22. november 2026

«Eg fekk jo hakeslepp då eg fekk høyra om debuten hans som fiolinist i Le Havre, at han hadde jakta på moskus på Grønland, drive med kvalfangst i Sørishavet og av alle ting – spelt fotballkamp i New Orleans.»

Av

Aleksander Raftevold klar for Edderkoppen med viseforteljinga om bestefar.
 

Det starta rundt påsketider i fjor, etter ein fleire timar lang prat med besten Odd, då nesten 90 år. Snart inviterer Aleksander Raftevold (33) til ei halvannan time lang viseforteljing om eit heilt eineståande liv, på den mest sentrale revyscena i hovudstaden.

– Det er litt spesielt, og spennande, dette, vedgår den unge og velkledde kjempa av ein nordfjording ved inngangspartiet til Edderkoppen scene i Oslo. Det var her revystjerna Leif Juster herja i glansdagane sine – på sjølve sentrum for revykunst her i landet.

Og no er altså Aleksander, saman med Sebastian Berg i viseduoen Raftevold & Berg, tøffe nok til å invitere oslobygdi til ei førestilling dei har kalla «Viser min bestefar song». Premieren er laurdag 24. oktober, men det er ikkje sjølvaste premieren, for den var i Operahuset i heimbygda Nordfjordeid i fjor haust. Der er også litt av forklaringa på at me møtest denne ettermiddagen.

Aleksander Raftevold (t.h.) saman med Sebastian Berg i viseduoen Raftevold & Berg, som er tøffe nok til å invitere oslobygdi til ei eineståande førestilling. Foto : Are Næsset.

Heilt i særklasse

For omtalane av denne førestillinga, både i sosiale medium og ikkje minst i lokalavisa Fjordabladet, gjorde oss nysgjerrige på kva dette er og korleis det har oppstått. Om me siterer litt frå det nokre av dei som såg premieren har ytra, så forstår du betre. For her les me om ei «fantastisk fin og rørande førestilling», vidare at dette er det «kjekkaste eg har sett på Operahuset i år», «terningkast seks!» og frå Fjordabladets eigen omtale: «Publikum var over seg av begeistring etter ei heilstøypt førestilling», der Aleksander Raftevold blir karakterisert som ein musikalsk historieforteljar i særklasse.

Les hele saken

Kjøp tilgang til denne artikkelen for kr 8,00. Du betaler med Vipps, og du trenger verken konto eller passord.