– Eg verdset denne tildelinga svært mykje, sa Jon Fosse, som ikkje er slik laga at han lar suksess gå inn på seg.
– Det er stor stas å få den høgste utmerkinga, det er ei stor ære, sa Jon Fosse til Nynorsk pressekontor.
Torsdag 20. juni 2024 vart Fosse tildelt storkorset av St. Olavs orden for eit framifrå forfattarskap.
– Virket ditt for litteraturen og det nynorske språket er i ei eiga klasse, sa kansellisjef, Mette Tverli på vegner av Slottet under utdelinga.
Dekorasjonen vart overrekt i lokala til Det Norske Samlaget i Oslo, Fosse sitt mangårige forlag.
– Vi er utruleg stolte over å få lov til å ha denne seremonien her, men òg for å få lov til å gi ut bøkene dine og få vere ein del av forfattarskapet ditt, sa forlagsdirektør i Samlaget, Edmund Austigard.
SKREMT SKULEGUT VART NOBELPRISVINNAR
– At eit så omfattande forfattarskap utelukkande er skrive på nynorsk er vesentleg, ikkje berre for nynorskbrukarar, men òg andre minoritetar i samfunnet, stadfesta kansellisjefen.
St. Olavs orden blir delt ut som «påskjønning for utmerka forteneste for Noreg og menneska». Storkorset er høgaste grada i ordenen, og berre to forfattarar har fått storkorset tidlegare. Henrik Ibsen tok imot storkorset i 1893, og Sigrid Undset i 1947.
– Reisa di frå skremt skulegut til nobelprisvinnande forfattar, er ei inspirerande forteljing om å finne sitt eige språk, og dele det med verda, påpeikte Tverli.
Fosse tok audmjukt i mot den ærefulle heidersutmerkinga. Han kommenterte spøkefullt at han heldigvis ikkje var sånn laga at han lar suksessen gå inn på seg, men at han likevel var takksam for tildelinga.
– Det skal noko til å bere alt saman, utdjupa han.
TUSEN INVITASJONAR
Så korleis skal ein oppbevare ein slik dekorasjon som storkorset?
– Planen er å leggje storkorset i ei reisekiste for oppbevaring, sa Fosse.
Elles har det ikkje vore mangel på flotte utmerkingar opp gjennom karrieren til forfattaren.
– Diplom og statuettar har eg på toalettet, men der byrjar det å bli ganske fullt no, sa han og smilte.
Tildelinga av Nobelprisen i litteratur i fjor er kanskje ein av dei mest kjende – og har klart vore med på å auke merksemda kring ordkunstnaren.
– Eg lyg nok ikkje når eg seier at det har vore over tusen invitasjonar, men eg må takke nei til nesten alt, sa han vidare.
Fosse trekte likevel fram at det har vore spesielt stor auke i førespurnadar frå utlandet, spesielt rett etter tildelinga.
– Før var eg kanskje mest kjend i litteratur-, teater- og nynorskverda – relativt små miljø, men når du får nobelprisen, så får ein ein slags nasjonal status.
Difor gler forfattaren seg til sommaren, då skal han endeleg få tid til å jobbe med eigne tekstar.
– Eg har prøvd å skjerme sommaren så godt som råd, fordi eg har fått lite tid til å jobbe med skrivinga etter kunngjeringa av nobelprisen. Så det ser eg fram til, avslutta Fosse.
(©NPK)
