25. juli 2026

:NAMN: «Då eg las Fosse si novelle forstod eg at her var det noko heilt anna på gang enn det eg kunne få til»

Av

  • Tore Renberg: Naustet

– I skarp konkurranse med «Morgon og kveld», vel eg å peike på romanen eg oppdaga Fosse med. Eg las boka oppunder juletider i 1992 og visste nær sagt ikkje mi arme råd, så sterkt som ho skaka meg. Bølgjer av språk, bølgjer av minne, bølgjer av uro, bølgjer av lengt i ei bølgje av eit svulmande akutt no; alt bore eigenrådig og fengjande fram i eit superlitterært språk. Det er «Naustet». Eg går ikkje ut lenger, ei uro er komen over meg, og eg går ikkje ut. Bravo, Jon! Eg var ein ung mann den gongen, holsvolten på litteratur; det var godt å ha dette i ryggen då ein skulle stake ut sin eigen skrivande kurs. Ein kjende det så godt, kva den gode litteraturen kan gjere med – og for – oss.

  • Aina Basso: Morgon og kveld

Eg har lese Jon Fosse i mange år, og kunne trekt fram fleire av bøkene hans, mellom anna den fantastiske "Septologien". Men den Fosse-boka som har gjort aller sterkast inntrykk på meg, er og blir "Morgon og kveld", om den gamle fiskaren Johannes som går døden i møte på vakkert og stillferdig vis, skrive fram i Jon Fosses karakteristiske rytmiske og nærmast suggererande språk. Eg blei overrumpla av denne vesle, store boka første gongen eg las ho, for seksten år sidan, og overraska meg sjølv med å gråte veldig av slutten. Eg tilrår alltid folk å starte med "Morgon og kveld", om dei ikkje har lese Jon Fosse før.

  • Marie Aubert: Morgon og kveld
Marie Aubert. Foto: NTB
Marie Aubert

– «Morgon og kveld» er ei lita, tynn bok, der vi i første del møter hovudpersonen Johannes den dagen han blir fødd, og i andre del den dagen han døyr. Det er ein merkeleg og veldig vakker roman; kvardagsleg og metafysisk, enkel og storslått. Lett å lese – og vanskeleg å gløyme.

  • Brit Bildøen: Hundemanuskripta
Brit Bildøen. Foto:NTB
Brit Bildøen

Eg har lese mange Fosse-favorittar, og ein av dei er "Hundemanuskripta". Det er ei samling av tre barnebøker som først kom ut med titlane "Nei å nei", "Du å du" og "Fy å fy". Eg vil kalle dei barnebøker for vaksne. I ein underfundig tone fortel Fosse om hunden Webster som lever eit sutlaust liv saman med ei gammal dame, mens han drøymer om eit liv i villmarka. Han gir oss den aldrande hunden Olaf, som bur aleine i eit naust, og Hektor, som er skipshund på ei frakteskute. I desse bøkene får vi eit sjeldant møte med humoristen Jon Fosse. Hundemanuskripta eignar seg godt til opplesing. Vaksne kan lese bøkene for barn. Barn kan lese dei for vaksne. Og vaksne kan lese dei for vaksne.

  • Brynjulf Jung Tjønn: Andvake
Brynjulf Jung Tjønn. Foto:NTB
Brynjulf Jung Tjønn

– I mange år hadde eg tenkt å lese Jon Fosse, og då eg ein dag i 2007 plukka opp Andvake, las eg boka i eitt strekk. Eg blei umiddelbart fengsla av det rytmiske og musikalske språket pakka inn i vestlandsk scenografi. Og sjølv om forteljinga var enkel, var det likevel noko mystisk og dramatisk som låg der og som løfta det heile opp til noko større. Og det er litt slik det er med litteraturen til Fosse; det kan vere både enkelt og stort på same tid.

  • Erna Osland: Prosa frå ein oppvekst
Erna Osland. Foto:NTB
Erna Osland

– Mi favorittbok er «Prosa frå ein oppvekst». Ho har vore det lenge, og har med arbeidet mitt som skrivelærar å gjere. I denne boka syner Fosse unge lesarar, og skrivarar, at liva våre er spennande og fine utan amerikanske filmplott. Dei små tekstane er kvardagslege, nære, sterke og gode. På alle vis. Er så glad for at ho er kommen ut på nytt no. Denne boka burde vere i alle klasserom! Ho er ei dør, eller eit vindauga kanskje – boka er jo så lita – inn til eit stort forfattarskap. Og ikkje minst: Ho er ei oppfordring til unge om å undre seg over, glede seg over – og å skrive om eige liv. Hurra for unge Fosse!

  • Linda Eide: Septologien
Linda Eide. Foto:NTB
Linda Eide

– Det beste eg har lese av Fosse, som eg garantert vil lesa om att, er romanserien Septologien, som inneheld dei tre bøkene «Det andre namnet» (2019), «Eg er ein annan» (2020) og «Eit nytt namn» (2021). Teksten flyt av garde og eg heng med, som i ein film, som ikkje går så sakte som folk skal ha det til, men som tvert imot har den farten me antakeleg er meint å skulle leva i, og med. Teksten er lett tilgjengeleg. Alt som står der er klinkande klart, sagt med enkle ord. Og eg veit at om eg les den fleire gonger vil eg oppdaga stadig nye ting og få stadig nye tankar.

Dersom eg skulle tilrå ei bok for den som ikkje vil ha så mange sider og så mykje kontemplasjon, blir det «Prosa frå ein oppvekst». Korte forteljingar, stundom berre fire linjer. Lite gjentakingar, morosame, interessant og rørande tekstar.

Om ein ynskjer seg ein pageturnar, ville eg gått for «Stengd gitar». Frå side ein til siste slutt lurer du på korleis dette skal enda.

Og vil ein høyra noko heilt anna ville eg – også som vaksen – høyrt den kjende svenske skodespelaren Reine Brynollfsson lesa «Hundmanuskripten». Jon Fosse for barn, på svensk. Ingen les Fosse som Anderz Eide, men ein svensk avstikkar må det vera lov å ta seg.

 

  • Camara Lundestad Joof: Dikt i samling

– Det var poesien som var min inngang til Fosse-universet. Eg las diktet «Fordømming» som 19-åring og hugsar det så å seie ordrett 16 år etterpå. Eg skulle lese det høgt på «Lunsj og lyrikk» på Det Norske Teatret, og brukte fleire timar på å grave meg ned i botnen av det saman med Ola Bø og Kai Johnsen. Eg hugsar at dei var usamde i den, kanskje ungdommelege, tolkinga mi av innhaldet, men det hadde ikkje noko å seie. Det er plass til både 19-åringar og 60-åringar i tekstane til Fosse.

Slik er første delen av diktet:

«alltid, når det er morgon, kjem eit ansikt utydelig fram føre meg i si gamle krumma tilsidesette skaping eit gammalt ansikt, eit ansikt eg aldri kjem meg bort i frå eit ansikt i skuggen får enda eit ansikt har gjort meg om til min eigen lagnad»

«Fordømming» stod første gong på trykk i samlinga «Nye dikt» frå 1997.

 

  • Frode Grytten: Kvitleik
Frode Grytten. Foto:NTB
Frode Grytten

– Noko skal ein jo skryte av, og eg kan skryte av at eg må vere ein av dei som har lese Jon Fosse lengst. I 1981 vann Fosse-guten ein novellekonkurranse i avisa Studvest, med ein tekst kalla «Han». Det kom inn 16 bidrag til konkurransen, blant dei ei novelle av Frode Grytten. Eg er ikkje sikker, men eg trur eg sende inn eit bidrag eg òg, og då eg las Fosse si novelle forstod eg at her var det noko heilt anna på gang enn det eg kunne få til. Sidan har eg lese han med stort alvor og stor glede, nesten alt han har skrive, og kanskje kan eg trekke fram den siste romanen, «Kvitleik», som også har si søster i sceneversjonen. Det er ei lita forteljing, om ein mann inne i ein skog, om snø og ein bil som blir fanga i det kvite, ei lita forteljing om dei store spørsmåla, slik det alltid er hos Fosse, han rotar rundt i det vesle, men på så kompetent vis at det utvidar seg, han kastar ein liten stein ut i vatnet, og det blir til ringar som breier seg utover, eller han jobbar seg innover, som i «Kvitleik», inn i den svarte skogen, som snøen langsamt gjer kvit og farleg, snøen som gjer den tette skogen til frost og kulde og død.

 

  • Agnes Ravatn: Prosa frå ein oppvekst
Agnes Ravatn. Foto: NTB
Agnes Ravatn

– Sjølv om eg eigentleg har ein forkjærleik for den ulmande, ubehagelege, nesten thriller-aktige Fosse, kjend frå til dømes «Nokon kjem til å kome» og «Andvake», så vel eg å framheve boka med den forsiktige tittelen «Prosa frå ein oppvekst» – særleg til nye Fosse-lesarar som uroar seg for at Fosse er vanskeleg tilgjengeleg. Dei små korttekstane i denne boka er enkle og universelle, nokre er triste og mørke, andre rett og slett søte, og dei fleste både underlege og attkjennelege.

  • Anders Totland: Andvake-trilogien
Anders Totland. Foto:NTB
Anders Totland

– Det er utruleg stor stas at ein forfattar som kjem frå det same området som eg bur i, får nobelprisen i litteratur. Tar eg ikkje heilt feil, har han til og med gått på vidaregåande i Øystese samtidig som svigermor mi gjekk der, så verda er ikkje så stor inne i fjordane her. Dessutan har me same redaktør, og det er jo litt artig. Likevel må eg innrømma at eg strengt tatt ikkje har noko spesielt forhold til verken Jon Fosse eller litteraturen hans. Men for nokre år sidan lånte eg Andvake-trilogien av mor mi, og den likte eg såpass godt at eg enno ikkje har levert boka tilbake.

 

  • Erlend O. Nødtvet: Det er Ales
Erlend O. Nødtvet. Foto:NTB
Erlend O. Nødtvet

– For meg er Jon Fosse først og fremst ein poet. Det er dikta og romanane hans eg er mest oppteken av, og i mindre grad dramatikken. Skal eg tilrå noko til nye lesarar, vil det vere romanen «Det er Ales». Det er den boka eg set høgast. Den er eit konsentrat av det som gjer Jon Fosse best. Han greier å skrive fram ein tilstand og stemning i handlinga, der dei døde eksisterer saman med den levande karakteren. Så er der fleire umerkelege overgangar mellom ulike medvit – der han går inn og ut av karakterar gjerne berre i éi setning – og smidige forflyttingar mellom tid og stad. Alt dette er gjort på ein utruleg elegant måte.

 

  • Ragnar Hovland: Morgon og kveld
Ragnar Hovland. Foto:NTB
Ragnar Hovland

– Eg vil omgåande tilrå «Morgon og kveld», som er min favoritt inntil vidare – for eg har ikkje lese Septologien enno. «Morgon og kveld» er veldig morosam. Det er humoristen Jon Fosse på sitt beste. Samstundes er det er jo veldig alvorlege ting, men det er slik at han får alvor og humor til å gli saman. Romanen er lettlesen og lett tilgjengeleg. Så for folk som skal byrje å lese Fosse, trur eg dette er ei bok som vil eigne seg godt.

 

  • Hilde Hagerup: Nokon kjem til å komme
Hilde Hagerup. Foto:NTB
Hilde Hagerup

– Eg las skodespelet «Nokon kjem til å komme» då eg var ung og fersk forfattar. Ho og Han har flytta til eit hus på landet for å vere for seg sjølve. Dei kjenner på seg at nokon kjem til å komme, og nokon kjem. Eg forstod det ikkje heilt, og det uforståelege lika eg så godt. Dialogen mellom Ho og Han, repetisjonane, rytmen og pausane, eg hadde ikkje lese noko som likna tidlegare. Eg las boka som ei dør til språklege moglegheiter. Eg tilrår ho til alle unge skrivande og gratulerer Jon Fosse med Nobelprisen!

(©NPK)

npk@npk.no

  • FAKTA:
  • JON FOSSE (f. 1959) er frå Strandebarm og debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983. Han har sidan skrive over tjue romanar, eit titals lyrikkbøker og like mange barnebøker. Han har i tillegg gjendikta fleire klassiske verk og skrive eit tjuetals skodespel. Fosse er blant dei mest spelte nolevande dramatikarane i verda og teaterstykka hans er omsette frå nynorsk til meir enn 50 språk.  Fosse får Nobelprisen i litteratur for 2023 «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege».