25. juli 2026

/ fjern = syn / «Betongklippa med Aasens signatur er ei sterk markering av mannen som bygde eit heilt nytt skriftspråk – stein på stein – som sitt livsverk. «

Av

Eg er godt i gang med det som skulle vise seg å bli sommarens store prosjekt på bruket. Solsida av huset skal få eit fint murverk – ikkje for å overgå dei steinverka oldefar og farfar har prestert ute i bakkane, men som ei vidareføring.

Dei fekk ut stubbutaren, til stor hjelp for å mura jordstein på opptil eit tonn. Eg kjenner på energien frå det arbeidet forfedrane mine dreiv med, og får innsikt i opplevinga av besten og korleis vi hadde det med å dyrke jorda.

Med stein, røyser og bekkefar. Besten mura til og med elvebreidda for å skaffe nokre ekstra kvadratmeter dyrka jord. Resultatet har blitt eit kunstverk av eit småbruk – eit praktverk sett som landskapskunst.

Ved sjølv å ta opp tørrmuringshandverket får eg innsikt. Eg har ofte undra meg over kva dei tenkte på då dei, før og etter 1900, i ein 80-årsperiode grov opp stein og dyrka 25 mål med grasmark for å fòre ein liten saueflokk og eit par kyr. Metoden min kallas "be bad at it" på engelsk, og handlar om å prøva seg som eit born, igjen og igjen, fyrst med mest fel, men etter kvart med innslag av suksess.

Ein må sjølv faktisk drive på med hakke, grafse, spett, sleggje og stubbrytar for å få eit glimt av innsikt i korleis det var. No veit eg det. Lykjelordet var den gongen for hundre år sidan det same som i dag: Skapartrong. Å mure med naturstein greven opp frå jorda set deg i kontakt med dei som levde her for hundre år sidan, og for tusen år sidan for den del.  Eller for 10 000 år sidan.

Det er likevel ein stor skilnad mellom kvifor ein murte i gamle dagar, og det eg for min del driv med no.  Den gongen var ein nøydd til å grave opp steinen og røtene for å dyrke jorda, og det måtte gjerast med handemakt. Og ein såg føre seg at ryddinga måtte gjerast for å skape eit betre liv. Den dimensjonen var nok like sterk som skapartrongen den gongen.

Midt i muringa passa det fint å ta eit avbrekk og køyre gjennom Kviven (Kvivsvegen??) til Åsentunet i Hovdebygda, mellom Ørsta og Volda. Der fekk eg høyre den elegante kulturkvinna Åse Kleveland markere 30 år sidan grunnsteinen vart lagt. Eg tvilar på om ho har drive muringa lenger nettopp legge grunnsteinar.

I den bratte bakken der Ivar Aasen vaks opp for over to hundre år sidan greia Kleveland ut om prosessen med å byggje eit markant kulturhus på tuftene til Aasen, og korleis ho som kulturminister sørgde for å gje arkitektoppdraget direkte til Sverre Fehn – litt utanom reglane for offentlege oppdrag.

Ho konkluderte med at dette var eit regelbrot til det beste. Verket er eit signaturbygg – og ikkje minst eit mekka for nynorsken, godt synleg oppe i åsen med utsyn over Hovden flyplass og fjella som danderer landskapet.

Betongklippa med Aasens signatur er ei sterk markering av mannen som bygde eit heilt nytt skriftspråk – stein på stein – som sitt livsverk. Eit skriftspråk som har avla noko av det største i verdslitteraturen og poesien, jamvel sakprosa og humor.

Eg vaks sjølv opp med nynorsken. Starta journalistkarrieren med henne, og meiner ho har vore grunnsteinen i mi formidling som mediearbeidar i snart 50 år. (Åse??)

Som pensjonist og evig redaksjonell optimist har nynorsken kome tilbake som ei gåve frå barne- og ungdomsåra. Ho manar fram røynsler og minne frå dei formative åra då eg som 16- og 17-åring vart fanga av journalistikken.

Men attende til det steinrelaterte i nynorsken: Kleveland, Hovde, grunnsteinen til Åsentunet – verdsklasse. Ho avslutta opningstalen for Festspela 2025 med å syngje Ola Tveiten. Ho song: «Eg har vel lempa pukkstein, og eg har vel lempa grus.»

Eg kjenner det i kroppen. Eit par timar etter at eg sjølv har hakka, grave og spetta på fleire hundre kilo tunge steinar midt i mitt eige tun – berre ein trekvarters biltur frå amfiet i Åsentunet.

No nynnar eg Nilbørn Nilsens drikkevise – eller rallarvise – om steinarbeidande arbeidsfolk som bygde infrastruktur med handmakt: hakker, grafser, spett og stubbebrytar. Men òg med augeblikk av dynamitt – utvikla av Alfred Nobel.

Og det er verkeleg dynamitt i nynorsken. Det er skapt tekstar med sprengkraft – som verkar, og som blir høyrde verda rundt.

Prisen som Nobels dynamittformue har mogleggjort, har markert dette. Jon Fosse visste at etter eit forfattarskap på rundt 40 år, gjekk Nobelprisen i litteratur til strandebarmingen. Han bygde tekstane sine stein på stein, levde og skreiv stødig som stein. Og til slutt slo tekstane gjennom – verda over.

Folk flest i Noreg skjøna kanskje lite av litteraturen Fosse heldt på med. Men då han fekk flytte inn i – eller vart tvangsflytta inn i – statens kunstnarbustad, Grotten, nærmaste nabo til kongen i Oslo, byrja det å demre i folkedjupet. Bustaden for dei som driv med krevjande kunst.

Komponisten Arne Nordheim budde i Grotten før Fosse. Og då det small frå Nobelkomiteen i Stockholm hausten 2023 med litteraturprisen til Fosse, var det ikkje berre ei demning som brast – det var full soloppgang for fosselitteraturen og nynorsken.

Forfattaren i Grotten har i lange periodar hatt sitt andre heim i ei grend utanfor Wien i Austerrike. Hovudet og røynslene til Fosse, med oppvekst frå eit vestlandsk småbruk, har blitt noko av det mest spennande litterære universet verda har sett.

Fosse var festspelforfattar ved Aasentunet i 1997. I år var det Marit Kaldhol som tok publikum med på ei grammatisk reise inn i nynorsken – og inn i naturen.

Frå Ål kom Stein Torleif Bjella med bandet sitt. Eit døme på nynorsk poesi med tidvis rocka tendensar i låtane. Bjella er blitt ein singel, middelaldrande mann med nedlagt småbruk, som drøymer om kvinnfolk – men som ikkje får tilgang.

Og som ikkje får til noko varig samliv – sin poet. Stein Torleif er ein ekte stein som skaper stemning på sommarturné landet rundt, med ein særegen sjanger.

Ein sjanger av viseprosa med ein dyrka bandtone av einsemd og tankar. Tekstane er på rim, tidvis naudrim. Og etter kvart som junimyggen bit frå seg i Åsen-lyngen, syng Stein Torleif til dømes:

«Eg kunne sykla Ål rundt, det kunne vore sunt. Eg kunne gått bort til demninga, kunne hjelpt på stemninga. Skulle ha slått meg meir laus, ho sa eg var for taus.»

Neste morgon var eg attende på mitt eige tun, sveittande over jordsteinar, medan eg prøver å skape mitt eige univers – stein på stein, taus som Stein Torleif. Eg tenkjer at det er kontakt mellom steinane – både i ein steingard, reint fysisk, og dei kulturelle steinane Åsentunet byr på i sitt 26. år. Og 30 år etter at grunnsteinen vart planta av Åse Kleveland.

Ho tala òg om Sverre Fehn, og tilrådde publikum å gå til Domkirkeodden på Hamar for å sjå kva Fehn har skapt der. Det tek nær fire dagar og netter å gå frå Åsentunet til Hamar – men kvifor ikkje?

Ivar Aasen gjekk mykje til fots då han i fleire tiår på 1800-talet reiste rundt i landet frå nord til sør og samla ord til si nynorske ordbok.