25. juli 2026

/ aktuelt / «Det er ei slags teppebombing av bodskap som kanskje når ut til ei spesifikk veljargruppe.»

Av

Seniorforskar Paul M.H. Buvarp ved FFI då regjeringa i juni la fram ein strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Vi har fleire tilfelle vi er nysgjerrige på, seier FFi-forskar Paul M.H. Buvarp, som undersøkjer om framande makter har freista å påverke den norske valkampen.

På oppdrag frå Kommunaldepartementet leier Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) eit forsøk på å kartleggje denne typen påverking.

Fasiten kjem seinare, men Buvarp fortel at det har vore hendingar i valkampen som vekkjer interessa til forskarane.

– Vi er nysgjerrige på om dette er tilfelle som dukkar opp i analysen vår i etterkant, seier han til NTB.

Han siktar mellom anna til mange anonyme politiske brukarkontoar i sosiale medium og brosjyrar utan avsendar som folk har fått i postkassene.

I tillegg vart Høgres nettsider denne veka utsett for eit hackarangrep som ei prorussisk gruppe er mistenkt å ha stått bak.

Mange profilar

Anonyme aktørar som spreier politiske bodskap i sosiale medium i valkampen, er tidlegare omtalte av fleire medium.

På Instagram og TikTok fann Aftenposten minst 30 anonyme profilar som spreidde politiske bodskap. Dei fleste fremja høgreorienterte synspunkt, men venstreorienterte profilar finst òg.

Ein av profilane var Virale Videoer, som også har vore svært aktiv på Facebook. Dagens Næringsliv (DN) har beskrive korleis Virale Videoer på Facebook la ut innhald som støtta Høgre og Frp og sverta statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og omtalte han som «Juge-Jonas».

Ein av videoane om «Juge-Jonas» fekk over 550.000 visningar, ifølgje DN. Virale Videoer skal ha brukt nesten 400.000 kroner på å fremje bodskapane sine på plattformene til Facebook-eigar Meta.

«Occultus Spiritus»

Då DN prøvde å finne ut kven som stod bak Virale Videoer, fann dei ei e-postadresse med aliaset «Occultus Spiritus» og telefonnummeret til ein snikkar i Enebakk som ikkje visste noko om den politiske kampanjen.

Deretter forsvann annonsane med «Juge-Jonas» frå Metas plattformer, ifølgje avisa. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) opplyste at dei hadde vore i dialog med det amerikanske selskapet om saka.

FFi-forskar Buvarp seier folk i utgangspunktet har rett til å fremje politiske bodskap anonymt i offentlegheita. Men han kallar det ei utfordring at sosiale medium gjer det mogleg å spreie slike bodskapar svært raskt og breitt.

– Promotering av visse parti gjennom mange falske kontoar, det er ei slags teppebombing av bodskap som kanskje når ut til ei spesifikk veljargruppe, seier han.

Vurderinga til Politiets tryggingsteneste (PST) er at det er lite sannsynleg med store, målretta påverknadsoperasjonar i Noreg i samband med valet.

Avsnittsleiar Atle Tangen i PST seier likevel i ei fråsegn til NTB at dei ventar at Russland – og enkelte andre autoritære statar – vil gjennomføre påverknadsoperasjonar i Noreg i tida framover.

– Ei sårbarheit

Når det gjeld cyberangrepet mot Høgres nettsider, meiner Buvarp at tidspunktet er oppsiktsvekkjande.

Inntrykket hans er at denne typen såkalla DDoS-angrep er ganske vanlege. Men når det skjer rett før valet, kan det få andre typar konsekvensar.

– Det viser ei slags sårbarheit, og folk byrjar kanskje å diskutere om desse russiske aktørane har eit formål med å forstyrre visse parti.

Høgre kontakta sjølv Nasjonalt tryggingsorgan, som i ei fråsegn til NTB sa dei mistenkte at ei prorussisk gruppe stod bak angrepet.

– Det at nokon prøver å påverke den norske valkampen, er svært alvorleg, men dessverre ikkje overraskande, sa utanrikspolitisk talsperson for Høgre Ine Eriksen Søreide.

Utfordrande for unge

Buvarp fryktar det kan vere vanskeleg særleg for unge å kjenne igjen ulike former for påverking i sosiale medium.

– Kanskje spesielt for den yngre generasjonen kan det vere vanskeleg å sjå forskjell på politisk innhald som prøver å overtyde deg om å stemme på ein viss måte, og det som er meint som underhaldning.

Han får støtte frå Medietilsynet, som peikar på at eit stort fleirtal av førstegongsveljarane får opp nyheiter i feedane sine i sosiale medium.

Ifølgje ein ny rapport frå Medietilsynet sjekkar berre 4 av 10 om informasjonen faktisk stemmer.

– Vi veit dermed at denne målgruppa er spesielt sårbare for desinformasjon, seier fungerande direktør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet i ei fråsegn til NTB.

– Algoritmane frå plattformene bidreg også til at ein får meir av det same i feeden, som vidare hindrar nyansar og meiningsmotvekt, legg ho til. (©NPK)