25. juli 2026

/arbeid/ «Opprøret vi no ser er ei kjærleikserklæring til oss som produserer mat.»

Av

Medan stortingsrepresentantane handsama regjeringa si stortingsmelding om landbruket, var protestane høglydde utanfor på Løvebakken. Her blir ein høyballe lempa framfor inngangen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Eli Strand
Eli Strand

Sinte bønder slo leir utanfor Stortinget nokre dagar i midten av april 2024. Der har dei kjempa for det dei kallar «ærlege tal».

– Dette er eit historisk oppgjer som handlar om levebrødet vårt. Vi krev rettferd og like arbeidsvilkår som andre yrkesgrupper, seier leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Før sjølve forhandlingane i jordbruksoppgjeret er i gang, er det fullt opprør blant norske bønder. Usemja står om korleis jordbruksinntekta skal reknast ut.

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg seier bondeopprøret vil halde fram, men er tydleg skuffa over satsinga til regjeringa på norsk matproduksjon. Foto: Heiko Junge / NTB/ NPK
Tor Jacob Solberg

Berre dagar før debatten og vedtaket i Stortinget blei det klart at regjeringa hadde fått støtte for forslaget sitt med støtte frå Høgre og Venstre. I semja med dei to parti la ein til grunn 1845 timar i året for bøndene, medan regjeringa i siste liten foreslo 1750 timar. Dermed rauk semja med Høgre, og dermed også stortingsfleirtalet for den opphavelege planen til regjeringa.

– Å bryte ein avtale er uryddig og ureieleg, det beklagar eg. Forslaget som no er lagt fram, har store økonomiske konsekvensar utan at vi har fått sett dette, sa Westgaard-Halle i Stortinget.

SV, Raudt, MDG og KrF har foreslått 1700 timar per årsverk. Dei har derimot sagt at dei kan støtte det nye forslaget frå regjeringa om 1750 timar, men ikkje resten av den opphavlege planen.

FULLT KAOS

Midt i opprøret og kaoset som no utspelar seg, står leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg. Han er rørt over det som no skjer.

– Opprøret vi no ser er ei kjærleikserklæring til oss som produserer mat. No vil vi ha dei same rettane som andre yrkesgrupper. Vi vil ikkje jobbe oss i hel for småpengar og vi vil også ha eit liv utanom jobben og finn oss ikkje i at vi skal jobbe 145 fleire timar enn det andre yrkesgrupper skal, seier han.

Bønder frå heile landet har slått opp telt utanfor Stortinget for å demonstrere før det skal stemmast over den omstridde inntektsberekninga for landbruket. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Bønder framfor Stortinget 2

Medan han står og ser på dei frammøtte bøndene kjem tårene fram.

– Det er liva våre og framtida det handlar om. Vi vil også ha moglegheita til å følgje barna våre til fotballtrening. Vi skal også ha betalt for alle dei timane vi brukar på jobben, og vi vil ha avkastning på alle dei millionane vi investerer for å utvikle produksjonen. Det er ikkje rettferdig at vi som produserer maten skal ha den same løna som det bingovertar har, seier han.

KJENDISBONDE AKSJONERER

Blant politikarar og bønder som møtte opp framfor Stortinget fann vi også ein heilt fersk bonde. Den kjende programleiaren Jon Almaas har ein relativt nykjøpt gard på Brårud i Nes kommune. Han gav si fulle støtte til bondeopprøret og snakka varmt om norsk matproduksjon.

Jon Almaas til stades utanfor Stortinget. Bønder frå heile landet har slått opp telt utanfor Stortinget for å demonstrere før det skal stemmast over den omstridde inntektsberekninga for landbruket i Stortingssalen. Foto: Heiko Junge / NTB/NPK
Jon Almaas

– Livet som bonde er ikkje vinn vinn, eg har enno ikkje fått sett noko i jorda, og eg har brukt 100.000 kroner på såkorn. 100.000 på pelletert hønsemøkk, 80.000 på kalking, 25.000 på jordprøvar og gjødselplan og 25.000 på reparasjon av traktor, sa Almaas som meinte at alt er tyngre og vanskelegare enn ein skulle tru.

Han sa at han har måtta revurdere synet sitt på norske bønder.

– Tidlegare meinte eg at bønder kanskje var litt sutrete, men det er dei definitivt ikkje. Dei er hardtarbeidande seige jævlar som likar plunder og heft. No gler eg meg til våronna og ingen skal vere i tvil om at eg heiar på norsk matproduksjon. Vi treng norsk mat og eg vil gjerne vere med å gi mitt bidrag, sa Almaas.

MÅ I NY RUNDE

Dei siste dagane har fleire ordførarar fått eit lass med møkk levert på rådhustrappa. Samtidig har hundrevis av bønder dratt til Oslo for å demonstrere mot regjeringa sitt forslag til inntektsberekning av jordbruket.

– Det at Senterpartiet no kjem med eit forslag til nedjustering av timetalet, betyr at dei er byrja å lytte til oss. Dei har også fått med seg at vi og Bondelaget står saman i denne kampen, sa Solberg før avstemminga.

Etter avstemminga blei det klart at Ap, Sp, SV, Raudt, MDG og KrF har stemt for ei senking av timetalet til bonden over fire år. Men regjeringa fekk ikkje fleirtal for heile forslaget sitt. Dermed må forslaget tilbake til regjeringa, for ein ny gjennomgang.

– Støre og Vedum hadde moglegheita til å sikre opptrapping av norsk matproduksjon slik dei lova i Hurdalsplattforma, men dei brukte den ikkje, seier leiaren i Småbrukarlaget tydleg skuffa. Samtidig får dei frammøtte demonstrantane sjå ein opprørt bondeleiar endå ein gong ta til tårene.

KAMPEN HELD FRAM

Etter hektiske dagar og full mobilisering er Tor Jacob Solberg i tvil om kva som no skjer vidare når forhandlingane fram mot jordbruksoppgjeret byrjar.

– No må vi først og fremst få klarlagt kva vi skal forhandle om. Men det som skjedde i dag er eit enormt tillitsbrot. Vi har no fått beviset på at vår yrkesgruppe ikkje er like mykje verdt som alle andre. Den store taparen her er matberedskapen i Noreg. Kampen må halde fram, men mange vil no gi seg som bønder fordi det er så tydeleg at regjeringa ikkje vil satse på oss og halde lovnadene dei har gitt oss, avsluttar Solberg. (©NPK)