25. juli 2026

Rassikringa av norske vegar er basert på flaks, meiner styreleiar i Fjordvegen

Av

Rassikring var nok ein gong tema under Arendalsuka 2024. På Fjordvegen si nettside er dette biletet frå riksveg 13 nær Stanatunnelen, Ullensvang i juli 2022 eit godt døme på livsfåren for dei som ferdast på denne vegen. Foto: Fjordvegen.

ARENDAL

Andre nasjonale turistvegar kan neppe rekna med same raske økonomiske reaksjon som Trollstigen fekk om det skulle, eller rettare sagt – når det rasar ut.

Det er kanskje den mest klare konklusjonen etter at Nasjonal rassikringsgruppe inviterte til debatt om rassikring i Samferdselsteltet under Arendalsveka.

Med ein programposttittel som først viste til at rassikring tryggjar samfunn og gjev klimatilpassing i praksis, og så stilte spørsmål om vegeigarane prioriterer dette, var det kanskje litt skuffande.

HELD TRYKKET OPPE

– Vel, det viktigaste er å halde trykket oppe. Viss ikkje Nasjonal rassikringsgruppe gjer det, så er det ikkje mange andre som vil. Dette er eit utruleg viktig tema og ei sak som det må vera fokus på, seier tidlegare leiar for rassikringsgruppa Jenny Følling, samd i at det ikkje var mykje nytt å henta frå politikarane om rassikring i denne debatten.

Rassikring vart tema under Arendalsuka, frå høgre Marte Persen Mjøs, Marta Sofie Vange og Randi Walderhaug Frisvoll. Foto: Jan Inge Fardal NPK
Rassikringspanel i Arendal 24

Etter 4 år som leiar gjekk ordføraren i Førde av tidlegare i år og ho var på debatten som tilhøyrar til eit panel der hennar etterfølgjar, Randi Walderhaug Frisvoll frå Møre og Romsdal, Aps Marte Mjøs Persen, Høgres Liv Kari Eskeland og styreleiar for Fjordvegen RV13, Marta Sofie Vange var mellom deltakarane – i tillegg til fagfolk frå både Mesta og Statens vegvesen.

PUSLETE RASPLAN

Dei to stortingsrepresentantane er rimeleg usamde om kor god den sist vedtekne nasjonale transportplanen (NTP) eigentleg er med omsyn til rassikring, medan Vange frå Fjordvegen var tindrande klar:

– Dette er ein puslete plan for rassikring, og eg likar ikkje denne vente- og – sjå-haldninga frå politikarane. Dette er ein plan som er mest basert på flaks, at flaks skal hindra at liv går tapt i ras, sa Marta Sofie Vange.

Ho peika på at det er 34 registrerte punkt med stor rasfare på riksveg 13 mellom Stavanger og Sogndal og at dette også er ein veg som har to strekningar som har status som nasjonal turistveg og at vegen dessutan er utruleg viktig for lokalt næringsliv og alle lokalsamfunna.

– Gjeldande NTP er sørgjeleg lesnad for alle som bur langs denne vegen, sa Vange.

IKKJE PRESEDENSOg representanten frå Fjordvegen hadde sjølvsagt fått med seg at Trollstigen tidlegare i sommar fekk 40 millionar kroner i ekstraløyving frå regjeringa etter at ras stengde vegen der.

Marte Mjøs Persen peika på at Trollstigen er eitt av våre viktigaste turistmål og at det difor var viktig å gje ei løyving som bidreg til at vegen bli stengd så kort tid som råd.

– Men etter er ei eingongsløyving og fylkeskommunen må ta ansvar og halde vegen ved like vidare. Eg trur ikkje at nokon utan vidare skal rekna med same type løyving kvar gong det går ras, eller at dette skapar presedens av noko slag, sa Mjøs Persen som likevel peika på at me har for vane å rydde opp raskast når noko skjer, anten det går ras eller ei bru kollapsar.

FULLE RASNETT

Leiaren for rassikringsnemnda, Randi Walderhaug Frisvoll peika på eit anna – uløyst og potensielt stort rasproblem i Trollstigen.

– Fangnettet som vart etablert for å hindre ras i vegbana er ikkje tømt på mange år. Kva gjer me med det? Og kor mange andre nett er i liknande situasjon rundt om? spurde Frisvoll og etterlyste nye måtar og ny teknologi for å løyse dette. Ei ny utfordring for dei som skal prioritere midlar til rassikring, med andre ord.(©NPK)

– Det er viktig å halde trykket om rassikring oppe, seie tidlegare leiar for Nasjonal rassikringsnemnd Jenny Følling, her på tilhøyrarplass i Arendal. Foto: Jan Inge Fardal NPK
Jenny Følling