25. juli 2026

/ skred / Brukar destruksjonsteknologi til å verne mot steinskred og tap av menneskeliv

Av

Gründer Kjell Fylkesnes er spent på om det første Bypass-prosjektet blir realisert i Sunnfjord, Kvinnherad eller ved Moi – alle tre prosjekta er under utgreiing. Foto: Bypass / NPK
Jan Inge Fardal
Jan Inge Fardal

Midt under den verste covidperioden fann Kjell Fylkesnes spiren til ein idé som kan komme til å revolusjonere rassikringa her i landet. Og det første konkrete prosjektet er truleg like rundt hjørna.

«Rimelegare og raskare skredsikring, slik at fleire punkt kan sikrast på kortast mogleg tid». Dette er bodskapen som kjem frå Bypass Sikkerhetstunnel, eit selskap som held til på Stord med samferdsleveteran Kjell Fylkesnes som gründer og stiftar.

– Det handlar mest om å sikra dei mest rasutsette strekningane her i landet på den raskaste, rimelegaste og ikkje minst – mest miljøvenlege måte, seier Fylkesnes. Like før jul i fjor fekk selskapet patent på metoden dei har utvikla. No er dei klare for å gjere kvardagen for dei mange som ferdast langs mange rasutsette norske vegar tryggare. Og dei har nok å gå laus på, det har gått over 40.000 skred og ras langs vegane i Noreg sidan 2000, heile 25 000 av desse er steinras. Klimaendringane gjer at dette talet kjem til å auka.

DET HASTAR

– Det hastar å komme i gang, gjere noko som verkar og det fort, seier Fylkesnes og peikar på at det for Bypass først og fremst handlar om å sikra dei kjende raspunkta, dei stadane der ein veit dei kjem til å gå ras. Og dette hevdar han at dei kan gjera utan å leggja om vegen, utan å bore i fjell – ja, til og med utan å stengje vegen.

– Me har hatt eit testanlegg i sving i lang tid, og dette verkar, seier Fylkesnes om det nye konseptet som enkelt forklart er ein prefabrikkert og modulbasert rasoverbygning, som raskt kan monterast der det er behov. Den tekniske løysinga er samansett av eit beresystem i stål og eit aluminiumstak med fire lag aktiv demping. Dette gjer at heile 85 prosent av energien i eit ras blir dempa.

– Me er åleine om denne løysinga og fekk patent i november i 2023, seier Fylkesnes som no, med solid støtte frå Innovasjon Noreg, har bygd opp eit selskap som skal vera klart til å ta i mot utfordringane som kjem.

TRE PROSJEKT

Bypass har for tida inne tre konkrete tilbod på prosjekt som kan bli realiserte rimeleg snøgt. Eitt handlar om sikring av ein gang og sykkelveg utanfor Førde i Sunnfjord kommune i regi av kommunen og Vestland fylkeskommune, eitt er eit forprosjekt for Statens vegvesen, som handlar om 60 meters skredsikring av E39 ved Moi og dessutan er det snakk om å sikre ein rasutsett anleggsveg for Statkraft og NVE i Mauranger i Kvinnherad kommune.

– Med den nye løysinga me har utvikla sparar ein både tid og kostnader, og viktigast av alt – me reduserer faren for skadar og tap av menneskeliv, seier Fylkesnes.

MÅTTE TENKJE NYTT

Gründeren peikar på at me i over 100 år har sikra vegane våre på stort sett same måte her i landet. Då han under den tyngste covidperioden sat og tenkte korleis dette kunne gjerast annleis, var han først innom tanken om å bruka opp att deler av alle oljeplattformene som blir demonterte på Stord.

Slik kan den rasutsette strekninga sikrast med den metoden Bypass har utvikla. Foto: Bypass / NPK
BYPASS

– Men eg kom fort til at denne forma for gjenbruk ikkje var brukande, det måtte bli aluminium, og slik vart det, seier gründeren. No er Bypass klare til å setje ut sine rassikringsmodular i eit materiale som lett kan tilpassast terreng og vegbane. Det handlar om modular som er fire eller åtte meter lange og som blir sette saman og monterte i løpet av få timar.

– Dette kan monterast utan at vegen nødvendigvis må stengjast, fortel Fylkesnes som reknar med at det blir størst etterspurnad etter modular på mellom 50 og 60 meter. Men han strekar under at det ikkje er noko problem med mykje lenger sikringstunnelar.

– Eit anna viktig moment med vårt produkt er at den eine veggen er heilt open – det betyr godt lys, det betyr god lufting og det betyr nesten null brannfare, seier Kjell Fylkesnes. Han er spent på kvar det første rassikringsprosjektet deira blir realisert, enten i Sunnfjord, ved Moi eller i Mauranger. (©NPK)