25. juli 2026

/ namn / Fosse-salg på over 100 000 bøker siste året: «Eg kan ikkje tru anna enn at nynorsken har fått høgare status»

Av

Den andre store stunda var då kongen overrekte meg diplomet og medaljen, då var eg liksom formelt nobelprisvinnar, fortel Jon Fosse. Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB / NPK
Jan Inge Fardal
Jan Inge Fardal

– Fyrst og sist vart eg glad. Og så byrja eg tenkja at det ikkje kunne vera sant, minnest nobelprisvinnaren. Dagen var 5. oktober i 2023 då Jon Fosse (65) fekk telefonen frå Stockholm som snudde opp ned på nesten alt.

På eitt år har Jon Fosse gått frå å vera ein norsk kjendis til å bli allemannseige. Det Norske Samlaget har hamna på ei svært eksklusiv liste over forlag verda over.

– Denne prisen har gjeve oss ein aura som me ikkje hadde før, seier direktør Edmund Austigard på telefon frå haustferie i Göteborg. For første gong sidan han byrja i denne jobben i 2012 skal han ikkje stå klar saman med alle dei andre når årets prisvinnar blir annonsert.

Me kjem attende til kva denne nobelprisen betyr for Samlaget, men først må me høyra frå hovudpersonen sjølv om korleis dette året har vore. Då me sende e-post og spurde om eit intervju torsdag, fekk me raskt eit høfleg svar om at me kunne senda spørsmåla, så skulle han svara skriftleg.

Her er intervjuet i sin heilskap.

OMSETT TIL 60 SPRÅK

– Etter dette året er du og forfattarskapen din kanskje meir gjennomanalysert enn nokon gong, er det noko du har merka deg spesielt?

– Det er mange år sidan eg slutta lesa det som blir skrive om meg, same kva det er. Jau det kan henda eg kikar på det, men ikkje så mykje meir. Det som vel mest har skjedd det siste året er at prosaisten Fosse har vorte mykje meir kjend – agenturet mitt har skrive om lag to hundre kontraktar. Og talet på språk eg er omsett til er no kring seksti.

Kunne det vera sant?

– Kva har gjort størst inntrykk på deg sidan 5. oktober i fjor?

– Aller mest inntrykk gjorde nok telefonen frå Mads Malm då han fortalde at eg skulle få nobelprisen. Eg har vel inst inne hatt ei tru på at eg kanskje kom til å få prisen, men eg eg trudde ikkje eg skulle få han i fjor. Fyrst og sist vart eg glad. Og så byrja eg tenkja at det ikkje kunne vera sant.

Den andre store stunda var då kongen overrekte meg diplomet og medaljen, då var eg liksom formelt nobelprisvinnar. Og den tredje då eg letta kunne pusta ut etter at eg hadde halde nobelføredraget mitt, svarar Jon Fosse.

NOKO HEILT ANNA

– Korleis oppfattar du at denne prisen er positiv for nynorsken?

– Dette kan sikkert andre svara betre på enn meg, men eg kan ikkje tru anna enn at nynorsken har fått høgare status.

– Korleis er dette livet som nobelprisvinnar?

– Det siste året har vore travelt, med mykje virak. Det er noko heilt anna å vera nobelprisvinnar enn forfattar og dramatikar. Det fyrste er gjævt, kor gjævt det andre er, ja det er nok meiningane delte om. Eg har fått eit tusentals invitasjonar, og har takka ja til nokre få. Men sjølv dei få har ført til meir reising enn eg ynskjer. Eg trur det roar seg no når ein ny vinnar snart blir kunngjord, og i alle fall kjem eg framover til å takka nei til endå meir.

– Kva er det verste med å vinna ein slik pris?

– All merksemda, alt styret. Eg vil helst leva så tilbakedrege og usynleg som mogleg.

– Får du tid og rom til eit familieliv?

– Eg svarar aldri på private spørsmål om familie(liv) og anna.

NY ROMAN

– Får du ro og høve til å skriva? Viss ja, kva er du i gang med no?

– I sommar fekk eg rydda tid til ein lengre periode med berre eit par intervju. Då klarte eg å gå igjennom og gjera ferdig ein roman som heiter Vaim. Den kjem ut til neste år.

– Til slutt, har du nokon favoritt til årets nobelpris i litteratur?

– Eg har stor sans for australske Gerald Murnane, som eg har omsett ein roman av, og held no på med den andre, men eg tvilar på at han får prisen. Ungarske Lazlo Kraznahorkai trur eg får prisen før eller seinare. Han er nok det beste forfattaren er har lese i seinare år. Men i år trur eg prisen går til ein asiatisk forfattar. I fleire år har jo kinesiske Can Xue vore eit fyrsteval på spelelistene og sentral i spekulasjonane. Eg har ikkje lese noko av henne, men eg ser fram til å gjera det anten ho får prisen eller ei, svarar fjorårets nobelprisvinnar Jon Fosse.

  • Nokre dagar etter intervjuet, vart årets litteraturpris tildelt koreanske Han Kang. Så Fosse fekk rett i at prisen denne gongen går til Asia. Lesa om Han Kang her.

OVER 100 000 BØKER

Uansett kven det måtte bli, forlaget som får prisvinnaren må førebu seg på ei ny tid. Det er nemleg eit før og eit etter når me snakkar om ein pris i denne kategorien. Og det har ikkje berre med boksal å gjera, sjølv om det betyr svært mykje at det i månadane frå 5. oktober i fjor og til 1. september i haust vart selt over 100.000 Fosse-bøker og notert meir enn 50.000 strøymingar.

Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard konstaterer at Jon Fosse og nobelprisen kjem til å halde dei varme i lange tider framover. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
Edmund Austigard

– Det betyr også svært mykje for oss å vera på den eksklusive lista over forlag i denne kategorien. Det opnar mange dører og gjer det mykje lettare å få i boks internasjonale avtaler, seier forlagsdirektør Edmund Austigard. Han dreg også fram kor verdfullt det er å vera eit kjent namn i den internasjonale medieverda, for aviser som New York Times, El País, The Guardian og mange, mange fleire.

– Eg håpar, ja eg veit at dette også betyr mykje for dei andre forfattarane våre – dette gjer noko med sjølvbiletet vårt. Glansen av nobelprisen kastar av seg på oss, seier direktøren.

Han trur også at dette styrkar rekrutteringa av nye, unge forfattar-talent og innser at det å faktisk få nobelprisen har vore mykje større, mykje meir påtrengjande, enn han såg føre seg alle dei åra dei stod er framfor TV-skjermen og håpa på å få prisen.

– Jon Fosse og nobelprisen kjem til å halde oss varme i lange tider framover, konstaterer forlagsdirektør Edmund Austigard etter det første året «der oppe».

I samband med litteraturpristildelinga laga Nynorsk Pressekontor og Fretta denne dokumentarsendinga om Jon Fosse.

https://vimeo.com/892514807