
Etter fleire gode år, ser øl-bransjen nedgang i salet her i landet. Bryggeriforeininga trur dei komande åra vil vere krevjande for næringa, men øl- og sidersjefen ved Vinmonopolet meiner Noreg vil halde fram å vere eit øl-land.
Det har vore stor auke i produksjon og sal av norsk øl dei siste 15 åra. I 2011 blei det omsett om lag 235 millionar liter øl i Noreg, viser nettsidene til Bryggeri- og drikkevareforeningen. Dette omfattar 100 av Noregs største bryggeri og all importert øl. I åra etter auka dette årleg, til nesten 280 millionar liter i 2019.
Omsetnaden fekk deretter eit stort byks med pandemien. I 2020 blei det omsett 303.858.000 liter øl i Noreg, og så mykje som 330.706.000 liter i 2021. Så kom ein nedgang igjen og i 2023 blei det seld 278.773.000 liter. Det er ein reduksjon på 15 prosent på to år frå toppåret 2021.
– 2019 var eit usedvanleg godt år, så kom pandemien og gav oss våre beste salstal som følgje av stengde grenser. Folk reiste og handla innlands. Alt gjekk i taket. No er vi tilbake på eit normalår, fortel Hege Ramseng i Bryggeri- og drikkevareforeningen til Nynorsk pressekontor.
Samtidig har fleire negative ting siste året skapt ein perfekt storm for bransjen.
SVAKAST SIDAN 2017
– Vi har fått høge renter, høge straumutgifter og krigen i Ukraina har gjort at prisen på distribusjon og råvarer har auka. Det har ført til at kjøpekrafta hos folk er blitt dårlegare, og det går ut over småprodusentar med eit dyrare produkt. Ølsalet i januar i år var det svakaste for denne månaden sidan 2017, seier Ramseng.
Nedgangen kjem etter mange år med oppgang i bryggeribransjen, som er synleg i medlemstala til Bryggeri- og drikkevareforeningen. I 2009 hadde foreininga 11 medlemmer. No er dei oppe i 130.
– Det er fleire som har lagt inn årane den siste tida, samtidig som vi òg har fått nye medlemmer. Vi ser ein tendens som har vore i blant anna USA og andre europeiske land: Vi får færre reine produksjonsbryggeri. Med unnatak frå dei store er det få handverksbryggeri igjen. Dei fleste må kombinere brygginga med selskap, servering, og anna. Dei har brygginga som ekstra inntekt. Det blir opplevd som nødvendig å ha fleire bein å stå på.
– Mange småbryggeri har brygga på hobbybasis og på dugnad i mange år, og det er klart det blir slitasje når kostnadane er så store som dei er, seier Ramseng.
USIKKERT
David Gardonio er produktsjef for øl og sider ved Vinmonopolet. Han seier ølsalet toppa seg under pandemiåret 2021, og har flata ut, med litt nedgang, sidan.

– Vi veit ikkje kva den nye normalen er lenger. Det har vore auke i salstalet for øl hos Vinmonopolet sidan 2010. Dette salet er knytt til større interesse for norske handverksbryggjarar. Så auka salet endå meir under pandemien med stengde restaurantar, barar og ingen grensehandel, og har i åra etter pandemien vore statiske frå 2019-tala.
I fjor var litt over halvparten av øl som blei selt på Vinmonopolet norsk. Gardonio seier dei er usikre på korleis marknaden vil utvikle seg i komande år, med framleis usikker privatøkonomi.
TYR TIL "BILLEG-ØL"
– Noreg er eit ølland. Det blir handla store mengder øl i daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet, og kundane har lyst på kortreist og lokalproduserte ølprodukt. Samtidig blir det vanskelegare med økonomien, og gjer at fleire kjøper billegare øl, seier Gardonio.
Ramseng i bryggeriforeininga trur dei komande åra vil halde fram med å vere krevjande for bryggeribransjen.
– Det blir vidare nedgang, men vi håpar det ikkje blir like dramatisk. Vi får stadig nye medlemmer, men vi får òg truleg ei dreiing mot at færre bryggjer åleine, og at fleire bryggeri vel å brygge saman.(©NPK)
Bilete: o1WObI69ADYBryggeri- og drikkevareforeningen har hatt stor auke i medlemmer dei siste 15 åra. No er det derimot litt nedgangstider for bransjen. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPKBilete: moTXCUlVsQcI 2009 hadde Bryggeri- og drikkevareforeningen 11 medlemmer. No er dei oppe i 130, etter litt nedgang siste åra. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK
