Pandemien opna for auka bruk av heimekontor, og det veit fleire kommunar å nytte seg av. No tilbyr somme gratis pendlarkontor for å få utflyttarar til å koma oftare heim – og kanskje bli buande for godt.
«Hjarteleg takk for at eg har kunne jobba herifrå enkelte dagar. Det har fungert veldig bra – set stor pris på moglegheita som utflytta kvemming», skriv ein. Ein annan fortel at kontorplassen gjorde at familien kunne vere lenger på besøk hjå svigerfamilien hans, medan ein tredje skryt stort av fasilitetane og utsikta.
Tilbakemeldingane i kontorbøkene på dei to pendlarkontora i Øystese i Kvam herad er i det heile både varierte og positive. Det var akkurat det ordførar Torgeir Næss håpa på, då kommunen for vel eitt år sidan leigde dei to kontorlokala i næringshuset Kvam Kan nettopp til dette føremålet.

– Kvam er med i eit større og meir langsiktig prosjekt som ser på korleis me best kan leggje til rette for fjernarbeidsplassar i framtida. Pendlarkontora var ein enkel stad å starte. I hovudet har eg eit bilete av utflytta kvemmingar som gjerne vil vera på langbesøk hjå mammo, men som ikkje synest det er optimalt å sitte på jenterommet og jobbe. Med det sagt, må ein slett ikkje ha tilknyting til Kvam for å nytte dei, seier Torgeir Næss.
- Byggjer nettverk
Næss meiner mange arbeidsgjevarar har endra haldning til heimekontor etter pandemien. På sikt er det ikkje usannsynleg at fleire verksemder vil kutte i talet på kontorplassar og at tilsette i endå større grad kan jobbe frå andre plassar. Det er i så fall godt nytt for mindre kommunar som gjerne vil ha fleire folk. Då er tilbod som pendlarkontor, eller mellomkontor som dei også blir kalla, viktige, og fleire kommunar gjer no som Kvam.
- På pendlarkontora kan kven som helst booke seg inn utan kostnad og kople seg på dei stasjonære pc-skjermane og det trådlause nettverket.
- På lunsjrommet er det gratis kaffi – og ofte høve til å slå av ein prat med dei lokale næringsdrivande som har fast plass i bygget.
Ordføraren understrekar at tilbodet er eit supplement og ikkje skal erstatte vanlege kontorlokale for verksemdene som alt er etablert i kommunen.
– Me har medvite lagt kontora til ein plass der det allereie sit andre næringsdrivande. Her kan dei som brukar pendlarkontora knyte nettverk og bli kjende med andre som jobbar i kommunen. Håpet er jo sjølvsagt at somme av dei vil stoppe opp og tenkje «kvifor bur eg ikkje her?»

- Heim midt i veka
Ragni Melstveit frå Øystese er ein av dei som har nytta seg av tilbodet i Kvam Kan-huset. Ho har budd i Bergen i fleire år, og som prosjektleiar i byggjebransjen er ho ofte på farten og jobbar mykje frå heimekontor:
– Eg vart først klar over kontortilbodet i Øystese i haust, og synest det er heilt genialt. Før har besøka heim avgrensa seg til helger eller tur-retur på dagen, fordi det freistar lite å sitje ved kjøkkenbordet til mor og far og jobbe. Denne gongen kunne eg reise heim midt i veka, seier Melstveit.
Ho fortel at ho såg fleire kjente namn i kontorboka:
– Pendlarkontoret er godt tilrettelagt og gjer at eg kan arbeide fokusert. Det gjer det mogleg å kombinere arbeid og heimebesøk på ein heilt annan måte enn før.

- Kjent på nytt
Også Stig Terje Tolo frå Norheimsund har testa tilbodet. Han flytta til Oslo for mange år sidan. Som avdelingsleiar for organisasjon og helsefag i LHL har han ein klassisk kontorjobb og sit regelmessig på heimekontor. Då han likevel skulle på familiebesøk i Norheimsund, booka han seg inn på pendlarkontoret i Øystese og gjorde jobbavtaler med både lokallaget og politikarar i kommunen.
– Når ein har budd så lenge borte, mistar ein oversikta over kva som skjer i heimbygda. I løpet av tre arbeidsdagar på pendlarkontoret vart eg kjent på nytt, og hadde stor glede av å møte dei andre som jobba på huset og sjå kva slags kompetanse som finst. Med skuleborn i Oslo får eg dessverre ikkje brukt tilbodet som ofte som eg kunne ha tenkt meg, men eg kjem garantert til å nytte meg av kontoret att.
(©NPK)
