
I stadig fleire kommunar dukkar det opp senioruniversitet eller seniorakademi, og dei er blitt veldig populære. Det at stadig fleire eldre har høgare utdanning er ei mogleg årsak til den enorme interessa.
Senioruniversiteta eller seniorakademia finn du både i bygd og by. Dette er sjølvstendige foreiningar utan ein nasjonal eller regional overbygning, og veksten i talet på slike lærestader har vore formidabel dei siste åra.
Ikkje så rart, meiner Wenche Halsen, dagleg leiar hos Senteret for et aldersvennlig Norge.
– Over tid har det skjedd betydelege endringar i utdanningsnivået i seniorbefolkninga. Andelen seniorar med utdanning på universitets- og høgskulenivå og vidaregåande nivå har stige kraftig. Medan 14 prosent av seniorane i år 2000 hadde universitets- og høgskuleutdanning, gjaldt dette 30 prosent av seniorane i 2023, fortel ho til Nynorsk pressekontor.

Den store oppslutninga om seniorakademia, har derfor samanheng med at stadig fleire har høgare utdanning, meiner Halsen.
– Med det følgjer nok også ynsket om å lære meir. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er blitt meir vanleg med ikkje-formell opplæring og uformell læring blant seniorar, legg ho til.
Frå næringslivet
Eitt av dei ferskaste tilskota er Sykkylven seniorakademi i Møre og Romsdal. Leiar Ole-Petter Solnørdal, som sjølv har bakgrunn frå leiarjobbar i næringslivet, fortel at han var på familiebesøk på Karmøy, då han vart invitert med på eit møte i det lokale senioruniversitetet der.
– Det var så interessant at eg tok det opp med eit par kameratar då eg kom heim, og vi fann ut at dette måtte vi prøve i Sykkylven også. Vi valde å kalle det seniorakademi i staden for senioruniversitet, men opplegget er det same. Akademiet vart etablert i 2020, opplyser han.
Medlemstalet vart raskt 91 personar det første året, og i månadsskiftet februar-mars 2025 er medlemstalet kome opp i 250. Nokre av medlemmene kjem også frå nabokommunane Ålesund og Stranda.
Solnørdal fortel at dei har eitt breitt samansett styre med folk både frå næringslivet, skuleverket, media og andre yrkesgrupper. Målet er heile tida å treffe så breitt som mogleg med foredragshaldarane.
Sosial arena
– Vi opnar dørene klokka tolv, og foredraga startar ein time seinare. Den første timen er ein sosial arena med ein liten matbit og tid til ein prat. Etter foredraget er det ope for spørsmål frå publikum, og det har kome veldig mange bra spørsmål, fortel Solnørdal.
Det viktigaste, seier han, er at dei har fått tak i dyktige foredragshaldarar med god formidlingsevne og kunnskap. Blant dei som har trekt fulle hus er Geir Karlsen, som er toppsjef i flyselskapet Norwegian. Lokale namn i viktige stillingar er nemleg noko som treft publikum.
Tidlegare i år hadde dei besøk av leiar i Norsk Journalistlag, Dag Inge Tryggestad og Anders Fohlin Kjøde frå Kripos. I mars kjem filosofen Henrik Syse på besøk, og etter det musikaren og komponisten Wolfgang Plagge og statsvitar Janne Haaland Matlary.
Aktive sogningar
Georg Arnestad er styremedlem i Senioruniversitetet i Sogn, ei foreining som har vore aktiv sidan 2011. Han skildrar dei 187 medlemene som menneske som har vore aktive heile livet, og som vil bruke ressursane sine også som pensjonistar.
– Vi er eit mangfald av medlemer, og styret vårt består ikkje berre av pensjonerte akademikarar og høgskulefolk. Alle styremedlemene er aktive i utarbeiding av programmet, og vi har brei variasjon i både form og innhald. Det er nok nøkkelen til at det går så pass bra for oss, seier han. Sjølv har Arnestad bakgrunn frå Høgskulen i Sogndal.
Han fortel at dei varierer programmet mellom ekskursjonar til interessante verksemder i Sogn og foredrag med spennande menneske. Blant foredragshaldarane som har bidrege er Oddrun Midtbø, som snakka om Harastølen, heimen for dei utstøytte, Jan Landro om Jon Fosse, Terje Tveit om verdshistoria og vatnet si makt.
Sogningane har også hatt visekveld om Lillebjørn Nilsen, med allsong, og i august skal Olav Stedje presenterast breitt.
Senioruniversitetet i Sogn har dessutan ei eiga gruppe for slekts- og lokalhistorie, som er svært populær.
Jubileum i Romsdal
Seniorakademiet i Vestnes i Møre og Romsdal har 10-årsjubileum i år. Leiar Gitte Vinther og nestleiar Kari Opstad fortel at akademiet deira i starten var eit reint kvinneinitiativ. Seinare har mennene fått lov å vere med, og i dag er rundt halvparten av kvart kjønn i styret. Det er folk som har jobba både i offentleg og privat sektor, slik at dei saman har eit breitt erfaringsgrunnlag.
– Inspirasjonen til å starte opp her i Vestnes var nok impulsar frå senioruniversitetet i Kristiansund, som har halde på sidan 2010 og som driv svært godt, fortel dei to damene til Nynorsk pressekontor.
Akademiet på romsdalskysten har no bikka 100 medlemer, og det er i snitt rundt 100 personar på arrangementa der både lokale og meir langvegsfarande foredragshaldarar blir brukt.
– Rekorden var då NRKs Midtausten-korrespondent Yama Wolasmal var på besøk. Då var det 200 tilhøyrarar og heilt fullt. Det skjedde samstundes med at det vart semje om ei våpenkvile på Gazastripa, fortel Vinther og Opstad. (©NPK)

