25. juli 2026

Kjersti Kleven ny industrisjef

Av

Kleven har nettopp lagt fram det beste resultatet i konsernet si historie, eit overskot før skatt på 258 millionar kroner.

Rekordresultatet gir dei 518 tilsette i konsernet bonus på toppen av løna i år, og utsiktene framover er svært gode. Konsernet har 15 skip under bygging, mot ni på same tid ifjor. Ordrereserven er åtte milliardar kroner, dobbelt så mykje som for eitt år sidan.

– Dei gode resultata siste åra set oss i stand til å gjere store investeringar for framtida. Desse investeringane vert gjort for å sikre at vi driv så effektivt og lønsamt som mogleg. Det er det viktigaste vi kan gjere for å skape trygge, interessant og framtidsretta arbeidsplassar i lokalsamfunna vi held til i, seier Kjersti Kleven.

I april fikk konsernet prisen som årets bedrift av fylkestinget i Møre og Romsdal. No rykkjer Kjersti Kleven til topps i styret i Norsk Industri, bransjeorganisasjonen for 2200 indistribedrifter med 125.000 tilsette i heile Noreg.

Langsiktig satsing

Tre vilkår må oppfyllast for å sikre vidare vekst i industrien i Norge, meiner Kleven:

Rammevilkår som stimulerer til investeringer. Kleven sjølv satsar på å automatisere skrogproduksjoen, og flytte meir av det arbeidet heim til Noreg. Teknologis forsprang er viktig for å sikre industrien i Noreg, meiner ho.

Stimulere ungdom til å velge utdanning industrien treng.

Betre samferdsel.