USAs president Donald Trump stansar all militær hjelp til Ukraina, ifølgje fleire medium. Fleire politikarar på Stortinget reagerer kraftig.
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein seier han er skaka.
– Dette er nok ei handsrekking til Putin, som berre set Ukraina i ein endå dårlegare posisjon for eventuelle fredsforhandlingar. Ein forferdeleg og komplett forfeila strategi frå Trump.
Guri Melby kallar nyheita sjokkerande og opprørande, men dessverre ikkje overraskande.
– Han vel diktatoren
– Trump har endå ein gong vist at han vel diktatoren Putin og eit aggressivt og upåliteleg Russland framfor demokratiet og alle dei som kjempar for fridom i Ukraina. Det er eit mørkt kapittel i verdshistoria som blir skrive i desse dagar, og Europa må stå saman og handle raskt for å demme opp for noko av det tomrommet USAs tilbaketrekking lèt etter seg, seier Venstre-leiaren.
MDGs partileiar Arild Hermstad seier at han har frykta at det ville gå denne vegen.
– Trump er klar for å la Ukraina tape, og USA har bytt side. No treng Ukraina og Europa at Noreg tek på seg leiartrøya. Vi må gå saman med forbundsfellane våre om ein enorm støttepakke som er stor og kraftfull nok til at Ukraina kan halde oppe motstandskrafta i månadene som kjem. Den må vere stor nok til at Putin ikkje kan diktere vilkåra i ein fredsavtale, og til at Ukrainas forsvar ikkje blir lamma.
– Sviktar Ukraina
SV-leiar Kirsti Bergstø er heller ikkje nådig mot Trump.
– USA under Donald Trump sviktar Ukraina. Hans regjering tek side med Putin og mot folkeretten, både i ord og handling. No må dei av oss som ønskjer ei demokratisk verd stå saman, auke støtta til Ukraina og byggje sterkare alliansar.
USAs president Donald Trump pausar all militærhjelp til Ukraina, melde fleire medium natt til tysdag. Han ønskjer etter seiande å sjå ei forplikting til å oppnå fred i krigen mellom Russland og Ukraina.(©NTB)