Når Margit Sandemos berømte – og berykta – 47 binds serieroman om Isfolket tek plass på teaterscena, blir det i sju akter med demonar, svartenglar og hekser.
– Vi har teke serieromanen og black metal og late dei møtast i same framsyning, hevdar Oda Radoor, som saman med Simon Formo Hay har dramatisert og regissert «Sagaen om Isfolket». Og legg til:
– Det blir høg lyd, mykje røyk og mykje sex!
Premieren står på Nationaltheatret onsdag, og har vorte teke godt imot av billettkjøparane. Det er ikkje utan grunn at teateret i omtalen sin kallar Margit Sandemo (1924–2018) for «folkeforfattaren».
Men det betyr også 12-årsgrense på grunn av eksplisitt innhald – og eigen intimitetskoordinator.
– Ho skreiv erotisk fantasy, fastslår Radoor.
Frå Døden på Oslo S
På fasaden til det ærverdige Oslo-teateret heng banneret for «Sagaen om Isfolket» på den eine sida av hovudinngangen – og banneret for Shakespeares «Macbeth» på den andre.
Så er det då også eit ungt og uforferda team som står bak den nye framsyninga. Hay og Radoor har tidlegare samarbeidd om «Døden på Oslo S», «Europavisjonar» – og "=Oslospelet Et sted å være». Kvifor «Isfolket»?
– Det er eventyr, det er norsk, det er spennande. Vi grip tak i den okkulte delen av «Isfolket». Men vi ante nok ikkje heilt kva vi gjekk til, seier Oda Radoor. Ho «snikleste i bøkene i kjellaren til kusina på Råholt» som jentunge. No skal ho vere med på å få dei 47 bøkene opp og fly på scena.
– Frankensteins monster
Simen Formo Hay dumpar ned i det raude plysjsetet i den ærverdige teatersalen. Som no har flammar hengjande ned frå vegger og balkongar, ekstra høgtalarar installert rundt i salen – og eit digert lyssett pentagram hengande over scenegolvet.
– Vi har fødd Frankensteins monster – og no held vi på med å lære han opp, seier Hay når NTB møter han heilt på tampen av prøvetida med tusen ting som skjer.
– Det er så mørkt at ein blir glad, seier han om monsterframsyninga: Som blir minst tre og ein halv time lang og der 14 skodespelarar – «i minst 120 kostyme» – skal spele ei handling som strekkjer seg frå 1581 til 2001.
Ut mot Kyrkja
I første del blir dei første seks bøkene spelte, med favorittar som Sol og Tengel. Andre del er den meir okkulte delen, ifølgje Radoor: Der kjem Isfolket i berøring med ei kraft som er Lucifer, den nedstyrta engelen.
– Lucifer er ein helt i Sandemos historie, og verken vond eller god. Stykket handlar jo om at tanken om det gode blir brukt som våpen, at Kyrkja bruker ideen om det gode til å gjere vonde ting, seier Oda Radoor – som trur dette kan vere årsaka til at ho og Hay møtte på eit uventa problem då dei skulle lese seg gjennom «Sagaen om Isfolket»:
– Vi mangla først dei innleiande seks binda. Vi fann dei ikkje på biblioteket. Frelsesarmeen tek vekk bøkene hennar i sorteringa si, kanskje fordi ho angrip kristendommen som ho gjer?
– Var fortagde
Men dei fann dei til slutt og «elska dei». Så las dei Sandemos sjølvbiografi, som ho kom med i 2010. Der skreiv ho ifølgje ein meldar om sitt eige liv «som det var ein roman av Margit Sandemo; høgdramatisk, drivande, fylt av sterke kontrastar».
– Då vi las om livet hennar … seier Oda Radoor og lèt det kvile litt:
– Ho hadde så mykje varme for alle menneske, og samtidig så mykje sjølvforakt. Dette er forfattaren som skapte eit varmt mørke som heile Noreg koste seg med. Samtidig har bøkene hennar vore fortagde som del av kulturarven vår.
Sjølv sa Sandemo ifølgje Forskning.no at ho prøvde å formidle det ho trudde på – «kjærleiken til menneske og dyr, personleg fridom til å gjere som ein vil utan å såre eller skade andre, og forståing for dei som er annleis».
Komponerte satanrocken
Sidan ideen om «satanrock» var med dei to dramaturgane frå starten, har musikken ei stor rolle i «Sagaen om Isfolket». Den er skapt av Tobi Pfeil, som har kjent Hay sidan begge var 16 år.
Pfeil har late seg inspirere av mange ulike element – i spennet frå blockbustermusikk à la «Ringenes herre» til Mayhem og Burzum.
– Det blir eit stort lydbilete, med mykje rock. Vi har ekstra høgtalarar over heile scenerommet, som skal omgi publikum og gi dei kjensla av å vere inn i Isfolkets dal. Det bryt litt med historia til rommet, kan du godt seie.
Jenny speler stammora Silje
Silje, som Sandemo i aller første «Isfolket»-bok beskreiv som ei knapt sytten år gammal jente med auge som var uforståande og store av einsemd og svolt, blir spelt av Jenny Mueni Ndunda.
– Ho er fryktlaus, uredd, annleis og blir trekt mot eit mørke der ho giftar seg med Tengel. Omstenda hennar er heilt kraftige, det er vanskeleg å setje seg inn i, seier Ndunda om rollekarakteren som mista familien i pesten som herja landet.
Ho meiner Nationaltheatret med denne oppsetjinga viser ei sjeldan breidd:
– Som ei enkel jente frå Oslo aust og Groruddalen synest eg det er heilt magisk. Ein gong vart desse bøkene rekna som kiosklitteratur biblioteka ikkje ville ta inn. No er dei her. Det må det vere plass til. Når teaterbransjen blør, gjeld det å trekkje nye publikummarar.
(©NPK)