
Heldigvis har ikkje den amerikanske presidenten frå ekstremt ytre høgre klart å kneble dei mange gode satiriske miljøa som no berre auser or ei stri elv av gode satiriske poeng. Det skulle ikkje forundre om Trump kom med presidentordre som tillet berre lojal humor.
Trump klarer det godt på eiga hand, å gjere seg til klovnen over alle klovnar. Ein "narr-sisist" som bablar i veg, tidvis så forvirrande at satirikarar flest må jobbe hardt for å greie ut alle komiske variablar. For det amerikanske samfunnet, og resten av verda, er det tragikomisk, sjølvsagt.
Sjølv innsetjingsdagen 20. januar 2025 var eit utrulig komisk opptrinn på Capitol, med dei amerikanske teknologikapitalistane på rekkje og rad saman med presidentens familiemedlemer på den eine sida, og dei tidlegare presindentane på den andre.
Den situasjonskomiske verdien var fin, tenkte eg då eg likevel bestemte meg for å følgje med på direktesendinga. Rett etter at Trump erklærte starten på ein gullalder for dei sameinte amerikanske statane, kollapsa lydanlegget.
Blant mange små og store komiske figurar bak podiet, med meir eller mindre komisk potensiale, observerte eg dessuten presidenten sin yngsteson Barron Trump, som seinare på dag vart utropt til geni av faren for junior sine smarte digitale bidraget til valsigeren. Og då såg eg med eitt ein komisk likskap mellom den yngste presidentsonen og Rowan Atkinsons udøydelege kongeson "The Black Adder" eller "Svarte Orm" på nynorsk.

Røynde googlarar finn fort ut av dei komiske trådane mellom Svarte Orm og kva den amerikanske presidentens yngste son driv med, eller for den del også dei eldre sønene, i håp om gjere den sjølvopptekne faren nøgd med dei. Det var nemleg tema i første bolk av den engelske "Svarte Orm"-serien.
Eg vedgår hermed at eg humrar godt til den mentalt helande bearbeidinga av det trumpistiske universeret frå ei handfull rappkjefta amerikanske satirikarar og vertar for snakkesjåv. Heldigvis er John Stewart, Jimmy Kimmel, Stephen Colbert, Seth Meyers, Jimmy Fallon, Saturday Night Live-gjengen og dei andre framleis på frifot.
Ikkje minst er britisk-amerikanske John Oliver knakande god på sitt beste. Det er berre å søkje opp på youtube.
Med slike satiriske analytikarar kan ein klare å kome seg gjennom det meste av forvirrande utbrot frå Det kvite hus, der det ovale kontoret i seg sjølv er blitt ei ufrivillig realityscene for stadig nye komiske krumspring.
Berre så tragisk at komikken som utspeler seg, handlar om framferda til verdas mektigaste regime-he-he-he.
