Nils Andreas Stensønes i Etterretningstenesta åtvarar mot å tru at ein slutt på Ukraina-krigen vil føre til eit mindre aggressivt Russland.
– Sidan vi presenterte dette i fjor har verda vorte farlegare, sa sjefen for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, under presentasjonen av dei årlege trusselvurderingane saman med Politiets tryggingsteneste og Nasjonalt tryggingsorgan.
Han seier at Russland fører ein meir aggressiv utanrikspolitikk, og at dei reknar seg for å vere i varig konflikt med Vesten.
– Det vil ikkje endre seg når krigen i Ukraina er over. Kreml vil rekne ei forhandla løysing i Ukraina som ein pause, ikkje ein slutt på konfrontasjonen med Vesten. Dei vil utnytte denne pausen til å byggje opp att økonomien, industrien og militærmakta, seier sjefen for E-tenesta.
Han seier at det også gjennom 2024 har vorte klart at Kreml tek større risiko for å fremje interessene sine. Stensønes viser til at det vart registrert 40 planlagde og gjennomførte russiske sabotasjeaksjonar i Europa i 2024. Desse blir ofte utførte av betalte avløysarar, mellom anna kriminelle.
– Bruken av slike avløysarar gir dei russiske aktørane mindre kontroll over aksjonane og dermed høgare risiko for utilsikta konsekvensar, seier Stensønes. (©NPK)
