25. juli 2026

:NAMN: «Eg trudde alltid at Bergen var ein stor by, men ein går jo gjennom heile driten på ti minutt.»

Av

Heidi Molstad Andresen
Heidi Molstad Andresen

Vidar Hodnekvam trudde lenge det ikkje var plass til ein raudhåra jævelunge frå strilelandet i det norske humoruniverset. No har han straks premiere på sin nye overlevingsguide for griseslitne småbarnsforeldre.

– Det er skilnad på vestlands- og austlandshumor. Eller. Eigentleg skil vel humoren på Austlandet seg frå heile resten av landet.

Vidar Hodnekvam (41) vrir seg i stolen. Sjølv er han frå Røsvikdalen i Knarvik, men bur på Kolsås i Bærum. Den 19. januar har han premiere i Stavanger på soloshowet «Pappalivet – en overlevelsesguide», der han deler raust frå livet som sliten og tidvis mållaus småbarnsfar. Etterpå står Latter i Oslo for tur, før ei rekkje byar i både aust og vest og nord får besøk.

– Austlendingane fortel kanskje oftare historier der dei er tøffe i trynet og kjem ut som vinnarar. Vestlendingar og nordlendingar fortel historier der dei sjølv kjem dårleg ut. Når bestemor mi hadde gjort noko dumt på butikken og kom heim og skulle fortelje om det, stod ho der med bayonneskinka i hendene og lo så skinka rista. Ho lo av seg sjølv. Og det er jo sjølvironien som er gøy, sant?

EIT STEG OPP

Noregs mest ukjente komikar, har han kalla seg, medan Stand Up Norge har karakterisert han som den mest hardtarbeidande humoristen i landet. Heilt sidan Hodnekvam var tenåring har han jobba for å få oss til å le. Som tekstforfattar og regissør – og som standup'ar på scener, radio og tv.

Under Komiprisen i 2016 vart han endåtil nominert til Årets stand-up-komikar av bransjen sjølv. Likevel er det framleis mange som ikkje veit kven han er.

– Dei fleste som har jobba så lenge som meg, er vel blitt meir kjente. Eg har vore meir ein arbeidshest, konstaterer Hodnekvam nøkternt og rufsar seg i luesveisen.

– Men med «Pappalivet» risikerer du å slå igjennom – i ein alder av 41 år?

– Haha. Ja, dette er vel eit steg opp. Showet har førehandsselt eit par tusen billettar allereie, og det er første gong eg har opplevd. Eg syns det er fint eg, at det kan skje når ein har halde på ei stund. Det finst sjølvsagt unike og heilt eksepsjonelle talent i stand up også, slik som Jonis som nærast slo gjennom over natta. Men for dei fleste tek det tid å bygge seg opp.

LÅGT NIVÅ

Vidar Hodnekvam var ein slik ein som såg «Den spanske fluge» med Øyvind Blunch om att og om att på VHS då han var liten. Han digga mjølkereklamane på TV 2 og drøymde om å bli reklametekstforfattar, sjølv om det var humoren han eigentleg var interessert i. Trass i at han på vidaregåande fann mykje større glede i å levere inn vitsar om Karl Marx enn oppgåver om ideologien hans, slo det han ikkje, at humoruniverset kanskje hadde plass til Vidar Hodnekvam frå Knarvik.

– Eg visste ikkje at det fanst noko slikt som standup på lågt nivå. For meg var stand up anten Anne-Kat. Hærland eller Seinfeld eller Eddie Murphy, og i Bergen fekk me jo heller ikkje ei fast stand-up-scene før Riks kom i 2005.

Då han endeleg debuterte der i 2007, var han var så nervøs at han måtte skrive «Hei, eg heiter Vidar Hodnekvam» øvst på setlista.

– Det var stort sett berre vener av meg i salen, og då den første latteren omsider kom, blei eg så forfjamsa at eg hoppa over dei neste fire minutta med materiale. Eg kan framleis hugse at eg skalv så mykje i venstrebeinet at skjorta, og arket eg heldt i handa, blafra.

FLYTTEBEEF

Etter nokre år i Bergen tok Hodnekvam mot til seg og stilte på open scene på klubben på Latter i Oslo. Tilfellet ville at mange av dei som driv med booking i humorbransjen var der den kvelden og at Vidar leverte så latteren small mellom murveggane. Plutseleg rann det inn med jobbar.

Så mange, at han tenkte at no, no kan eg kanskje flytte til Oslo.

Sidan har han berre vore vestover på besøk. Og sjølv om kona er frå Bergen, pratar gutane hans, som no er blitt seks og åtte år, austlandsmål.

– Fleire komikarar frå Vestlandet har fått tyn for å flytte og blitt skulda for å miste brodden når dei kjem til Oslo?

– Ja, ja. Christoffer (Schjelderup, red.anm) tøysa litt og kalla oss for svikarar. Og dei fleste har jo flytta, så slik sett bør Christoffer vere happy. Han er det einaste som er att og har ingen konkurranse. No kan han ta brodden sin og sitte der aleine i Bergen.

Hodnekvam gliser.

– Eg trudde alltid at Bergen var ein stor by, men ein går jo gjennom heile driten på ti minutt. Oslo er ikkje berre mykje større og med ei meir variert befolkning – men i løpet av eit par timar kan ein jo vere på jobb i ein heil haug med andre byar også.

FOR KUL FOR KNARVIK

Sjølv har Hodnekvam opptredd i dei minste avkrokar og på båt og tog og bybanar og i minibussar. Ved sida av har han sjonglert alt frå manneshow på Viasat 4 til sitt eige «VHS» på VGTV, i tillegg til å skrive for andre.

– Alt eg gjer handlar om humor, og eg trivst med å ha fleire bein og stå på og å jobbe med temaet frå ulike innfallsvinklar. No har eg akkurat skrive for programmet «Skinnet bedrar» på TVNorge. Der er Ronny Brede Aase programleiar, så då fekk eg endeleg skrive nynorsk att.

– Er du ironisk no?

– Neinei, eg hadde jo nynorsk som hovudmål i alle år! Med det sagt, knotar eg veldig når eg pratar. I åttande fekk me ein ny kis i klassen i Knarvik: Stig, frå Åsane i Bergen. Han stod på pallen i breakdance og var alt for kul for oss. Det øydela også dialekten vår – for snart prata heile klassen bergensk.

Han ristar på hovudet.

– Eg snakkar framleis bergensk i Bergen. Men med morfar pratar eg sjølvsagt skikkeleg stril.

I FLYTSONA

Den første versjonen av «Pappalivet» skreiv han i 2020, då landet var nedstengt og det var covid og Trump i alle kanalar. Dei einaste impulsane han fekk, var dei han fekk heime – av gutane som då var tre og fire år.

Det var den gongen han oppdaga at treåringen berre treng tre klikk på telefonen til far for å publisere mamma i dusjen live på Facebook. Den gongen han innsåg at han sjølv kunne rakne av mangelen på kjøkkenfrontar. Ja, det var også då han skjønte at svigerforeldre aldri sponsar spa på slitne foreldre utan baktankar. Det er difor ein alltid gjer lurt i å ta med seg kondom.

Sidan har han flikka og pussa og trekt frå og lagt til, ettersom han spelte stykket og fekk respons frå publikum. Samla har truleg rundt fem tusen sett dei tidlegare versjonane. No skal han turnere til uti mai.

– Eg trur utviklinga av dette showet har gjort meg til ein betre komikar. Når du jobbar og merkar at shit, her har eg flyt, og så greie å halde på den … Det har vore ei artig reise.

Det er sjølvsagt ikkje berre fedrar som er potensielt publikum for Hodnekvam sin overlevingsguide. Unge karar som enno ikkje har formeira seg er også i målgruppa – saman med alle oss som har ein far eller er saman med ein.

Det er det som er nøkkelen i humor, seier Hodnekvam – å finne fram til historiene alle kan kjenne seg att i.

Det første store soloshowet han nokon gong skreiv, «Oppvekst», handla sjølvsagt om det å vekse opp som raudhåra jævelunge på strilelandet. Men det handla aller mest om å vekse opp. Det å ikkje ha peiling, aldri kome seg nokon plass og alltid bli hersa med og feilinformert av dei eldre, er ganske så universelt, påpeiker han.

Og som vestlending, er det altså alltid seg sjølv han køddar mest med:

– Når du omtaler andre, må det gjerast med ein visst respekt. Gutane mine har sett showet, slik at dei skal forstå at folk ikkje ler av dei, men at dei er med i ei morosam historie. Dei syntest det var kjempestas.

KLIKKAGN

Han legg kjapt til at han synest det er mykje verre å legge ut pinlege bilete av ungane sine i sosiale medium. Det har han aldri gjort. Fram til nyleg har han knapt lagt ut noko av seg sjølv der heller, men no har han – litt motvillig – begynt å dele snuttar av ting han har laga. Det har betalt seg i form av mange hundre tusen klikk og ei uvant form for merksemd:

– No får eg til og med meldingar frå ukjente. Rett over nyttår sa læraren til den eine gutungen at ho ville snakke litt med meg. Eg har jo dårleg erfaring med at lærarar seier akkurat det, haha, men så var det berre det at dotter hennar likar å gje opplevingar i julegåve. I år hadde ho fått billettar til showet mitt, og dottera ante ikkje at eg var far til ein i klassen. Så no får eg altså ein lærar på første rad. Eg må kanskje ta med eit eple?

– Kva slags karrieremål har ein komikar?

– Målet er å ha ei karriere – så lenge at ungane mine – viss dei vil – kan ta seg ein whisky når dei kjem og ser meg. Du er jo alltid berre så gøy som den siste opptredinga di.

(©NPK)

Bilete: 8hXvmwm72LEPÅ PLAKATEN: Etter premieren i Stavanger og nypremiere på Latter i Oslo skal Vidar Hodnekvam på turne til alle dei største – og ein del av dei mindre – byane i landet. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: vcDzzdcIhtAEIT STEG OPP: –Dei fleste som har jobba så lenge som meg, er vel blitt meir kjente, konstaterer Vidar Hodnekvam. Med «Pappalivet» risikerer han å slå igjennom – i ein alder av 41 år. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: YVmVPjmjqqMFAMLA SEG FRAM: Då han debuterte på Ricks i Bergen i 2007, var han var så nervøs at han måtte skrive «Hei, eg heiter Vidar Hodnekvam» øvst på setlista. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: Vv_yjHi9mK8BYBESØK: Etter Oslo ventar mellom anna Bergen, Trondheim, Ålesund og Kristiandsand, med fleire framsyningar på fleire av plassane. Turneen varar til mai. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: SFAJfC7DCrQUT AV BOBLA: Den første versjonen av «Pappalivet» skreiv Hodnekvam i 2020, då landet var nedstengt og det var covid og Trump i alle kanalar. Dei einaste humoristiske impulsane han fekk, var dei han fekk heime – av gutane sine, som den gongen var tre og fire år. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: b6ddDqZOZyoSAME SKITEN: Det første store soloshowet Vidar Hodnekvam skreiv, «Oppvekst», handla sjølvsagt om å vekse opp som raudhåra jævelunge på strilelandet. Men det handla aller mest om å ikkje ha peiling, aldri kome seg nokon plass og alltid bli hersa med av dei eldre. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: 11mFbw5yPmUEIT STEG OPP: –Dei fleste som har jobba så lenge som meg, er vel blitt meir kjente, konstaterer Vidar Hodnekvam. Med «Pappalivet» risikerer han å slå igjennom – i ein alder av 41 år. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPKBilete: EMrdu7jXZu4UT AV BOBLA: Den første versjonen av «Pappalivet» skreiv Hodnekvam i 2020, då landet var nedstengt og det var covid og Trump i alle kanalar. Dei einaste humoristiske impulsane han fekk, var dei han fekk heime – av gutane sine, som den gongen var tre og fire år. Foto: Heidi Molstad A