25. juli 2026

/ fjern = syn / «Eg kan ikkje førestilla meg at eg kunne ha arbeidd nokon stader slik eg gjer her»

Av

Nokre høgdemeter over Eidsvatnet i Skjolden fann filosofen Ludwig Wittgenstein «det stille alvoret» han søkte. Foto: Peder Skjelten / NPK
Peder Skjelten
Peder Skjelten

Ein austerriksk filosof fann arbeidsro i Skjolden for over hundre år sidan. No er Ludwig Wittgensteins hus blitt eit pilegrimsmål for filosofiinteresserte.

Ludwig Wittgenstein (1889–1951) var ein av dei største filosofane på 1900-talet. Han påverka logikk og språkfilosofi, og har inspirert Jon Fosse. Hausten 1913 braut den 24 år gamle mannen opp frå det akademiske livet i Cambridge og drog til Noreg for å få ro til å arbeide med filosofien.

Ferda enda inst i Sogn. Der bygde han eit lite hus på ein fjellknaus over Eidsvatnet like ved Skjolden. Huset står i eit bratt og utilgjengeleg terreng og Wittgenstein valde denne staden fordi der ikkje var teikn til verken menneske eller dyr.

«Eg kan ikkje førestilla meg at eg kunne ha arbeidd nokon stader slik eg gjer her. Det er roa og kanskje det vedunderlege landskapet; eg meiner det stille alvoret i landskapet», skreiv filosofen sjølv om staden han hadde funne i Noreg.

Wittgenstein budde der i fem periodar mellom 1913 og 1950, den lengste perioden varte i 18 månader.

Få år etter at filosofen døydde, vart huset hans flytta ned i eit byggjefelt på Skjolden og brukt som eit vanleg bustadhus. I 2019 vart det sett opp att på grunnmurane på fjellknausen. No kan besøkande gå opp stien til huset, lese informasjonsskilt undervegs og bli registrert av ein besøksteljar.

Pilegrimsferd

– Ludwig Wittgenstein var ein spesiell mann med ei spesiell historie, og huset har ei unik plassering. Det er ikkje uvanleg at kunstnarar og filosofar har rekreasjonsplassar – ein stad å vere i fred – men å byggje så utilgjengeleg og på ein så liten stad for å få ro, er spesielt, seier Eli Hansen Moen. Ho er styreleiar i Stiftinga Wittgenstein i Skjolden, som har stått for tilbakeflyttinga av huset.

Eli Hansen Moen framfor huset som har blitt eit pilegrimsmål for filosofiinteresserte. Ho opplever stadig større interesse for Ludwig Wittgensteins norske tilhaldsstad. Foto: Peder Skjelten / NPK
Eli Hansen Moe

Sidan 2019 har interessa for filosofhuset og historia auka både lokalt og internasjonalt. Lokalbefolkninga oppdagar no Wittgensteins betydning, medan utanlandske besøkande gjer pilegrimsreiser hit for å søkje ro og refleksjon i omgjevnadane som Wittgenstein elska.

– I åra etter pandemien har vi hatt ein ti prosents auke i besøkande kvart år. Dei fleste kjem hit på sommarhalvåret, då er det krevjande nok med bar bakke. Vinterstid er den bratte, glatte vegen ikkje mykje brukt. Nokre stoppar tilfeldig langs vegen og oppdagar huset, andre kjem med eit klart mål om å besøkje staden frå utlandet.

Og for nokre betyr det mykje å kome hit.

– Vi har hatt gjester som kom på ei pilegrimsferd. Nokre har kome med familien, men måtte sende dei bort for å gå inn åleine, fordi det betydde så mykje for dei å oppleve staden heilt på eiga hand.

Rikdom var det verste

Wittgenstein-huset og området rundt vart freda av Riksantikvaren i 2022.

– Det er lite interiør i huset for han meinte at der ikkje skulle vere meir enn ein trong. Alt skulle ha ein funksjon og vere av god kvalitet.

Ludwig Wittgenstein var eit multitalent og interessert i mange ting. Filosofien hans er ofte krevjande, samtidig som han sjølv var noko av ein særing, også i samtida si.

Wittgensteins hus står majestetisk i fjellsida over Eidsvatnet. Foto: Peder Skjelten / NPK
Wittggensteinhuset i Skjolden

– Han tenkte, filosoferte og diskuterte mykje, men nesten aldri med kvinner. Han gjekk turar med folk i bygda, men berre dei han følte var på «sitt eige nivå», fortel Hansen Moen.

– Kva er det som gjer at folk vil sjå eit enkelt hus som ein sær, austerriksk filosof budde i for 105 år sidan?

– Det er annleis. Unikt og utilgjengeleg, i motsetnad til så mykje anna i dag. Personleg synest eg det er så fin utsikt herfrå. Og her er fint lys, som er ulikt alt etter kva tid på året det er.

Wittgenstein var fødd inn i ein rik familie, som berre blei rikare etter første verdskrigen, men han kjende det sjølv som ei byrde å arve formuen til faren.

– Han meinte rikdom var det verste som kunne skje. Ein 20 år gammal lokal gut arva huset hans. Han hadde vorte kjend med Wittgenstein då austerrikaren var 24 og han sjølv var 14. Guten vart sjokkert over arven, men syntest at Wittgenstein kunne få bruke huset når han var i Skjolden.

Motsetnader og litt galskap

Knut Olav Åmås kjenner filosofien til Ludwig Wittgenstein betre enn dei fleste. Fritt Ord-direktøren har i 15 år arrangert Wittgenstein-seminaret på Solvorn i Luster, og i fleire tiår skrive bøker om austerrikaren, mellom anna boka «Det stille alvoret» om Wittgensteins tid i Noreg.

– Det var ei stussleg oppleving, seier Knut Olav Åmås, om då han på 90-talet besøkte staden der huset til Wittgenstein hadde stått i Skjolden. Foto: Peder Skjelten / NPK
Åmås

– Det er noko gåtefullt rundt Wittgenstein. Biografien og filosofien hans heng saman og det er ei spennande livshistorie. Han gav vekk heile den enorme arven sin og blei avhengig av å låne frå vennane sine seinare i livet. Så livet hans er full av motsetnadar, og ein dose galskap, seier Åmås til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at filosofien til Wittgenstein består av mange delar, mellom anna logikk, psykologi, språkfilosofi og kulturfilosofi. Det var med språkfilosofien Wittgenstein greidde å endre måten verda såg filosofi på. Og det gjorde han to gongar: først med boka «Tractatus Logico-Philosophicus» i 1921 og så «Filosofiske undersøkelser» i 1953. Begge jobba han med i Skjolden.

Filosof og romantisk kunstnar

Wittgenstein blir ofte trekt fram som ein inspirasjon til diktinga til fleire norske forfattarar, mellom anna Jon Fosse. Åmås seier noko av det beste med filosofien til Wittgenstein, er måten han framstiller han på.

– Wittgenstein var på sitt mest interessante meir som ein forfattar enn ein teknisk filosof. Han skriv då i aforismar og fragment som ville endre lesaren sitt syn på ting. Han såg på seg sjølv som ein romantisk kunstnar, og han ville etterlikne Beethoven.

Tidleg på 90-talet besøkte Knut Olav Åmås staden der huset brukte å stå, men då var berre grunnmuren der.

– Det var ei stussleg oppleving. Det er utruleg at så mykje av huset har blitt teke vare på, og brukt om att på originalstaden. Men det har vore heilt avgjerande med lokal innsats og dugnad for å få til gjenoppbygginga. Det er ingen andre norske bygder som kan skryte på seg å ha ein så sentral verdsfilosof buande der i to år, seier Åmås.

Wittgenstein kom til Skjolden i eit sjølvpålagd eksil frå tilværet i England. Mest av alt søkte han ein stad utan distraksjonar.

– Det han likte med Skjolden var å kunne halde seg til få, ærlege, vanlege menneske. Det er ein del av den spennande historia, at han vaks opp i metropolbyen Wien, studerte i Cambridge – ein av verdas beste universitetsbyar – og så reiste til den vesle staden «ved verdas ende», som vennane hans sa. Resultatet blei at han i alle år sa at han aldri kunne ha jobba betre ein annan stad enn på Skjolden. Han fann det han kalla «det stille alvoret». Det måtehaldne huset hans skapar i dag ein slåande kontrast til dei enorme cruiseskipa som turistane kjem med til bygda Skjolden.

(©NPK)