25. juli 2026

/ arbeid / «Vi fann mange tilfelle der folk jobba utan arbeidskontrakt, dei fekk ikkje lønnsslipp eller forsvarleg lønn.»

Av

Leiar for A-krim i Oslo, Gro Smogeli, ynskjer meir ressursar for å kunne stanse fleire som driv ulovleg næringsverksemd. Foto: Bent Tandstad / NPK
Bent Tandstad
Bent Tandstad

– Vi prioriterer å stanse kriminelle aktørar som konkurrerer med dei som driv lovleg. Samarbeidet mellom politiet, Arbeidstilsynet, Skatteetaten og Nav har gitt gode resultat.

Det seier leiar for A-krim i Oslo, Gro Smogeli, til Nynorsk pressekontor.

I arbeidslivskrim-avdelinga jobbar politiet i tett samarbeid med dei tre andre forvaltingsorgana. Hovudmålet er å gjere det enklare å knekkje dei useriøse og/eller kriminelle aktørane som øydelegg for det seriøse arbeidslivet.

Arbeidslivskriminalitet er ikkje berre eit hovudstads-problem og det er etablert a-krimeiningar over stort sett heile landet.

Varebilnæringa

– Vi har sett det på fleire felt, no sist i varebilnæringa. Ofte er det utlendingar, eller norske borgarar med utanlandsk bakgrunn, som hyrer inn folk til å jobbe for seg. Vi fann mange tilfelle der folk jobba utan arbeidskontrakt, dei fekk ikkje lønnsslipp eller forsvarleg lønn, og mange kunne minimalt med norsk. Mykje av lønna var svart, seier Smogeli.

Det kan vere folk som oppheld seg i Noreg ulovleg som vert utnytta på denne måten.

– Det seier seg sjølv at det er vanskeleg for den seriøse delen av næringa å konkurrere på pris med dei som driv på denne måten, seier Gro Smogeli.

Aksjonen har ført til endra regelverk. No blir det kravd HMS-kort for varebilar, på lik line som til dømes i bygg- og anleggsnæringa og reinhaldsnæringa – næringar der det tidlegare var ein del aktørar som ikkje følgde lover og reglar. Kortet er eit slags identitetskort som viser kven arbeidstakaren er og kvar vedkommande bur.

Smogeli fortel at det ofte er næringar med låge kompetansekrav eller opplæring, stor andel av ufaglært arbeidskraft og der mellombels eller utanlandsk arbeidskraft blir nytta, som er mest utsette for slik type kriminalitet. For å køyre varebil treng ein berre eit vanleg førarkort.

A-krimsenteret har også fanga opp mange som driv ulovleg innan bilpleie og restaurantdrift, spesielt mindre pizzarestaurantar og kebabsjapper.

Innan massasje, frisørsalongar og oppsøkjande handverksverksemd er det også mange som prøver å drive ulovleg.

Reinhald var ei utsett næring, men her har det blitt litt betre etter innføring av HMS-kortet og plikt for arbeidsgivaren til å undersøkje, og om naudsynt kontrollere, at verksemda som gjer jobben, følgjer føreskriftene.

Personleg ansvar

A-krimsjefen meiner det er viktig at også publikum tenkjer over kva tenester dei gjer seg nytte av.

– Om du får tilbod om full vask og polering av bilen for 300 kroner, så er det grunn til å stusse. Av og til kan tilbod frå useriøse aktørar vere altfor gode til at dei kan vere lovlege, seier Smogeli med ettertrykk.

Dei som jobbar med a-krim ser også at det er ein god del gjengangarar, det som blir kalla konkursryttarar.

– Det kan vere folk som startar eit firma. Dei får momsrefusjon, men betalar ikkje det dei skuldar. Refusjonen brukar dei til å betale svarte lønningar eller dei går i eiga lomme. Momskravet blir ikkje betalt, og selskapet, gjerne eit personleg selskap, blir slått konkurs. I løpet av kort tid startar dei eit nytt selskap, eller dei jobbar i eit selskap ein kjenning har etablert, fortel Smogeli.

– Treng meir ressursar

Gro Smogeli meiner at samarbeidet i A-krim har fungert godt, og at dei har stansa mange useriøse aktørar. Men Oslo er ein stor by der det er lettare å gøyme seg. Så ho er redd for at mange kjem seg unna fordi dei ikkje har kapasitet til å ta alle.

– Eg skulle ynskje at vi fekk meir ressursar til rådvelde, då kunne vi fått større slagkraft. Det er veldig mange utanlandske arbeidarar i Oslo-området. I forfjor kontrollerte vi folk frå 60 ulike nasjonalitetar, i fjor over 40. Det seier litt om kompleksiteten.

A-krimsjefen har inntrykk av at både Solberg-regjeringa, som sat frå 2013 til 2021, og Støre-regjeringa har hatt ei svært positiv innstilling til det tverretatlege arbeidet A-krim-eininga gjer.

Det tverrfaglege samarbeidet skal fokusere på forhold som har interesse for mist to av etatane i samarbeidet. Det at dei kan dele informasjonen som kvar etat sit på, er ei viktig hjelp.

– Men konseptet med samlokalisering, at vi samarbeider og deler informasjon på tvers av etatane, trur eg har veldig god effekt for samfunnsoppdraget vårt. Det å ta dei kriminelle og useriøse. Stanse dei og prøve å hindre at dei etablerer seg, forsikrar Gro Smogeli.

Nyleg la arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Her lovde ho blant anna 10 millionar kroner ekstra til Arbeidstilsynet. Fleire av tiltaka i handlingsplanen rettar seg mot utanlandske arbeidstakarar og andre i særleg sårbare posisjonar.

Fakta om A-krim

* Arbeidstilsynet, Nav, politiet og Skatteetaten er samlokaliserte i a-krimsenter i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Bodø, Tønsberg og Alta.

* Utanom sentra er det etablert tverrfaglege samarbeid mot a-krim i Møre og Romsdal, Innlandet og Follo, Romerike og Østfold.

* A-krim er ikkje eit forvaltingsnivå. Dei som jobbar her er framleis tilsett i anten politiet, Nav, Skatteetaten eller Arbeidstilsynet, men dei er samlokaliserte og samarbeider tett.

* Starta i Bergen for 11 år sidan som eit prøveprosjekt. Sidan er ordninga utvida til det meste av landet.

(©NPK)