25. juli 2026

Med få ord 12–2024

Av

Dei steinrike blir berre endå rikare

Rikdommen til milliardærane i verda har auka med 121 prosent dei siste ti åra. Det har også vorte fleire, ifølgje ein studie frå sveitsiske UBS. I april 2024 var det 2682 milliardærar globalt, rundt 50 prosent fleire enn i mars 2015, ifølgje studien frå banken. Den samla formuen til milliardærane steig med 121 prosent til 14 000 milliardar amerikanske dollar (tilsvarande nesten 155 000 milliardar norske kroner). Det er ein markant auke samanlikna med indeksen for globale aksjar, som steig med 73 prosent i same periode. I USA har rikdommen til milliardærane vakse jamt og trutt, og det same gjeld i Europa, om enn i litt mindre grad. I Kina var det ein kraftig vekst fram mot 2020 og ein nedgang sidan. Særleg teknologimilliardærar har fått auka rikdommen sin dei siste ti åra, med ei tredobling som følgje av ny teknologi som kunstig intelligens, cybertryggleik og 3D-utskriving. (©NPK)

Mikroplast i Svalbard-regn

Det norske miljødirektoratet slår alarm etter funn av mikroplast frå bildekk i regnet på Svalbard. Nye resultat frå norsk miljøovervaking viser overraskande funn av partiklar, mellom anna frå bildekk, i regnvatn på Svalbard. Forskarar meiner dette ikkje stammar frå bilkøyring på Svalbard, som det er svært lite av, men at det kjem langvegsfrå med lufta, før dei fell ned med nedbør. Desse ørsmå partiklane inneheld skadelege stoff og blir verande lenge i miljøet utan å bli brote ned. Dekk inneheld organiske stoff og tungmetall og det er vist at dekk kan innehalde så mykje som 800 ulike kjemikaliar. (©NPK)

Kjemiske signal tiltrekkjer lakselus

Nofima har avdekte at laks skil ut kjemiske signal som tiltrekkjer lakselus, noko som kan vere avgjerande for å utvikle betre motstand hos oppdrettslaks, skriv selskapet i ei pressemelding. Prosjektet CrispResist, leia av Robinson, samlar forskarar frå fleire land for å forstå kvifor ulike laksearter har ulik motstand mot lakselus. Forskarane har identifisert potensielle luktstoff som påverkar åtferda til lusa og har funne ut at slimet på laksen kan innehalde stoff som tiltrekker lus, men òg som lus blir fråstøytt av. (©NPK)

FN vernar norsk seterkultur

Onsdag 4. desember gir FN Unesco-status til den norske seterkulturen, og blri ført inn på lista over kulturarven i verda. Katharina Sparstad er leiar i foreininga Norsk seterkultur, og har sidan 2018 jobba med å få den norske seterkulturen inn på kulturarvlista. Ho håpar ein plass på Unesco-lista kan styrkje den norske og svenske seterkulturen. – Det vil gjere oss meir synlege, vi vil få meir merksemd, og vi får ei stadfesting om at dette er viktig. Ikkje berre for oss seterbrukarar, men for fellesskapet, seier Sparstad til NRK. (©NPK)

EU opnar for auka jakt på ulv

Dei 49 landa som har slutta seg til Bernkonvensjonen, har vedteke å senke vernestatusen til ulven frå «sterkt beskytta» til berre «beskytta». Representantar frå landa har stemt for eit forslag som vart lagt fram av EU-kommisjonen i september. Formålet er å auke vernet av buskap. Den norske regjeringa har tidlegare varsla at ho støttar forslaget. Gråulven var nesten utrydda i Europa for eit hundreår sidan, men talet har auka mykje og er no oppe i drygt 20.000. Å redusere vernestatusen til «beskytta» tillèt at jakta blir teken opp att under strenge retningslinjer. Kommisjonen som har behandla forslaget, opplyser at endringa trer i kraft om tre månader, med mindre minst ein tredel av medlemmene motset seg dette.(©NPK)

Airbnb-overnattingar auka med 36 prosent

6,4 millionar overnattingar i norske bustader og fritidsbustader vart bestilte gjennom delingsplattformene som Airbnb i 2023. Det var ein auke på 36 prosent.vPer månad vart det i gjennomsnitt bestilt ein halv million overnattingar via delingsplattformer som Airbnb, Booking.com, Expedia og Tripadvisor i 2023, ifølgje eksperimentell statistikk frå Eurostat som SSB refererer frå. – Utleige via delingsplattformer har teke seg opp og overgår no nivåa frå før pandemien, seier rådgivar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå. (©NPK)