Inne i eit «hemmeleg» rom i skrivebordet til forfattar Arne Garborg i heimen hans på Labråten i Asker, ligg det ein liten revolver. Våpenet vart kjøpt då diktarhøvdingen frykta for livet sitt i Paris i 1886.

Jærbuen Arne Garborg budde store delar av livet i semi-urbane omgivnader på Labråten. I år er det 100 år sidan diktaren gjekk bort. Eigedommen er i dag ein del av Asker museum, og museumsstyrar Fredrikke Hegnar von Ubisch tek oss med opp i det kombinerte arbeids- og soverommet til Garborg.
Inne i skatollet på skrivebordet er det eit lite rom ein ikkje ser ved første augekast. Her ligg revolveren diktaren kjøpte i den franske hovudstaden. Det skjedde i 1886, då Garborg var på ei stipendreise. Paris var prega av grov valdskriminalitet og mange drap i denne perioden og Garborg var rett og slett redd for livet sitt. Så redd at han ikkje fekk sove om natta.
FULLE AV LIK OG BLOD
Slik skildrar han det sjølv i reisebrevet «Soveraader, sendt frå Paris og trykt som følgjetong i avisa Fedraheimen 13.–20. februar 1886. Seinare har Garborgsenteret på Jæren gitt ut «Soveraader» på nytt.
«I dei siste åtte dagane har dei hatt det med å slå kvarandre i hel. Det var eit nytt mord kvar dag, og stundom vel så det, og alle blad var fulle av lik og blod og knivar og styggedom.»

Ikkje så rart, kanskje, at den elles så fredsæle nordmannen fann det naudsynt å gå til innkjøp av eit våpen han kunne forsvare seg med. Så vidt ein veit fekk han aldri bruk for den vesle revolveren.
– Det var forresten to kunstnarvener, målarane Kitty Kielland og Harriet Backer som var med han i våpenforretninga for å kjøpe våpenet. Dei var begge busette i Paris i perioden då Garborg var der, og han var mykje saman med dei under opphaldet, fortel museumsstyraren.
Fredrikke Hegnar von Ubisch fortrur oss at ho ikkje likar så godt å markere jubileum for dødsfall, men at dei likevel vil ha ein del Garborg-markeringar i 2024 ved Asker museum.
MÅLKROKEN
Arne Garborg var alt ein etablert forfattar og omsetjar då han saman med Hulda og sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg, som vart kalla Tuften, flytta til Asker, etter invitasjon frå venene Marta og Rasmus Steinsvik, som også budde like ved. Snart vart Labråten ein samlingsstad for det som seinare fekk namnet «Asker-kretsen».
Naboane på Hvalstad gav også området namnet Målkroken, fordi det var mange nynorskfolk, eller landsmålsfolk som dei sa den gongen, som budde der.

Dette vesle og skiftande miljøet med Labråten som samlingsstad bygde på den riksdekkjande landsmålsavisa Den 17de Mai og Det Norske Teatret, dei reetablerte også folkedans og bunadtradisjonen. Dessutan sette dei i verk ei rad større omsetjingsprosjekt av storverk, frå Homer til Holberg, til nynorsk.
VAKS OPP PÅ JÆREN
Arne Garborg, som eigentleg var fødd Aadne Eivindsson, vaks opp på ein typisk jærgard. Han var odelsgut, men det vart tidleg klart for han at han ikkje skulle ta over garden. Faren utvikla seg til å bli ein fanatisk pietist med eit svart syn på livet, der det meste vart rekna som synd. Han tok også sonen ut av skulen av den grunn.
Faren tok livet sitt då Arne var 17 år gammal. Hulda Garborg meinte at Arne bar på ei skuldkjensle for dette sjølvmordet heile livet. Andre meiner at han fekk «fred» då han skreiv romanen Fred.
Barndomsheimen er skildra i fleire av bøkene hans, blant anna i Bondestudentar (1883), Fred (1892), Haugtussa (1895), Den burtkomne Faderen (1899) og Knudaheibrev (1904).
EIN FRITENKJAR
– Med den bakgrunnen er det nesten rart at Arne Garborg ikkje møtte fanatismen med ei ny fanatisme. Men han handterer dei vonde opplevingane ved at det kjem gode bøker av det. Han klarer å undre seg over desse tinga i staden. Han var ein sann fritenkjar. Men då han sa frå seg odelen og forlèt Jæren 16 år gammal, sa han at han flytta frå det svarte fastland, seier Fredrikke Hegnar von Ubisch.
Ho legg til at Arne Garborg hadde ein god barndom, heilt til faren vart ramma av det han kalla svartsjuka.
Fredrikke Hegnar von Ubisch snakkar varmt om vidsynet og toleransen til Garborg, men på eitt punkt hadde han ei lita kortslutning. Det gjaldt språket til sonen «Tuften». Diktaren likte dårleg at han snakka Asker-dialekt, slik dei andre borna i området gjorde. Det likna litt for mykje på riksmål, meinte Garborg.
– Han likte dårleg det riksmålsnære språket til sonen, men då måtte Hulda gripe inn. Ho sette hardt mot hardt og ho trua med å flytte ut, om han ikkje gav seg med å kritisere talemålet til Tuften. Då kom Garborg til fornuft, og far og son fekk eit godt forhold igjen, fortel ho.
FÅ LIKEMENN
Nokre hevdar at Garborg har få likemenn når det gjeld forfattarskap.
– Normalt sett har ein ikkje 100 årsmarkeringar for dødsår. Men me synest likevel det er verdt å markera , seier Inger Undheim, leiar ved Garborgsenteret på Bryne, til Nynorsk pressekontor i samband med 100-årsmarkeringa.
Arne Garborg døydde 14. januar 2024, knapt 73 år gammal. Litteraturfestivalen Garborgdagar går av stabelen kvart år på Bryne i tida 14. til 25. januar – som er døds- og fødselsdagen til jærforfattaren. Men i høve den spesielle samanhengen, som Undheim kallar eit «Garborg-år», blir det både eit vidare og breiare program i år.
KVEN STAL TRESKORNE?
Det fyrste arrangementet under litteraturfestivalen ei stille markering av forfattaren i skrivestova hans i Knudaheio på Undheim, eit lite stykke utanfor Bryne.
– Men så blir det ei veke med mykje gildt, lovar leiaren for Garborgsenteret.

Mellom anna opnar det ei ny utstilling på senteret som baserer seg på den gongen nokon stal treskorne til Arne Garborg frå stova hans i Knudaheio.
– Treskomysteriet har eg kalla «det fyrste nynorske escape-rommet». Det er ei utstilling der du møter ein fortvilt Arne og kona Hulda. Du må hjelpa dei ved å løysa ei rekke oppgåver for å finna skorne.
– Elles skal me ha både konsertar, føredrag og debattar, seier Undheim.
Det årlege «Min Garborg»-føredraget blir i år halde av direktøren ved Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre.
EIT MÅLTID FOR GARBORGANE
Undheim understrekar at ikkje berre kjem til å handla om Arne Garborg den veka, men også om kona hans, Hulda. I tillegg blir det servert ein femrettars middag på ei lokal kaffi- og vinstove inspirert av rettane i boka hennar «Heimestell», den fyrste nynorske kokeboka.
Det blir også høve til å sjå ei utstilling med samtidskunst på det nedlagde Jæren Meieri. Utstillinga er eit samarbeid med Bryne kunstforeining, og Undheim trur det blir ein spennande innfallsvinkel til Garborg og livet hans.
Jærmuseet og Time kommune har dessutan berga den originale inngangsdøra frå barndomsheimen til Arne Garborg. Døra blir no stilt ut på Garborgsenteret. I sommar opnar i tillegg fleire utstillingar både i Garborgheimen og i skrivestova i Knudaheio.
PARALELLAR I NOTIDA
Gjennom litteraturfestivalen og hundreårsmarkeringa ønsker arrangørane av Garborgdagar å vidareføra og aktualisera dei tema forfattaren sjølv var oppteken av då han levde, mellom anna ytrings- og religionsfridom.

Arne Garborg tok eit oppgjer med den strengt pietistiske kristendommen han vaks opp med. I forfattarskapen hans har han brukt fleire av opplevingane sine frå barndoms- og ungdomsåra, mellom anna i verka Fred, Haugtussa og Den burtkomne Faderen.
– Det er stor semje om at Arne Garborg er ein av dei fremste forfattarane våre. Han og Hulda var òg sentrale i forminga av det moderne Noreg, og ein kan enkelt trekka parallellar til dei kampane dei kjempa til våre dagar. Det er sjeldan ein finn ein knagg ein ikkje kan kopla Garborg på, seier Inger Undheim ved Garborgsenteret.
KORT OM GARBORG
* Født 25. januar 1851 som Aadne Eivindsson Garborg i Time kommune på Jæren, død 14. januar 1924 i Asker. Grava ligg i Knudaheio, der skrivestova hans framleis står.
* Forfattar og intellektuell som skreiv på nynorsk (landsmål).
* Skreiv romanar, dikt, skodespel, artiklar, dreiv omsetjingsarbeid og grunnla fleire aviser. Første romanen Ein Fritenkjar kom i 1878. Romanane Bondestudentar (1883), Trætte Mænd (1890) og Fred (1892) er dei viktigaste episke verka.
* Gift med Hulda Bergersen (1962-1934). I tillegg til å vera ein ivrig pådrivar for bruk av norske folkedrakter, var ho òg den fyrste styreformannen av Det Norske Teatret.
(©NPK)
