
Menn er involverte i dei fleste snøskredulykker i Noreg. Forskarar peikar på risikovilje, skråsikkerheit og fleire timar i bratt terreng som viktige forklaringar.
– Eg sa ein gong spøkefullt til Dagens Næringsliv: «Er du mann, finn dama, gå bak og hald kjeft» . Då blei eg ganske populær blant damene, seier Audun Hetland med latter.
Men det ligg alvor bak.
Hetland er forskar ved UiT Noregs arktiske universitet og jobbar med snøskred i Care – Center for Avalanche Research and Education. Han peikar på at ein interessant observasjon ved norske skredulykker er at det ikkje finst døme på reine kvinnegrupper som har blitt tekne av og mist livet i snøskred.
– Vi har data som tyder på at kvinner og menn ofte opptrer ulikt i skredterreng. Menn blir oftare skråsikre, og skråsikkerheit er noko av det mest utfordrande du kan ta med deg inn i komplekst terreng.
Åleine og meir i bratte bakkar
Og ifølgje Andre Horgen, dosent ved Universitetet i Sør-Noreg står menn for fleirtalet av skredulykker – både i Noreg og i utlandet. Ein viktig del av forklaringa ligg i kven som deltek i ulike former for skiaktivitet.
Kvinner deltek generelt mindre i skiaktivitet enn menn, fortel Horgen. Slik har det vore i fleire tiår, men skilnaden har vore mindre dei siste åra. Likevel spelar også ulik risikovilje mellom kjønna inn, seier Horgen til Nynorsk pressekontor.
– Menn er generelt meir risikovillige og meir adrenalinsøkjande. Det ser vi i mange samanhengar, ikkje berre i skredstatistikk. Menn rapporterer også oftare at dei er trygge på eigne vurderingar, enn kva kvinner gjer, seier Horgen.
Når ein bryt skredulykkene ned i kategoriar, blir skilnadene endå tydelegare.
– I bratt terreng er rundt 90 prosent av dei som omkjem menn. Det gjeld til dømes skred som blir utløyste i samband med skikøyring eller knekte toppskavlar. Men ser vi på dei som blir råka i utløpsområde, altså treft av skred ovanfrå, er fordelinga i Noreg omtrent 50/50 mellom kvinner og menn.
Eit anna viktig poeng er at menn oftare er åleine på tur.
– Dette ser vi i nesten all ulykkesstatistikk. I havkajakkulukker er det ofte menn som er åleine. Det same gjeld fritidsbåtulukker. Å vere åleine aukar risikoen, fordi ein ikkje har nokon å diskutere vurderingar med eller dele avgjerder med, seier Horgen.
– Høgare risikovilje og fleire timar åleine i bratt terreng, er ei tydeleg forklaring på kvifor menn står for fleirtalet i skredulykker, meiner Audun Hetland ved UiT.
– Lytt til tvilarane
Når du er skråsikker, sluttar du å tenkje. Du vurderer ikkje alternativ og ser ikkje etter gode løysingar. Problemet er at snø og snøskred er ekstremt komplekst, seier Hetland.
– Ekspertane vi samarbeider med over heile verda er ikkje skråsikre. Dei estimerer, dei tvilar, og dei er heilt opne om at dei kan ta feil.
Kontrasten til mange vanlege, norske toppturgåarar er tydeleg, meiner UiT-forskaren. Dei er ofte skråsikre. Og ser du ikkje problemet, då leitar du heller ikkje etter løysingar.
– I ei gruppe skjer ofte dette: Dei som er skråsikre snakkar høgast. Dei som er i tvil, trekkjer seg tilbake og tenkjer. Problemet er at det ofte er tvilarane vi burde ha høyrt på.
Han understrekar at dersom menn oftare blir skråsikre enn kvinner, så er det ei reell utfordring i skredterreng.
Vanskeleg å vurdere snø
– Medvitet om skredfare er der. Dei fleste ønskjer å ta gode avgjerder. Problemet er at det å vurdere snø er ekstremt vanskeleg. All ferdsel i terreng brattare enn 30 grader inneber skredfare. Det finst ingen absolutte svar, berre sannsyn.
Det er heller ikkje slik at ein er tryggare, om ein kjenner fjella godt frå før. I grunn kan det vere at lokale fjellgåarar «skrur av» skredvurderinga når dei går på topptur.
– I staden for å svare på det vanskelege spørsmålet – kor skredfarleg er det no? – byter hjernen det ut med eit enklare:– Har eg vore her før? Har det gått bra før? Dersom svaret er ja, opplever vi situasjonen som trygg, heilt utan å vurdere reell risiko, seier Audun Hetland.
(©NPK)
