25. juli 2026

/ arbeid / «Det er fint med ein auke i andelen kvinnelege oppfinnarar, men vi er ikkje der vi bør vere»

Kathrine Myhre, direktør i Patentstyret, arbeider for å auke talet på kvinnelege oppfinnarar. Foto:Mathilde Palmers/Nucleus

(Oppdatert fredag 8. mars 2024)

FLEIRE KVINNELEGE OPPFINNARAR 

Kvinnedagen kjem med oppdateringar om korleis det står til med likestillinga, og ulike statistikkar viser små og store steg mot ei likestilt framtid.  Ein statistikk som viser eit kjempestort gap mellom kjønna er patentsøknader for oppfinningar.  Sjølv om det for første gong sidan 2015 er auke i talet på kvinner som søkjer om patent på oppfinningane sine, er det langt opp. Andelen kvinner på dette feltet er også låg i Norge samanlikna med resten av verda.

I fjor var 6,7 prosent av dei som søkte om patent kvinner, ifølgje tal frå Patentstyret. Det er ein auke frå berre 4,9 prosent i 2022, som var det lågaste nokosinne.

Patentstyret har merka ein auke i patentsøknader frå kvinner.
Kvinnelege oppfinnarar

Likevel er tala framleis låge, også samanlikna med resten av verda. Den internasjonale opphavsrettsorganisasjonen (Wipo) melde i 2022 om ein global kvinnedel på 16,2 prosent.

– Det er fint med ein auke i andelen kvinnelege oppfinnarar, men vi er ikkje der vi bør vere. Tala viser at vi framleis må jobbe for å få kvinnene på banen, seier direktør Kathrine Myhre i Patentstyret.

Kvinner søkjer mest patent innan klassen «menneskelege behov». Det omfattar mellom anna oppfinningar relatert til landbruk, fiskeoppdrett, næringsmiddel, klede og fottøy, møblar og hushaldsartiklar, legemiddel, sport og spel.

– Kvinner skaper gjerne andre produkt og løysingar enn menn, seier Myhre.

Denne grafen viser at det er langt att før kvinnene kjem på nivå med mennene når det gjeld å søkje patent på oppfinningar. Grafikk: Patentstyret.
Kvinnelege oppfinnarar 2

 LØNNSGAPET MINKA I 2023

Lønnsgapet minka i fjor, men menn tener framleis meir enn kvinner i dei fleste kommunar. På Fedje er lønnsgapet størst.

I 2023 har lønnsgapet mellom menn og kvinner vorte mindre, og den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner utgjer no 88,3 prosent av månadslønna til menn. Likevel er det store forskjellar i lønnsgapet mellom kommunar når ein ser på arbeidsstadskommune, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Forskjellar i lønnsgapet mellom kvinner og menn i dei ulike kommunane har samanheng med forskjellar i den lokale arbeidsmarknaden. Det vil seie kva sektorar og næringar som dominerer i ein kommune, i tillegg til kva yrke som er mest vanleg i kommunen, seier Håkon Grini, spesialrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Lønnsgapet mellom menn og kvinner er størst i Fedje kommune i 2023. Månadslønna til kvinner utgjer i denne kommunen 78 prosent av månadslønna til menn. På andre sida av skalaen finn ein Karasjok, der kvinner har høgare lønn enn menn.

– Fedje og Karasjok er små kommunar med få arbeidsforhold. Små forskjellar i korleis menn og kvinner deltek i arbeidsmarknaden påverkar derfor lønnsgapet mykje, seier Grini.

Blant kommunane med størst lønnsgap finn ein også Bærum, Stavanger, Sola og Sandnes.

– Eit fellestrekk for fleire av kommunane der menn har mykje høgare månadslønn enn kvinner, er at den lokale arbeidsmarknaden har eit fleirtal av jobbar i privat sektor, seier Grini.

BETRE BETALARAR 

Kvinner er generelt betre betalarar enn menn. Risikounngåing, disiplin og planlegging er nokre av årsakene.

Kreditorforeningen har i ei undersøking sett på tal som samanliknar betalingsmerknader hos kvinner og menn i Noreg det siste året. Resultata viser at kvinner generelt sett er betre betalarar enn menn. Det er 80 prosent fleire menn enn kvinner som har betalingsmerknader.

I ein alders- og kjønnsbasert gruppeanalyse, er menn i alderen 27–42 år frå Sarpsborg den verste gruppa, medan kvinner over 65 år frå Asker utgjer den beste gruppa. Her er det heile 27 gonger fleire med betalingsmerknader i Sarpsborg-gruppa samanlikna med Asker-gruppa.

Ei av dei fremste årsakene til at kvinner er betre betalarar, er atterhaldet deira mot å ta finansielle risikoar, skriv Kredittforeningen i ei pressemelding. Risikounngåinga gjer at kvinner ofte unngår høg risiko knytt til gjeld, noko som direkte påverkar evna deira til å ha gode betalingsvanar.

Vidare tyder det på at kvinner har ein tendens til å vere meir disiplinerte i den økonomiske planlegginga og forvaltninga. Dette omfattar alt frå sparing og budsjettplanlegging, til ei medviten tilnærming til forbruk og gjeldsstyring. Slike vanar er grunnleggjande for å unngå betalingsmerknader og sikre finansiell stabilitet

FLEIRE KVINNELEGE FINANSTOPPAR 

27 prosent av toppleiarane i finanssektoren er kvinner, ein auke på 2 prosentpoeng frå 2022. Samtidig krympar lønnsgapet, ifølgje Finans Norge.

Likestillingsindikatorane for 2023 i finans viser at 35 prosent av alle leiarane er kvinner, og at lønnsgapet blir mindre frå år til år. Ser vi berre på bank og forsikring, er andelen 38 prosent.

– Vi er inne i ei god utvikling som vi håpar vil halde fram, seier administrerande direktør i Finans Norge Kari Olrud Moen.

Lønnsforskjellane er framleis store mellom kvinner og menn, men dei minkar noko. Frå 2022 til 2023 minka lønnsgapet med eitt prosentpoeng, frå 17 til 16 prosent.

– Ein større del kvinner i leiande stillingar påverkar naturleg nok den gjennomsnittlege forskjellen mellom kva kvinner og menn tener. Det går sakte, men sikkert rett veg, seier Olrud Moen.

Endelege tal frå Det tekniske berekningsutvalet kjem 15. mars, så den førebelse likelønnsindikatoren er basert på Finans Norges berekningar.

KVINNELEGE PARLAMENTARISKE LEIARAR 

For første gong er stortingsgruppene til alle partia styrt av kvinner. – Det er viktig med kvinner i alle rom der avgjerder blir tekne, seier Erna Solberg ( H).

Ein parlamentarisk leiar er den øvste leiaren for dei ulike stortingsgruppene. Sidan i fjor sommar har alle dei parlamentariske leiarane vore kvinner.

– Vi har alle med oss ulike opplevingar og perspektiv, og for meg er det viktig at det også gir utslag i prioriteringar, seier den tidlegare statsministeren i ei pressemelding frå Stortinget.

For første gong er alle stortingsgruppene til partia leidd av kvinner.  Frå venstre: Lan Marie Nguyen Berg (MDG), Kirsti Bergstø (SV), Olaug Bollestad (KrF), Rigmor Aasrud (A), Sylvi Listhaug (Frp), Erna Solberg (H), Marit Arnstad (Sp), Guri Melby (V), Marie Sneve Martinussen (R) og Irene Ojala (PF). Foto: Peter Mydske / Stortinget / NTB / NPK
Kvinnelege parlamentariske leiarar

I samband med kvinnedagen er det teke eit nytt, offisielt bilete av dei ti kvinnene. Blant dei er Rigmor Aasrud, Arbeidarpartiets parlamentariske leiar.

– Det er historisk at alle dei parlamentariske leiarane på Stortinget er kvinner. Det er stas å få oppleve det i denne perioden. Samtidig er det på sin plass å minne om alle dei hardtarbeidande kvinnene som har teke og kravd sin plass i politikken, som har gjort rommet for oss som kom etter større, seier ho.

HØGARE KVINNELEG SJUKEFRÅVÆR  

At kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, kjem i stor grad av at kvinner oftare blir ramma av depresjon og angstlidingar, kreft, migrene og utmatting.

Sjukefråværet har i mange år lege stabilt på omtrent 4 prosent for menn og 7 prosent for kvinner. No har Nav undersøkt kva diagnosar som har bidrege mest til kjønnsforskjellen i det legemelde sjukefråværet i Noreg dei siste 20 åra.

– Kvinner og menn som får same diagnose, er som regel sjukmelde omtrent like lenge. Men det ser altså ut til at kvinner har mykje større risiko for å få desse sjukdommane, seier seniorrådgivar Ivar Lima i Nav, som er forfattar av analysen.

Kvinner har i snitt mykje høgare legemeldt sjukefråvær enn menn, også når ein ser bort frå sjukefråværet knytt til graviditet.

Diagnosane kvinner oftare får inkluderer mellom anna klinisk depresjon og angstlidingar, nakke- eller skuldersmerter, kronisk trøyttleikssyndrom, fibromyalgi, migrene og hovudverk, betennelsestilstandar og autoimmune lidingar. Analysen finn også at fleire kvinner enn menn er sjukmelde med kreft, sjølv om menn blir ramma oftare av kreft enn kvinner.

I Noreg hadde menn 30 prosent høgare risiko for å få kreft enn kvinner i 2022, men når menn blir ramma av kreft, skjer det i større grad etter at dei har vorte pensjonistar. Kvinner blir ramma oftare medan dei framleis er yrkesaktive.

Nav har i analysen teke ut alt sjukefråvær knytt til graviditet og fødselsskadar. Til saman har analysen sett på dei 50 diagnosane som finst hyppigast i sjukefråværet i perioden 2001–2021.

STØRE SET NED KVINNEUTVAL 

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at regjeringa skal setje ned eit nytt offentleg utval for arbeidshelsa til kvinner. Kunngjeringa kom på kvinnedagen.

– Vi set no ned eit eige utval for å få meir kunnskap, og ikkje minst sjå på kva tiltak vi kan sjå for oss, for å redusere forskjellane og betre det som er knytt til arbeidshelsa til kvinner, seier Støre til NRK.

Utvalet kjem mellom anna på bakgrunn av at kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, og at ein tredel av det totale sjukefråværet kjem heilt av eller delvis forhold på jobben, skriv rikskringkastaren.

STYRING AV FAMILIEØKONOMIEN 

40 prosent norske par opplyser at det er mannen som har kontroll over økonomien, 20 prosent opplyser at kvinna har kontrollen medan 40 prosent har delt på økonomistyringa i heimen. Det kjem fram i ei undersøking gjort i samband med kvinnedagen.

Det er Sparebank 1 SR-Bank som i samband med 8. mars har gjennomført ei undersøking som viser at det er økonomisk skeivt i norske parforhold, skriv Bergensavisen. Der kjem det fram at det er mannen som har kontroll over famielieøkonomien.

Fire av ti svarer at mannen tek mest ansvar. To av ti svarer at kvinna tek mest ansvar, medan fire av ti oppgir at dei har delt ansvar.

– 8. mars er ei påminning om kor viktig økonomisk openheit er i eit ekteskap eller kjærleiksforhold. I dag samarbeider mange hushald godt i økonomiske spørsmål, og det er bra, seier banksjef Morten Skaathun Nilsen.

Det er tydelege lønnsforskjellar mellom kjønna her i landet. Kvinner får framleis berre 88,3 prosent av lønna til menn, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Skaathun Nilsen oppmodar til større økonomisk openheit i parfohold.

– Vi veit at mange ikkje er opne med partnaren sin om økonomi. Vi har tidlegare sett at mange skjuler utgifter for partnaren sin. Det er nok litt tabu kva du tener, også i parforhold. Eg vil likevel oppmode alle til større økonomisk openheit og då særleg til din næraste, seier Nilsen.

(NPK-NTB)