Sauesanking er ekstremsport på høgt nivå. Her er sau og lam berga ned frå ei isete og stupbratt fjellside over Hornindalsvatnet i Volda kommune.

– Det er klart det er litt bratt og luftig, seier Rasmus Haugen. Han utførte den mest risikable delen av bergingsaksjonen.
– Korleis opplever du å ha fått ned dyra frå fjellhylla?
– Det er kjekt det, å få dei ned så dei ikkje blir ståande der og lide naud, seier Haugen.
Det er ikkje uvanleg for han og dei andre tre i dette sankelaget med spesialkompetanse på saueberging i ekstremt utfordrande terreng å hente ned sauer som står fast på fjellhyller. Men det er heller ikkje daglegdags for den erfarne sauebonden Bjarne Navelsaker, Rasmus Haugen, Rune Haugen og Runar Navelsaker å være på bergingstokt i dei stupbratte fjellhamrane i det vinteren bit seg fast i fjellsidene over Hornindalsvatnet.
Fretta.no kjem attende med videoreportasje om den spektakulære bergingsaksjonen – følg med her!
