
Styr unna dersom du er blant dei som ikkje orkar at teateret brukar skjerm som verkemiddel. For i Afterlife på Det Norske Teatret er ikkje skjermen berre eit verkemiddel – ein kan trygt seie at scena har flytta seg over i skjermverda, eller rettare sagt spelverda.
Den som var i tvil, fekk det raskt avklart før framsyninga starta. Når du kjem inn i salen på Scene 3, vert du med ein gong merksam på den enorme skjermen – sikkert fire meter høg og like brei som heile scenerommet. På den lyser Afterlife, skrive med stor, skinnande og litt romantisk-eventyraktig skrift.
Store, drøymande synthteppe fyller rommet med lyd. På kvar side av scena sit Claudia Cox og Tobi Pfeil, duoen bak musikk-, performance- og no teaterprosjektet Afterlife, ved kvar sin naivt-teknologiske arbeidsstasjon. Dei ventar, omtrent som oss i salen, ser litt på skjermen, tek ein slurk av eit krus – heilt til ein animasjonssekvens startar på den store skjermen.
Dei to på scena blir sitjande og sjå på den, slik vi publikum òg gjer. To skikkelsar i eit drøymeliknande lo-fi-landskap. Dei er grovt teikna, røyken frå sigarettane deira glir som olje i vatn.
Dialogen er både privat og filosofisk og slår an tonen for resten av framsyninga.
Etter ei stund flyttar skjermscena seg frå ein rar, trashy planet til ei sandstrand, der to dinosaurar sit: ein Godzilla-aktig gut og ei rosa, Pokémon-søt jente. Samstundes går skodespelarane ut på scena, der rørslene deira blir fanga opp av kamera og overførte til skjermfigurane gjennom motion-capture-teknologi.
Dialogen er sunge, og lydsignalet frå mikrofonane til skodespelarane går gjennom grovt innstilt auto-tune – eit verkemiddel som har vore sentralt i popmusikken heilt sidan Chers Believe for 25 år sidan. Resten av framsyninga er hovudsakleg ein analog/digital teaterlek kring temaa kjærleik, livet, døden og Gud – som her er både gud og spelutviklar.
I enkelte sekvensar, når songen stig heilt opp i det lyse registeret og trykket aukar, oppstår herlege, intense klimaks. Det kjennest godt å oppleve at det står om livet og døden, der nede på teaterscena – og på skjermen. At noko gjeld, sjølv i den virtuelle verda.
Det visuelle er framsyninga si sterkaste side, med sitt sjarmerande, hakkete, nesten nevrotiske lågoppløyselege formspråk.
Det musikalske fungerer lenge, men etter kvart lengtar eg etter eit pusterom frå det monumentale, litt kitschy synthesizer-universet. Det blir som å få servertlitt for mykje søt dessert. Lydsporet kunne hatt godt av eit oppbrot med noko meir gjennomsiktig og sårbart.
Mot slutten tek spelguden heilt over i ein lang rulletekstsekvens, som forklarer alt for mykje og varer alt for lenge. I mine auge står framsyninga godt utan denne filosofiske «disclaimeren».
Med litt sjølvkritisk oppstramming ville alt eg sat att med vore ungdommeleg sjarm og ei livsfilosofi eg langt på veg kan kjøpe.
Afterlife
av Only Slime
Det Norske Teatret
