25. juli 2026

/ arbeid / Ekstremsankarar berga sau og lam på kanten av stupet

Av

Her er sau og lam berga ned i siste liten før jul. Leia av den erfarne sauebonden Bjarne Navelsaker (til venstre) lukkast Rasmus Haugen, Rune Haugen og Runar Navelsaker å berge mor og dotter ned frå ei iskald fjellhylle i Høgefloget over Hornindalsvatnet. Foto: Fretta / Magne Otterdal

Sauesanking er ekstremsport på høgt nivå. Her er sau og lam berga ned frå ei isete og stupbratt fjellside over Hornindalsvatnet i Volda kommune.

Her er det 400 meter rett ned i Hornindalsvatnet. Rasmus Haugen frå Hornindal er ekstremutøvar i faget sauesanking. Foto: Rune Haugen.
Rasmus Haugen

– Det er klart det er litt bratt og luftig, seier Rasmus Haugen. Han utførte den mest risikable delen av bergingsaksjonen.

– Korleis opplever du å ha fått ned dyra frå fjellhylla?

– Det er kjekt det, å få dei ned så dei ikkje blir ståande der og lide naud, seier Haugen.

Det er ikkje uvanleg for han og dei andre tre i dette sankelaget med spesialkompetanse på saueberging i ekstremt utfordrande terreng å hente ned sauer som står fast på fjellhyller.  Men det er heller ikkje daglegdags for den erfarne sauebonden Bjarne Navelsaker, Rasmus Haugen, Rune Haugen og Runar Navelsaker å være på bergingstokt i dei stupbratte fjellhamrane i det vinteren bit seg fast i fjellsidene over Hornindalsvatnet.

Fretta.no kjem attende med videoreportasje om den spektakulære bergingsaksjonen – følg med her!