25. juli 2026

:ARBEID: «Det er særs lite samfunnsøkonomisk fornuftig å ha insentiv for å forseinke studiestart»

Av

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) har lagt fram regjeringsforslaget til endringar i reglane for opptak til høgare utdanning. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

For at fleire skal komme raskare i gang med utdanning og ut i jobb, vil regjeringa erstatte kjønnspoeng og fjerne visse karakterkrav for sjukepleiarstudiet.

– Det er særs lite samfunnsøkonomisk fornuftig å ha insentiv for å forseinke studiestart, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Derfor foreslår regjeringa no å senke grensa for kor mange tilleggspoeng søkjarar til høgare utdanning kan få. I dag får ein maksimalt 14 tilleggspoeng, for mellom anna alder, folkehøgskule og framandspråk i vidaregåande.

Desse poenga foreslår regjeringa å fjerne, slik at ein maksimalt kan få 3 tilleggspoeng for militærteneste, sivilteneste og realfag i vidaregåande.

KUTTAR KARAKTERKRAV

Regjeringa foreslår også i stortingsmeldinga som vart lagt fram fredag, å avvikle karakterkrav for sjukepleiarutdanning.

Medan dei fleste utdanningar ikkje har nokon spesielle karakterkrav, er det krav om karakteren 3 frå vidaregåande i norsk og matte på sjukepleiestudium.

– Fleire universitet og høgskular melder at dei må avvise mange gode og motiverte søkjarar på grunn av karakterkrava for å komme inn på sjukepleiestudiet. Når det samtidig er stor mangel på sjukepleiarar, må vi ta grep, seier ministeren.

I tillegg blir det foreslått å opne for dispensasjon frå krav til lærarutdanningane.

KVOTAR 

Moglegheita for å ta opp fag for å forbetre karakterar etter at ein er ferdig på vidaregåande blir vidareført, og det blir ikkje innført nasjonal opptaksprøve.

– Å gjere det umogleg for unge folk å forbetre karakterar, ville etter vårt syn skapt fleire problem enn det hadde løyst. Det er viktig å ha eit system som gir folk fleire sjansar.

I dag kan ein få ekstra poeng når ein søkjer visse studium der ein ønskjer å få opp andelen studentar av eit bestemt kjønn. Regjeringa foreslår å fjerne desse kjønnspoenga, og erstatte dei med kvotar.

Dei fleste endringane vil tidlegast gjelde frå 2027, men nokre kan likevel komme tidlegare. Særleg endringar i opptakskrav til sjukepleiar- og lærarutdanningane ønskjer regjeringa å få på plass raskt.

KRITISK

– Eg er stolt av at regjeringa tek tak i problema med dagens opptakssystem, skriv Elise Waagen, som er utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, til NTB.

Ho meiner at dagens opptaksreglar fører til at for mange unge bruker for lang tid på å komme i gang med studiane, og ho peikar mellom anna på alderspoeng som eit hinder.

– Verken samfunnet eller dei unge er tente med eit system som held unge i ei ventesone før dei kan komme inn på draumestudiet. Eg er glad for at dette blir rydda opp i, seier Waagen.

Framstegspartiets utdanningspolitiske talsperson, Himanshu Gulati, fortel at han er fornøgd med at regjeringa i stor grad ikkje foreslår fleire av forslaga frå Opptaksutvalget. Utvalet foreslo meir eller mindre å snu opptaksreglane på hovudet frå dagens system, mellom anna ved å skrote moglegheita til å forbetre karakterar frå vidaregåande.

AV Det kan vere ei rekke årsaker til at enkelte treng å betre enkelte karakterar, og det er derfor viktig at privatistordninga blir bevart, seier Gulati.

Likevel er han sterkt kritisk til at regjeringa foreslår å halde oppe kjønnskvotar og fjernar karakterkravet for sjukepleiarutdanninga.

– I eit yrke der pasientbehandling og korrekt dosering av medisinar er svært sentrale bestanddelar, er språkforståing og god tal- og matematikkforståing svært viktig, meiner Gulati. (©NPK)