til den tidlegare politikaren, fotballkommentatoren, litteraturhussjefen og skribenten frå før, nei – det var det han sa om lagbygging og måten han sa det på som trefte midt i magen. Noko med engasjementet, lidenskapen, evna og ikkje minst – kanskje – motet til å vera annleis, tenkje annleis – og faktisk gjera noko heilt konkret for at alle skal kunne bli med på laget, nett som dei er.
Me kjem attende til det – først skal det handla om eit møte på Oslos tak – med utsikt langt ut over fjorden, og altså det faktum at Aslak Sira Myhre har vore nasjonalbibliotekar i omtrent akkurat 10 år, ein nasjonalbibliotekar med visjonar og som viser veg.

UJÅLETE OG ENKEL
Det er forresten ikkje mykje i stilen som fortel at det er ein nasjonalbibliotekar som tek imot i den ærverdige bygningen som husar Nasjonalbiblioteket i Oslo. Nei, det er ein mann i dongeri og svart T-skjorte, med kraftige øyretelefonar, mobiltelefon og håret i hestehale som viser vegen inn i eit meir moderne nybygg vegg-i-vegg, og opp i toppetasjen til eit flott hjørnekontor med ein enorm takterrasse utanfor.
– Eg er ikkje så ofte her, seier han – nesten litt orsakande og er klar på at han trivst mykje betre der ute – der ting skjer og folk pratar saman, gjerne på den dialekten dei måtte ha. Og då er me raskt inne på Nasjonalbibliotekets jobb med utvikling av språkteknologi, spesielt når ein Iphone blir lagd på bordet i opptaksmodus.
– Du må sjekke ut NBWhisper, seier nasjonalbibliotekaren. Det handlar om å transkribere opptak, visstnok uavhengig av dialekt. I Språkbanken har dei lenge jobba med å transkribere store mengder tekst for at dei nye taleassistentane skal forstå ulike dialektar.
– Baktanken er ganske enkel, viss folk i framtida skal bu på sånne plassar som du og eg kjem frå, så kjem det ikkje til å vere sjukehus i nærleiken, det kjem ikkje til å vere det tilbodet i helsevesenet som du har her i Oslo. Og kva gjer me då? Jo, då seier styresmaktene at svaret er healthtech. Helseteknologi. Men det hjelper ikkje med helseteknologi viss alle må snakke bokmål, forklarar Aslak Sira Myhre.
DET VAR IKKJE EIN SPØK
– Men altså, 10 år som nasjonalbibliotekar? Har du gjort opp status?
– Det har gått jækla fort, men eg kan jo gjere opp status no, kan eg ikkje det? For eg har jo tenkt litt på det, seier han med eit smil, og gjer det klart at då ein hovudjeger spurde om han kunne tenkje seg å søkje, så trudde han det var ein spøk. Han visste lite om Nasjonalbiblioteket, så det blei mykje førebuing før han gjekk til jobbintervju.
– Slik eg hugsar det, så peika eg på tre felt der eg meinte at Nasjonalbiblioteket kunne gjere noko med Nasjonalbiblioteket. Det eine var forholdet til folkebiblioteka og utvikling av dei rundt om i landet. Her meinte eg at ein burde ta ei meir aktiv rolle for å utvikle det nye mandatet til folkebiblioteket, som etter mitt syn var å vere møteplass, debattarena, og ikkje minst ein kulturarena, eit slags litteraturhus, om du vil. Eg sa korleis eg ville gjere det, mellom anna med å sende ut folk med kompetanse, midlar og alt anna dei trengde.
… som ingen hadde høyrt om …
– Det andre eg sa var at me har eit Nasjonalbibliotek i Oslo som ingen har høyrt om, det er ingen som går her. Me er nøydde til å utvikle Nasjonalbiblioteket til eit intellektuelt senter, til ein plass som folk forheld seg til, og går til både som eit museum for utstillingar og til foredrag og andre typar ting, seier han.
Det tredje punktet han drog fram var at dei var nøydde til å bli ein folkeopplysar, og drive med formidling. Det dei gjer må vere eit tilbod til heile Noreg.
– Me høyrer «nasjonal» i tittelen, og må utvikle den nasjonale formidlinga. Og så må me ha formidling som når ut, vere ein folkeopplysar. Me må få folk til å bli interesserte i alt frå Mellomalderen og fram til vår tid, seier han om jobbintervjuet. Han fekk jobben – vel 40 år ung.
DET HAR GÅTT BRA
– Og desse tre tinga synest eg har gått bra. Det er slett ikkje berre mi forteneste, men utviklinga av folkebiblioteka har me lykkast veldig godt med. I 2019 sette me publikumsrekord i samband med bokåret. Me tangerte rekorden i 2023, me har komme oss opp igjen etter covid! Det er eg stolt av. Me har nådd ut til over 1,5 millionar menneske så langt med formidlingar rundt Landlovjubileet, i tillegg til at det er eit stort nasjonalt jubileum som me har bidrege med å koordinere, fortel han. Så legg han til at dei også har klart å utvikle nettbiblioteket til å ha mellom 20.000 og 30.000 besøkjande kvar dag. Altså unike brukarar. Og enno har dei ikkje ordna radioarkivet skikkeleg. Men no er alle medietypane til stades i Nettbiblioteket, som har vorte staden som forskarar bruker for å få tilgang til sitt historiske materiale.

– Eg vil seie at, om eg skal vere litt «uvestlandsk», så tykkjer eg at det eg såg for meg at Nasjonalbiblioteket kunne få til for ti år sidan, er gjennomført.
– Noko av grunnen til at eg er her framleis er fordi Nasjonalbiblioteket er ein heilt unik institusjon. Vi har ei breidde i arbeidsoppgåvene våre som knapt nokon tilsvarande institusjonar i verda har, så det er framleis utruleg spennande å vera her, seier han – tydeleg stolt og han ser ikkje på noko vis bort frå at det kan bli 10 år til …
FRAMME PÅ TEKNOLOGI
Ifølgje sjefen er Nasjonalbiblioteket ein av dei fremste teknologiaktørane i heile arkiv-, museums- og kultursektoren på kloden. Dei har trena opp kunstig intelligens i ti år. Den næraste samarbeidspartnaren deira på dette feltet er Stanford University Library, midt i Silicon Valley – det fortel mykje.
– Samtidig jobbar me med å skape eit senter for formidling av mellomalderhistoria og sikra dei norske mellomalderkjeldene, seier Sira Myhre og innser at han nok har prosjekt gåande i minst ti år til.
Då han byrja var rundt 350 tilsette i organisasjonen, no det over 500 årsverk og nesten 600 tilsette. Budsjetta nærmar seg ein milliard, det var rundt 450 millionar, då han starta. Dette er ikkje berre pengar til Nasjonalbiblioteket, men også forvaltning av midlar for bibliotek og kultursektoren som Nasjonalbiblioteket har fått ansvaret for.
– Ansvarsområdet vårt veks heile vegen. Fordi me løyser oppgåvene våre godt. Det er flinke folk her. Me får det til. Me har orden i sysakene. Denne veksten har skjedd medan me har gjort til dels store kutt, me veks altså fordi me gjer meir for mindre pengar. Eg veit ikkje om det er vestlandsk, om det er bondefornuft eller kva det motiverer, men me bruker ikkje pengar på tull. Me sparer i administrasjon og leiing. Me bruker ikkje konsulentar i det heile. Og me er ekstremt effektive. Eg dreg til dømes ikkje på kurs, for å seie det sånn, seier nasjonalbibliotekaren.
Og han held fram, nesten utan pause :
– Så når eg skal gjere opp status, så er kanskje tida kommen for ikkje å spurte like raskt mot neste mål heile vegen, men kanskje òg å konsolidere det me har bygd. Men det er så kjedeleg å sjå kva som kunne vore gjort – og ikkje gjere det, så me får sjå. Uansett – det å kunne tilby alt materialet Nasjonalbiblioteket har å by på, alle utstillingane, alle arkiva på nye måtar, gjere det tilgjengeleg for nye generasjonar, det er spennande, det er tilfredsstillande.
Aslak Sira Myhre peikar på at Nasjonalbibliotekets samlingar ikkje berre er det som skjedde for 100 år sidan. Det er ikkje berre gamle radioopptak med Einar Gerhardsen, det er ikkje berre samlingar og radioopptak frå i går. Det er òg avisene frå i fjor. Det er òg kunnskapen om kva som skjedde rundt 22/7, og om korleis me opptredde under covid …
– Dette er òg Nasjonalbibliotekets samling, og det å formidla dette på nye måtar. Det handlar om at du skal ha demokratisk tilgang til kunnskapen om samtida og fortida di. Både for å søkje identitet, altså for å finne kven du er, og kva som gjer at du er den du er. Det å få dette inn i den kunstige intelligensen på nye måtar, eller nettbiblioteket, eller den formidlinga me gjer i skulen, eller på andre vis, er ekstremt viktig. For alternativet er at me gløymer mellomalderhistoria vår. Me hugsar ikkje kvar me kjem frå. Og då blir me og demokratiet vårt sårbart for alle manipulatorar, me mister vår eiga erfaring når me skal forme framtida vår, og det er dramatisk, det må ikkje skje.
LÆRER AV FOTBALL
Kva slags rolle speler redaktørstyrte media i det som no skjer?
– Eg er usikker. Eg likar å kjefte på media, helst når det er sport, rett nok, men … Eg skulle ønskje meg ein medierøyndom der det vart lagt meir vekt på å utdanne og opplyse enn å underhalde. Samtidig så har eg jobba nok i media til å vite at den opplysande og utdannande mediekanalen fort ville tapt i konkurransen med den underhaldande. Og det er jo ikkje berre vond vilje som har ført oss dit me er i dag, og me er jo framleis i barndommen til mange ting, ikkje minst sosiale medium og teknologi.
– Over til noko helt anna – eg oppfatta i det radio- intervjuet at du har lært mykje av fotballen?
– Ja, eg vil faktisk gå endå litt lenger og seia at fotballen enno ikkje har slutta å lære meg ting. Og det synest eg er ganske interessant. Viss det ikkje hadde vore for fotballen, så ville eg nok aldri vorte politikar. For det var ikkje bøkene eg las, eller stilane eg skreiv, som lærte meg å forstå korleis folk tenkte. Eller korleis samfunnet fungerte, eller korleis andre folk hadde det. Det lærte eg i fotballen. Eg var sjenert, og både då og no så likte eg godt å vere åleine, samtidig som eg elskar å vere med folk. Fotballen gav meg den arenaen, lærte meg å vere med andre.
– Då eg vart fotballtrenar, lærte eg noko om meg sjølv. Eg såg jo kor mykje eg hadde lært av dei som trena meg, og ikkje minst dei foreldra som alltid var med, den tryggleiken dei skapte og kva som eventuelt ikkje gjorde det. Og så lærte eg å bli ein betre leiar. Når du skal trene 6-7-8-åringar i fotball, må du vere ekstremt tydeleg og ikkje stille masse spørsmål og tvila. Eg vart meir autoritær som leiar, på ein god måte, trur eg, altså tydelegare, rett og slett, meiner han.
RÅKA DEI UNGE HARDT
Men det å vere trenar for nesten 40 tenåringar i fotball under ein pandemi var opprivande, og gjer at han trur at han forstår meir om korleis pandemien verka på barn og unge enn dei aller fleste.
– Det å vere så tett på desse jentene i ein arena som verken var heim eller skule, men ein plass der du slepper opp – som eigentleg er frisona di, å sjå kor mange, store sår på sjela som vart skapte gjennom den pandemien, ikkje nødvendigvis av pandemien i seg sjølv, men ting som vart tøffare å handtere, ting som elles ville grodd fort, men som vart til opne, blødande sår, gjorde vondt. Det me gjorde med Oslos 14 -åringar i den perioden av livet der dei er aller mest sårbare, aller mest usikre, har aller mest behov for trygge rammer rundt seg, var å gi dei sosiale medium. Det var det einaste dei hadde. Sosiale medium, med alt det som me snakkar om kor jævlig og farleg det er. Det var det me gav dei. I to år! Det kjem til å prege dei generasjonane i tiår framover, det skada, for det handla om det å bli fråteken eit fysisk fellesskap med andre menneske. Den største tabben me gjorde, var å stenge ned skulane. Eg er ikkje medisinsk ekspert, eg er ikkje pandemiekspert, eg vil ikkje dømme nokon, men eg er ganske sikker på at det å stenge skulane og idrett for ungdom var feil. At den kostnaden som me framleis slit med er verre enn det pandemien ville påført oss. Det er eg sikker på, sjølv om eg og forstår kvifor dei gjorde det, seier Aslak Sira Myhre om sin tyngste periode som fotballtrenar.
LAGAR TRYGGLEIK – I P2-intervjuet la eg merke til noko anna og interessant då du snakka om korleis du organiserte bilkøyringa til bortekampane og korleis du roterte og aldri toppa laget?
– Om du skal på handballkamp, fotballkamp, hyttetur, klassetur – tenk deg den kjensla av å ikkje få nokon med i bilen med mor di, eller at du ikkje får sitja på med nokon og må køyre med trenaren. Eg kjenner kjensla på kroppen. Eg veit at det er det å gå til noko som skal vere kjekt, og vere redd for at du blir oversett gjer vondt. Ungar er ikkje tamme og dei tek ikkje omsyn. Naturleg nok. Det betyr at dei må lære å ta omsyn. Og det er ditt ansvar som forelder, og det er ditt ansvar som trenar. Frå starten av sikra eg at det alltid er nok bilar, så bestemmer eg kvar dei skal sitje. Og så roterer eg, sikrar at dei ikkje sit i gjengar. Ja, det er pedantisk, sånn barnehagelæreraktige ting, men det å vite at sånn er det kvar gong, kvar einaste gong, og alle veit det, men det er ein liten ting som gjer i alle fall den situasjonen trygg, seier tobarnspappaen, som var like nøye på å rotere spelarar på laget.
– Me toppa aldri laget, alle fekk spela og i dag gjer det meg glad å registrere at jenter, som ikkje var blant dei beste som 14-åringar, no spelar på A-laget til Korsvoll og er blant dei beste, seier trenaren, som med glede og stoltheit – har registrert at mange av rutinane som kom i hans tid som trenar, framleis gjeld for aldersbestemte lag i klubben.
STØTTAR VAR, SOM STØTTE
– Før me gir oss er me nøydde til å innom éin ting til, sidan dette er midt under fotball- EM. Kva meiner du om VAR!
– Vel, VAR sånn som me ser det no, er eigentleg eitt av dei store spørsmåla om utvikling av det menneskelege samfunnet sett på spissen. Det er ikkje menneske som dømmer, dette er gjort med kunstig intelligens og trianguleringar og algoritmar. Det er altså perfekt! Anten må fotballen halde fram den vegen der, og dommaren vil etter kvart eigentleg berre bli ein slags «caretaker», som får impulsar i øyret frå datamaskina. Då er det menneskelege aspektet erstatta av ei maskin. Det andre alternativet er å akseptere menneskelege feil. Då må du avgrense kva VAR skal bestemme. Og seia at me veit at maskina kunne gjort dette perfekt, men me er ikkje interesserte i perfeksjonen, for den verdien fotballen har for oss, ligg i det menneskelege og dei menneskelege feila, seier den tidlegare fotballkommentatoren. Han meiner at supporterhetsen av VAR som me no ser liknar på den gamle dommarhetsen, og meiner denne diskusjonen må opp på eit filosofisk nivå.
– For det er der me er no. Kva er det me vil ha? Og me kan ikkje få begge delar. Du får ikkje perfekt avgjerd. Eg meiner me skal bruke «VAR» som eit hjelpemiddel, der dommarane bestemmer, eg trur det vil fungere. I hovudet mitt handlar det om det ei mållinje der ballen er ute eller inne, kast, hjørnespark, mål og så må me bestemme oss fort om det skal tag offside. Hands, straffe og kva som skjedde fire trekk før mplet må dommaren ta seg av. VAR må heller ta alle det ulovlege som skjer innanfor 16. meteren, for der gjeld visst ikkje fotballreglane no. Bruk VAR der, sei at me vil ha slutt på den driten der, viss me ser holding i drakta, viss me ser nedriving, så er det straffe og utvising kVAR gong. Det ville teke tre serierundar i Eliteserien, og ingen ville halde i trøya meir, trur Aslak Sira Myhre.
Og korleis gjekk det med NBWhisper? Jo, testen er gjennomført og systemet forstår både siddis og sognamaol, i alle fall langt på veg. (©NPK)
