25. juli 2026

:ARBEID: Den omkomne i helikopterulykka var sjukepleiar på jobb for å vareta andre

Av

To Sikorsky S-92 helikopter frå selskapet Bristow på Flesland Heliport. Det var denne helikoptertypen som var involvert i ulykka onsdag. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

SAK OPPDATERT 29. FEBRUAR

Den omkomne er tilsett i Equinor, og konsernsjef Anders Opedal sa følgjande då stadfestinga om den omkomne kom dagen etter ulukka: – Vi har no fått stadfesta at den omkomne er ein av våre eigne kollegaer, tilsett hos Equinor. Den omkomne var sjukepleiar på jobb for å vareta andre. Vi har mista ein kjær kollega og dyktig medarbeidar, sa Opedal til NTB.

Konsernsjef i Equinor Anders Opedal seier helikopterulykka onsdag er djupt tragisk, og at hans tankar går til dei som er ramma. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
ANDERS OPEDAL

Fem andre personar var involverte i ulykka, og dei var alle tilsette i Bristow. Alle saman var på oppdrag for Equinor og deltok i ei tryggingsøving på sokkelen nær Oseberg-feltet.

Bristow-direktør Heidi Wulff Heimark er også prega av ulykka: – Sorga pregar oss alle. Fem av våre tilsette var involverte i hendinga, og dei blir no varetekne på Haukeland sjukehus. Éin person er kritisk skadd, éin er alvorleg skadd og tre er lettare skadde, seier ho til NTB.

Havarikommisjonen er jobbar med å lokalisere helikoptervraket som var involvert i ulykka

– Vi har eit grovt estimat av kvar det ligg, og der er det ganske djupt. Vraket kan liggje på tre hundre meters djup, seier Kåre Halvorsen, avdelingsleiar for luftfart i Havarikommisjonen, til Bergensavisen.

Torsdag formiddag er kystvaktskipet KV Sortland på veg til området der det er grunn til å tru at helikopteret ligg.

Helikopteret var involvert i ei ulykke utanfor Sotra i Vestland onsdag kveld. Ein person vart stadfesta omkommen same kveld, medan fem andre er skadde. Årsaka til ulykka er ikkje kjend.

FUNN AV VRAKDELAR

Om bord i helikopteret er det ein såkalla «svart boks», ein flyregistrator, der det også sit ei eining som sender lydsignal. Halvorsen seier til BA at denne skal hjelpe dei å lokalisere vraket, noko han antek dei kjem til å klare.

Flydata importert i Google Earth viser ruta til NORSAR6 før det krasja i vatnet utanfor Sotra. Foto: NTB / NPK
RUTA TIL ULUKKESHELIKOPTERET

Undersøkingane etter ulykka starta onsdag kveld etter at redningsaksjonen var ferdig. Same kveld vart nokre delar av vraket plukka opp av redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen II.

– Vi sette omgåande i gang førebuingane for å få gjort ei best mogleg undersøking av ulykka, og vi sender folk til Stavanger og Bergen for å halde fram dette arbeidet, seier direktør William J. Bertheussen i Statens havarikommisjon til BA.

Vêret gjer situasjonen utfordrande. Det er venta vind frå sør med stiv kuling ute langs kysten med opptil 25 meter vind i sekundet og seks meter høge bølgjer.

EIN DØD, FEM SKADDE

Av dei overlevande etter ulykka er ein av dei fem kritisk skadd, ein alvorleg skadd, og tre lettare skadde, opplyser Haukeland universitetssjukehus. Alle seks som var om bord i helikopteret, vart henta opp av sjøen etter å ha

Helikopteret var på øvingsoppdrag for Equinor og var knytt til områdeberedskapen for Oseberg-området i Nordsjøen. Ulykka fann stad utanfor Sotra, og det var eit av helikopterselskapet Bristows helikopter som var involvert.

EQUINOR I SORG

Equinor-sjef Anders Opedal takkar redningsarbeidarane som hjelpte til etter helikopterulykka onsdag, og seier at tankane til selskapet går til dei ramma. Han seier at alle dei seks som var om bord i helikopteret, var på jobb for Equinor.

– Dette er ei djupt tragisk hending. I dag er ein tung dag for mange. Våre tankar går til dei familiane, nære og andre som er ramma, seier Opedal til NTB.

STYRK BEREDSKAPEN

Fagforbundet til oljearbeidarane Safe har tillit til dei som handterer helikopterulykka utanfor Bergen, men ber operatørane på sokkelen styrkje beredskapen.

– Eg håpar dei set i verk beredskapsplanar, og at dei reduserer produksjonen. Dei må sørgje for minst mogleg risiko, seier Safe-leiar Raymond Midtgård til NTB.

Midtgard seier at dersom dei får grønt lys til å halde fram flygingane i Nordsjøen med helikoptertypen S-92, så vil Safe seie til medlemmene sine at det er trygt. Han trur ikkje helikoptera blir sette på bakken.

"TRENG EIN PLAN B"

Likevel er han bekymra for at det berre er éin helikoptertype som flyg offshore i Noreg. Den andre typen, EC225 produsert av Airbus, vart sett på bakken permanent etter Turøy-ulykka i 2016.

Safe-leiaren understrekar samtidig at Safe lenge har etterlyst to helikoptertypar.

– No byrjar det å haste. Det er åtte år sidan førre ulykke, og vi har lenge etterlyst ein plan B. Det er for få helikopter i dag, seier Midtgård.

Helikopterprodusenten Sikorsky seier dei er klare til å hjelpe Havarikommisjonen i etterforskinga av helikopterulykka utanfor Bergen.

– Vi er orienterte om ulykka og er klar til å hjelpe norske granskingsstyresmakter og kundane våre, uttaler Sikorsky UK til NTB.

Sikorsky S-92 er den einaste typen som flyg offshore i Noreg etter at helikoptertypen EC225, produsert av Airbus, vart sett på bakken permanent etter Turøy-ulykka i 2016.

LEVERINGSPROBLEM

Det er også for tida problem med leveringa av reservedelar til S-92. Fleire av desse helikoptera er sette på bakken fordi dei manglar delar.

Offshore Norge arbeider med å handtere delemangelen for S-92-helikoptera, og arbeidsgruppa i foreininga ser også på moglegheita for nye helikoptertypar til å fly offshore på den norske sokkelen.

I januar inngjekk Equinor ein avtale med selskapet Lufttransport RW AS om å operere to nye søk- og redningshelikopter for Troll- og Oseberg-området. Helikoptera som det er snakk om, er av typen Leonardo AW 139. Dei skal etter planen vere driftsklare frå 2026.