25. juli 2026

:NAMN: «Eg trur vi er Wittgenstein evig takksame for at han bygde seg ei hytte høgt oppe i ein fjellskråning i Skjolden»

Av

Vinnar av nobelprisen i litteratur Jon Fosse har ei sterk kobling til den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein.

Den 10. desember tek Jon Fosse imot Nobelprisen i litteratur i Stockholm. Mange, og spesielt dei av oss som brukar nynorsk, har god grunn til å takka Fosse for måten han, også så nobelprisvinnar, har løfta fram nynorsken. I denne saka, som opphaveleg var tenkt som eit intervju med Knut Olav Åmås om hans forhold til filosofen Ludwig Wittgenstein, kjem me inn på korleis Wittgenstein også har påverka og inspirert Jon Fosse. Det er mange grunnar til at årets nobelpris i litteratur kan karakteriserast som wittgensteiniansk.

Det svenske akademiets formulering om nobelprisvinnar Jon Fosse, «hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara», er så wittgensteiniansk som det kan bli, meiner Knut Olav Åmås. Det indre fjordlandskapet på Vestlandet har bidrege til både filosofi og verdslitteratur.

Denne teksten av Jon Fosse er faktisk den finaste, sterkaste og mest poetiske som nokosinne er skriven om Wittgenstein, seier Knut Olav Åmås om etterordet som nobelprisvinnaren skreiv for over 25 år sidan. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Åmås

Lat det vera klart med det same: Det den verdskjende, austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951), nobelprisvinnar Jon Fosse, vår kanskje fremste lyrikar, Olav H. Hauge og Fritt Ord-direktør og forfattar Knut Olav Åmås har mest til felles, er kjærleiken til det indre fjordlandskapet i vest. Til fjella, fjordane, lyset og himmelen – og «det stille alvoret», som filosofen kalla det.

Difor er dette, som eigentleg var planlagt som eit intervju med Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås om hans tette og langvarige forhold til denne austerrikske filosofen, og den vesle bygda Skjolden i Sogn, vorte ein artikkel som også freistar å setja nobelprisen til Jon Fosse inn i ein litt meir alternativ samanheng.

Om at Fosse gir ei stemme til det useielege – og om korleis to «gærne» menn, som Ludwig Wittgenstein og Olav. H Hauge inst i to lange fjordar, har spelt tungt inn i liva og bøkene til to så velkjende, vestlandske stemmer som nettopp Jon Fosse og Knut Olav Åmås.

  • «Wittgenstein evig takksame»

«Eg trur vi er Wittgenstein evig takksame for at han bygde seg ei hytte høgt oppe i ein fjellskråning i Skjolden, med utsyn til ein fjord, og sat der og tenkte og skreiv i stor einsemd med dei evige fjella kring seg». Slik skriv Jon Fosse om filosofen i eit etterord til boka «Ludwig Wittgenstein – Den ukjende dagboka», omsett av Knut Olav Åmås i 1998. Fosses etterord lét det ikkje vera nokon tvil om kva han tykkjer om filosofen Wittgenstein, og kva den mystiske austerrikaren har betydd for han.

– Denne teksten av Jon Fosse er faktisk den finaste, sterkaste og mest poetiske som nokonsinne er skriven om Wittgenstein, seier Åmås.

Vi kjem attende til det, men først litt meir om Knut Olav Åmås', oppvaksen i Odda, forhold til Skjolden – bygda han fann takka vera denne Wittgenstein. Unge Åmås, han var tidleg i 20-åra, oppdaga filosofen for alvor rundt 1990, då Wittgenstein-arkivet vart etablert ved Universitetet i Bergen. Som ung BT-journalist og filosofistudent vart vegen til dette arkivet kort.

– Det var heilt nytt for meg at ein av vår tids fremste filosofar hadde brukt over to år av sitt liv i ei fjellside heilt inst i Sognefjorden. Den nye måten å tenkja filosofi på, som han stod for fascinerte meg sterkare og sterkare og det same gjorde trongen for å ta vegen inn til bygda som Wittgenstein omtalte som så sentral i og for sitt hovudverk, seier Åmås. Snart sette han seg i bilen.

  • – Det var heilt magisk

Knut Olav Åmås fortel: – Det var ein sein maikveld i 1991, eg køyrde innover fjorden, hadde alt lese mykje om både Ludwig Wittgenstein og Skjolden – og bilturen var heilt magisk! Ja, det vart fleire magiske møte, med folk i bygda og ikkje minst klatringa opp til tomta der huset hans hadde stått. Den gong stod berre grunnmuren att. Etter å ha opplevd dette som så ung innsåg eg at det Wittgenstein hadde skrive, det stemte. Det at Skjolden er ei alvorleg bygd – og at landskapet gjorde djupt inntrykk på han. Ikkje fordi det var så spektakulært, han kom jo frå eit alpeland. Nei, det var det meir tause og stille alvoret som trefte han, og ei bygd med menneske som ikkje gjorde seg til, slik han meinte det var i Cambridge. Dette trefte også meg, seier Åmås – meir enn 30 år etter det første møtet med bygda som kom til å prega filosofien så sterkt.

Skjolden er ein annan stad, rett og slett – ein stad med eit stille alvor som har påverka mange. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Skjolden

Framleis er Skjolden og indre Sogn hans favorittstad her i landet.

Allereie i 1994 kom unge Åmås ut med «Det stille alvoret» saman med Rolf Larsen og med eit vakkert etterord av Kjartan Fløgstad, boka som for mange har vorte det første møte med livet til Ludwig Wittgenstein og korleis han ikkje berre ein, men to gonger – endra den filosofiske retninga.Tre år etter – i 1998 – omsette Åmås, som den første i verda, «Den ukjende dagboka» etter Wittgenstein og i 2011 starta han eit Wittgensteinseminar som har inspirert mange hundre personar til å komma til det same området som bergtok filosofen.

  • Starta heilt tilfeldig

Det var eigentleg heilt tilfeldig at Åmås tok initiativ til eit årleg seminar om filosofen.

– Eg var på oppdrag for Aftenposten som kulturredaktør i samband med at Urnes stavkyrkje var opna etter restaureringa i 2010. Medan eg sat på andre sida av fjorden, på Walaker hotell og skreiv på ein kommentar til avisa, var det ei eldre kvinne som stoppa framfor meg og sa: Wittgenstein – du må lage eit seminar om Wittgenstein. Det var Oddlaug Walaker – mor til noverande generasjons leiing på Walaker hotell, det eldste i landet, og slik vart det. No har me hatt 13 seminar, seier Åmås.

Han ser ikkje vekk ifrå at det var nokon på Skjolden som reagerte på at han la seminaret til Solvorn. Det hadde med betre hotellfasilitetar å gjera, først og fremst, og at det var Walaker som tok initiativet til det heile, men seminaret har kvart år vore minst ein halv dag på Skjolden – først på tomta der huset stod og etter atterreisinga av huset på vitjing der fleire av Wittgensteins eigendelar er, ei seng, ein benk, eit skåp. Men dette kom ikkje av seg sjølv …

  • For eller mot

I ein liten mannsalder vart det snakka i bygda om attreising av Wittgensteinhuset, som vart rive og flytta opp i bakken på andre sida av Eidsvatnet på slutten av 1950-talet, etter at Wittgenstein hadde gjeve huset til sin gode ven på Skjolden, Arne Bolstad – og det attpåtil før han sjølv flytta inn. Lenge var det delte meiningar, både på Skjolden og elles i kommunen, om kva som burde skje med huset, medan folk frå alle verdshjørne klatra opp for å sjå på grunnmuren og den unike utsikta filosofen hadde frå stova si.

– Inntrykket mitt, etter at eg byrja å reise til Skjolden frå 1990, var at bygda lenge var delt – enten var du for eller mot Wittgenstein, interessert eller uinteressert. Bygda hadde også sjansen då dei skulle velja namn på det nye forsamlingshuset i sentrum. Alternativa var visstnok enten Fjordstova eller Wittgensteintunet. Fleirtalet ville diverre ha Fjordstova, konstaterer Åmås som i alle år har gjort det han kan for å få huset attreist og skrive kommentarar om det i Aftenposten fleire gonger.

Og eitt bidrag kan ha spelt tyngre inn enn mange andre – han fekk nemleg med seg dåverande riksantikvar Jørn Holme med på synfaring opp på tomta.

– Han vart veldig fascinert både av tomta og historia til huset og då vi kom ned att var han heilt klar: – Dette må vi få til, sa han, minnest Åmås. Resten er historie – takka vera mange lokale krefter, eit sterkt kommunalt engasjement og støtte frå sentralt hald, var huset attreist og offisielt opna av dåverande statssekretær Sveinung Rotevatn i juni 2019.

  • To «galne menn», inst i ein fjord

Dei to personane Knut Olav Åmås har arbeidd mest med i bokform er Olav H. Hauge og Ludwig Wittgenstein. Det har resultert i fleire bøker om sistnemnde og i 2004 kom «Mitt liv var draum», biografien om Olav H. Hauge, også ført i pennen av Knut Olav Åmås.

– Dei hadde noko, ja mykje – til felles desse to galne mennene, inst i kvar sin fjord, seier Åmås med glimt i auga. Dei møtte aldri kvarandre, men då Hauge var i lære som gartnar på Hermansverk i 1931 – kom Wittgenstein inn fjorden rett utanfor på veg til hytta si i Skjolden med skipet Kommandøren. Han segla med andre ord rett ute på den breiaste delen av Sognefjorden. Vi kan sjølvsagt spekulere i korleis desse to «galne karane» – plasserte langt inne i enden av kvar sin fjord, hadde funne ut av det med kvarandre, men Åmås trur det kunne gått bra.

– Mykje alvor, fåmælt alvor, og ein god del intense, agiterte diskusjonar, tenkjer Åmås om korleis eit møte mellom desse to unike mennene kunne ha vore.

Jon Fosse signerer Soga om Fridtjov den frøkne, som han omsette til nynorsk for Skald forlag i 2013 og som også handlar om livet ved fjorden. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Fosse signerer
  • Høyrest klok ut

Og då er det enkelt å kopla årets store litterære norske namn, nobelprisvinnar Jon Fosse, på att.

– Den kanskje finaste teksten som er skriven om Wittgenstein er nettopp forma av Jon Fosse, seier Åmås, stolt over og svært glad for at han fekk Fosse til å skriva etterordet då han omsette Den ukjende dagboka til Ludwig Wittgenstein i 1998.

Vi har spurt Jon Fosse kva han tykkjer om koplinga mellom han og Wittgenstein – at nobelprisen nesten kan karakteriserast som wittgensteiniansk og at vi gjerne vinklar saka om nobelprisen med denne koplinga til filosofen.

– Wittgenstein-vinklinga høyrest klok ut den, svarar Jon Fosse som elles ikkje har noko å tilføye utover det lange og vakre etterordet i Åmås' omsette dagbok om Wittgenstein.

  • Nokre ganske gode diktarar

Difor hentar vi nokre av Jon Fosses eigne ord i etterordet, skrivne for meir enn 25 år sidan, for å skildre forholdet mellom dei to genia, Jon Fosse og Ludwig Wittgenstein.

Han byrjar slik : «Den som kjem frå ein stad ved fjord og fjell på det norske vestlandet, og ikkje klarte å slå seg til tols med dei sanningar som på slike stadar har blitt rekna for gyldige, og som derfor, ofte i dei år ein var på veg ut or barndommen og inn i eit vaksnare liv, vende seg til litteratur og filosofi for kanskje å finne innsikter og sanningar som stod litt meir til truande, har nok mang ein gong trøysta seg med at sjølv om det rett nok ikkje har kome så mange store tenkjarar frå traktene kring desse fjordar og desse fjell, så har det i alle fall kome nokre ganske gode diktarar».

Og så held han fram : «Og dessutan, og det held ikkje opp med å fascinere oss, valde jo Ludwig Wittgenstein – av mange rekna om den fremste filosofen i sin generasjon, i alle fall som ein av dei to fremste, dersom ein då òg tar med Martin Heidegger – nærmast å busetje seg midt oppi dette filosofilause fjell- og fjordlandskapet vårt, som vi så uhjelpeleg er knytte til, er så prega av langt inn i kropp og sjel». Fosse er så innom Henrik Ibsens forhold til dette same område og skriv slik om akkurat det : «Og det har alltid gledd oss, ja, fryda oss».

  • At sola må kome

Og vidare om filosofen: «For på ein måte har det, at Wittgenstein sat der i hytta si og der skreiv i alle fall nokre av sine aforistiske djupe tankedikt, knytt oss til den store europeiske tradisjonen av dikt og tanke». Ifølgje Jon Fosse er det ingenting i dagboka som opptar «vår mann» så mykje som at sola skal kome attende, «Men du så overtydande han skriv om sin lengsel etter sola. At sola må kome».

Til slutt – og sidan han skreiv dette i 1998, knapt 40 år gammal – det som kanskje har gjort koplinga mellom vår eigen nobelprisvinnar og Wittgenstein endå meir attkjenneleg: «At Wittgenstein er vår mann, kan det ikkje finnast tvil om, for det går jo til og med også fram av «Den ukjente dagboka», som Ilse Somaville skriv i sitt forord, at Wittgenstein meiner «det useieleges område» har avgjerande mykje å seie for kunst, etikk og religiøsitet – og alt på første sida i dagboka slår han jo fast at skriving er ei gåve som ein kan bli fråtatt kvart einaste augneblink, evna til å skriva er noko ein får, ikkje noko ein har, nesten alt må bli skapt der og då. Men ofte er ein ikkje klar over det, slik ein heller ikkje er klar over at lyset er der før det har slokna …»

«Eg trur vi er Wittgenstein evig takksame for at han bygde seg ei hytte høgt oppe i ein fjellskråning i Skjolden, med utsyn til ein fjord», skriv Jon Fosse i etterordet. Her er utsikta frå hytta. Foto: Jan Inge Fardal / NPK
Wittgenstein si hytte
  • FAKTA
  • Ludwig Josef Johann Wittgenstein ( 26. april 1889 – 29. april 1951 ) var ein filosof og matematikar fødd i Wien i Austerrike. Wittgenstein var professor i Cambridge frå 1939 til 1947. Han kom frå ein familie med stor rikdom. Det meste Ludwig Wittgenstein arva gav han vekk og levde eit liv i nøysemd. Wittgenstein er rekna for å vera ein av dei viktigaste filosofane på 1900-talet. Ei ny retning innan filosofi kom til på grunnlag av verka til Wittgenstein, som frå 1913 hadde ei hytte i Skjolden i Luster kommune i Sogn. Her sat han og skreiv på verket Tractatus Logico-philosophicus , som vart gjeve ut i 1922. Hytta ved Eidsvatnet i Skjolden vart attreist og opna for publikum i 2019. (Wikipedia)

(©NPK)

jan.inge.fardal@npk.no