EUs nye industrisatsing gjer det viktigare at Noreg koplar seg tettare på EU og Europa, meiner NHO-sjef Ole Erik Almlid.
– Det er avgjerande for norsk konkurransekraft at EØS-landa får dei same spelereglane i den indre marknaden, seier Almlid til NTB.
Nyleg la EU-kommisjonen fram sin mykje omtalte Rein energi-pakke (Clean Industrial Deal), der minst 100 milliardar euro, nesten 1200 milliardar kroner, blir stilte til rådvelde for å avkarbonisere industrien og utvikle nye, reine teknologiar.
– Vegskilje
– Vi står ved eit vegskilje, sa EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen då ho presenterte pakken for europeiske bedriftsleiarar i Antwerpen.
Pengane skal komme frå EUs innovasjonsfond, og dessutan frå inntekter frå kvotehandel og bidrag frå medlemslanda.
Det blir også opna for meir statsstøtte.
Pakken skal både sikre konkurransekraft og samtidig gjennomføre den grøne omstillinga. For EU vil ikkje fire ein tøddel på klimamåla, lovar kommisjonen.
I tillegg har EU lagt fram ein plan om kraftige kutt i energiprisane, og dessutan eit forslag å lempe på rapporteringskrava for bedriftene når det gjeld berekraft og miljø.
Sistnemnde har allereie møtt kraftig kritikk frå ei rekke miljøorganisasjonar, som meiner EU gjer knefall for industrien.
Også i EU-parlamentet er det venta heftig debatt når forslaget skal behandlast der.
– Må kople oss tettare på EU
Men forslaga blir hylla av NHO.
For også for Noreg og norsk næringsliv blir Rein energi-pakken svært viktig, meiner Almlid.
– Det er derfor nok ein viktig grunn for å kople oss tettare på EU og Europa, slår han fast.
– EU viser no at dei meiner alvor med å styrkje Europas konkurransekraft og set opp investeringstakten i kraftproduksjon, sirkulær økonomi, infrastruktur, og grøne verdikjeder, påpeikar han vidare.
Noreg deler nemleg mange av dei same utfordringane som EU, ifølgje NHO-sjefen. I tillegg står ein mogleg handelskrig med USA for døra, og pressa frå Kina aukar.
– Må løysast i fellesskap
– Det er avgjerande at vi samarbeider om å lykkast med dette i fellesskap. EU er Noregs viktigaste marknad, og norsk næringsliv lykkast når Europa lykkast, seier NHO-sjefen.
Almlid meiner Ren energi-pakken kan gi gode vekst- og eksportmoglegheiter for norske bedrifter innan fleire sektorar. I tillegg er pakken eit viktig tiltak for å gjere europeiske verdikjeder og industri meir robuste, påpeikar han.
– Dette er viktig for Noreg som ein liten, open økonomi og ein integrert del av europeiske verdikjeder, seier han.
(©NPK)
