25. juli 2026

:MAT: «Næringa gjer difor klokt i å stimulere etterspurnaden og vidareutvikle seiprodukta framover.»

Av

Heidi Molstad Andresen
Heidi Molstad Andresen

I dag kostar ein kilo sei under halvparten så mykje som ein kilo torsk. Det gir ikkje berre norske forbrukarar rimelege middagsråvarer – men krev truleg også ei nyutvikling av både seimarknaden og produkta.

– Prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra, med ein kort periode under pandemien som einaste unnatak. Men prisskilnaden har aldri før vore så stor som han er i dag. No kostar sei godt under halvparten så mykje som torsk. I somme kategoriar er prisen på sei faktisk ein tredel av tilsvarande torskeprodukt, fortel sjefanalytikar hjå Seafood Nordea, Finn-Arne Egeness, til Nynorsk pressekontor.

Prisane har falle både på fersk og fryst sei. Forklaringa er både reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei. Samla har det gjort seien til eit attraktivt alternativ til torsk i dei tronge økonomiske tidene verda er inne i, forklarar Egeness.

Ei kjapp prisundersøking på allematpriser.no 17. januar 2024 synte at Rema1000 sin frosne seifilet blir selt for kroner 76,50 per kilo, medan Meny sel First Price seifilet i blokk til ein kilopris på 74,25 kroner. Til samanlikning kostar både Rema1000 sin frosne torskefilet og First Price-torskefilet 131,25 kroner kiloen.

Klippfisk til Karibia

I 2023 vart det eksportert norsk sei for rekordhøge fire milliardar kroner, trass den svake norske krona. Det var ein auke på ni prosent mot 2022. Sjølve prisen auka med seks prosent.

– Den største kjøparen av norsk sei er klippfiskindustrien, som sel han til marknader i Vest-Afrika, Karibia og Sør-Amerika. Den dominikanske republikk, Republikken Kongo og Brasil er dei aller største marknadene. Men sjølv om mange brasilianske forbrukarar har bytt til klippfisk av sei og eksporten dit auka med 25 prosent i fjor, har voluma totalt sett vore ganske stabile. No når seikvoten har auka, må det difor seljast meir sei som filet, seier Egeness.

Godt forbrukarnytt

At kvotane på både torsk, sei og hyse er venta å bli lågare dei neste åra, vil normalt føre til ein prisoppgang på seien. Men før det skjer, må næringa få tømt dei smekkfulle seilagera dei sit med. Og det er altså dette som no kjem den norske forbrukaren til gode.

– Seifilet har lenge selt godt i både Tyskland, Polen og Tyrkia, medan den andre stader har fleire konkurrentar. I somme land føretrekker dei torsk fordi han er lysare i kjøtet, medan andre vel den russisk- og amerikanskfiska seikonkurrenten Alaska pollock som både er kvitare og billegare enn norsk sei, påpeiker Finn-Arne Egeness.

Trass i at eksporten av norsk seifilet til Sverige og Frankrike har auka, har salet heller ikkje der slått til som forventa, seier han:

– Sjølv om torskekvoten er venta å auke noko i 2026, er situasjonen med låge torskekvotar venta å halde fram i fleire år. Næringa gjer difor klokt i å stimulere etterspurnaden og vidareutvikle seiprodukta framover.

Lokale fiskarar

I Noreg er Rema 1000 ei av kjedene som no satsar på sal av seifilet. Det viser allereie på salstala:

– Frå 2022 til 2023 auka vi salet av sei med 23 prosent, og dei mest selde produkta var frosne og ferske seifiletar. Laks og torsk står framleis for størstedelen av salet, men vi håpar at sei vil stå for ein endå større del etter kvart, seier Martina Rabsch, som er leiar for varekunnskap hjå Rema1000.

Rabsch seier lågpriskjeda også har teke aktive grep for å få fleire kundar til å få auga opp for sei:

– Vi har nyleg oppretta eit samarbeid med 13 lokale fiskarar. Dei fiskar sei med jukse, og fileterer, porsjonerer, djupfryser og transporterer seien til distribusjonslageret vårt berre timar etter at han har vorte fiska. Sei er jo godt for både helsa, lommeboka og miljøet, så vi håper sjølvsagt han blir vanlegare på middagsborda.

(©NPK)

Bilete: Y_iucQFXnbMRIMELEG I DYRTID: Prisane har falle både på fersk og fryst sei. Forklaringa er både reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei. Samla har det gjort seien til eit attraktivt alternativ til torsk. Foto: Noregs sjømatrådBilete: PRENou-0SbUFULLE LAGER: Kvotane på torsk, sei og hyse er venta å bli lågare dei neste åra. Det vil normalt føre til prisoppgang på sei, men før det skjer, må næringa få tømt dei smekkfulle seilagera dei sit med. Det kjem den norske forbrukaren til gode, forklarar Finn-Arne Egeness, som er sjømatanalytikar i Nordea Seafood. Foto: Marius FiskumBilete: 7aq0YzFXbB0ALLE STORLEIKAR: Klippfisk av sei blir eksportert til mange og vidt ulike marknader, og alle storleikane av fisk blir difor nytta. Den minste seien blir selt til Vest-Afrika, mellom-seien til Karibia og den største til Brasil. Foto: Tom Haga / Noregs sjømatrådBilete: dlM8R6-CXxYFARGEFORSKJELLL: Den norske seien er gråare på farga enn både torsk og seikonkurrenten Alaskan Pollock, og smakar

Sei det er servert!ID: 18603974Norsk sei har falle i pris – og er difor spådd ein ny renessanse på middagsborda no i dyrtida. Dette er ei sak med fire oppskrifter med sei. Ho står godt ved sida av saka «Så og sei(e) halv pris». NB: Om de brukar begge sakene saman, kan de godt stryke første og innleiande avsnittet i denne saka (det er repitisjon frå sak 1).NPK – Heidi Molstad Andresen

Det perlegrå kjøtet er magert og svært godt eigna til smaksrik mat, og no har også prisane på norsk sei stupt. Her er fire rimelege rettar.

Reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei har ført til at prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra. I dag kostar sei om lag halvparten så mykje som torsk. Det gjer han til eit attraktivt alternativ på middagsbordet i dyrtida me no er inne i. Her er oppskrifter på fire smakfulle rettar for deg som er klar for nye impulsar i middagskvardagen.

Grove seikaker med kålsalat

Ingrediensar (4 porsjonar)

500 gram seifilet, utan skinn og bein

1,5 ts salt

1,5 dl mjølk

1 ms potetmjøl

0,5 ts pepar

2 ms margarin, flytande

Kålsalat

eit kvart kålhovud

1 gulrot

1,5 dl lettrømme

1 ts sukker

1 ms sitronsaft

kajennepepar

Server med

4 burgarbrød, grove

halv paprika, gul

halv paprika, grøn

ruccolasalat

Slik gjer du

Del fiskefileten i bitar og ha den i foodprosessoren. Ha i salt og køyr til deigen er jamn og seig – det tek berre nokre sekund. Ha i iskald mjølk i ein jamn straum medan maskina går. Ha i potetmjøl og pepar, og eventuelt andre krydder. Form ei lita prøvekake, steik ho og smak om ho er passeleg krydra. Form store flate kaker og steik dei i flytande margarin, cirka 2–3 minutt på kvar side.

Kålsalat

Vask, reins og riv hovudkål og gulrot. Rør saman ein dressing av lettrømme, sukker, sitronsaft og smak til med litt kajennepepar. Bland dressingen godt saman med riven kål og gulrot.

Tilbehøyr

Varm burgarbrød som anbefalt på pakka. Vask, reins og skjer paprika i tynne strimlar. Vask og reins ruccolasalaten. Server seiburgarar i burgarbrødet med kålsalat, paprika og ruccolasalat.

Sei med krema graskarpuré

Ingrediensar (4 porsjonar)

800 gram seifilet, utan skinn og bein

400 gram graskar

2 poteter

1 purreløk

2 gulrot

4 ms olivenolje

150 gram kremost, naturell

300 ml vatn

salt og pepar

grasløk

Slik gjer du

Kutt graskar, potet, gulrot og purre i små bitar. Ha olivenolje og grønsakene i ei gryte. Når dei har fått litt varme, ha i vatnet og kok til bitane er møre. Hell av vatnet og mos grønsakene til ein tjukk krem og tilset kremosten. Smak til med salt og pepar og sett til sides. Ha litt salt og pepar på seifiletane. Om du ønskjer, kan du kutte fisken i porsjonsstykke. Legg seifiletane på grill eller i ei steikjepanne. Ha graskarpureen i botn av tallerken eller serveringsfat. Plasser dei ferdige seifiletane på toppen og pynt med hakka grasløk og litt nykverna pepar.

Sei tandoori med agurksalat

Ingrediensar (4 porsjonar)

700 gram seifilet, utan skinn og bein

4 ms olje

3 ms tandoorikrydder

Agurksalat

1 agurk

1 kvist mynte, frisk

1,5 dl matyoghurt

Server med

nanbrød

Slik gjer du

Del fisken i serveringsstykke og legg stykka på eit fat. Pensle fiskestykka med olje og dryss over tandoorikrydderet. Steik fisken i olje ved middels varme, 2–3 minutt på kvar side.

Agurksalat

Skrell agurk, del i to på langs, ta ut kjernane og skjer i tynne skiver. Vask og finhakk mynte. Bland agurkskiver saman med finhakka mynte og yoghurt. Server sei tandoori med agurksalaten og nanbrød ved sida av. Pynt gjerne med mynteblad.

Fiskegrateng med hot sei

Ingrediensar (4 porsjonar)

800 gram seifilet, utan skinn og bein

5 dl makaroni

nokre loffskiver

1 dl kruspersille, frisk

smør

salt og pepar

Saus

1 fedd kvitløk

2 sjalottløk

100 gram smør

100 gram kveitemjøl

8 dl heilmjølk

6 eggeplommer

3 eggekvitar

1 sitronbåt

kajennepepar

salt og pepar

Tilbehøyr

brød

råkost

Slik gjer du

Set steikomnen på 200 °C. Skjær seifilet i terningar på cirka 2 cm. Kok makaroni som anbefalt på pakka. Varm smør i ei steikjepanne og steik seien i cirka 4 minutt. Smak til med salt og pepar. Ha seien i ei eldfast form, smurt med smør. Riv loff i bitar, og køyr i ein blendar med persille til ein jamn masse.

Saus

Finhakk kvitløk og sjalottløk, og fres i smør i 2–3 minutt. Rør inn kveitemjøl, og spe på med heilmjølk, litt om gongen, under omrøring. Dra sausen av varmen og sett til avkjøling. Pisk inn eggeplomme i den avkjølte sausen. Stivpisk eggekvite og vend inn i sausen. Smak til med safta av sitron, kajennepepar, salt og pepar. Bland den ferdigkokte makaronien i sausen og hell over seien. Dryss over loff- og persilleblandinga, og steik i steikeomnen til toppinga har fått ein gyllen farge, i 15–20 minutt. Server fiskegratengen med brød og råkost.

Kjelde: Noregs sjømatråd/godfisk.no

(©NPK)

heidi.molstad.andresen@npk.noBilete: foSxvaSkNfcSEI DET MED FISK: Grove seikaker med kålsalat. Foto: Studio Dreyer+Hensley / Noregs sjømatrådBilete: Y_iucQFXnbMSÅ OG SEI(E) HALV PRIS: Reduserte torskekvotar, høgare seikvotar og lågare prisar på konkurrerande sei har ført til at prisskilnaden mellom sei og torsk har auka jamt dei siste ti åra. I dag kostar sei om lag halvparten så mykje som torsk. Foto: Noregs sjømatråd