25. juli 2026

KVART MILLIARD I RESULTATNEDGANG FOR FORSKNINGSINSTITUTTENE

Av

Status for forskingsinstitutta i 2015

Minus og nedgang i samla driftsresultat, men auke i samla driftsinntekter, er kort oppsummert statusen for dei norske forskingsinstitutta i 2015.

Samla driftsresultat hos alle forskingsinstitutta i 2015 var på minus 35 millionar kroner. Dette er ei forverring samanlikna med 2014 på 250 millionar kroner.

Driftsresultata er påvirka av at fleire institutt har hatt omlegging av pensjonssystema sine i 2015. Driftsresultata reflekterer difor ikkje nødvendigvis resultata av FoU-verksemda ved institutta.

Driftsinntektene var på vel 9,5 milliardar kroner i 2015. Dette er ein auke på vel 0,7 milliardar eller åtte prosent samanlikna med 2014. I tillegg hadde institutta finansinntekter og ekstraordinære inntekter på vel 200 millionar kroner. Sidan 2011, har institutta hatt ein samla nominell vekst i inntektene på knappe 16 prosent.

Størst vekst hos miljøinstitutta, dei teknisk-industrielle framleis størst

I tillegg til samlerapporten, utarbeider Forskingsrådet også årsrapportar frå alle dei fire instituttarenaene innanfor basisfinansieringsordninga. Desse rapportane kan du finne i lenkjene under:

Størst vekst i perioden 2011–2015 har miljøinstituttene hatt med 22 prosent, deretter følgjer dei samfunnsvitskaplege institutta med 20 prosent, dei teknisk-industrielle institutta med knappe 17 prosent, og primærnæringsinstitutta med seks prosent.

Dei teknisk-industrielle institutta er den største instituttgruppa av dei fire og hadde i fjor 51,3 prosent av dei totale driftsinntektene.

Nøkkeltala for institutta viser at bokførte driftsinntekter frå Forskningsrådet i 2015 er på 2,7 milliardar kroner, ein auke på om lag 185 millionar, eller 7,3 prosent, frå 2014. Hovudtyngda av auken her kjem frå dei samfunnsvitskaplege og dei teknisk-industrielle institutta.

Årsrapporten for forskingsinstitutta er basert på data henta inn av NIFU på oppdrag frå Forskingsrådet. 

Skrevet av:Therese Farstad

Denne meldingen er kuratert av OBM Nyhetsbørsen.