Kunstverket «Sebastia» utanfor det nye regjeringskvartalet er ikkje tilfeldig. Det er bygd stein på stein med bidrag frå heile landet.
– Verket er eit bilete av Noreg og ein uhierarkisk kollasj av ulike forteljingar, seier Drew Snyder, seniorkurator i Kunst i offentlege rom (KORO), til Nynorsk Pressekontor (NPK).
Han viser til at det 800 kvadratmeter store mosaikkgolvet gir uttrykk for at Noreg ikkje berre er representert av éi enkelt forteljing, men er samansett av fleire.
Mange tidsperspektiv
Utanfor regjeringsbygget, på Johan Nygaardsvolds plass, er resirkulert stein frå kommunar landet over felt ned i bakken side om side. Steinkollasjen knyter det lokale til det nasjonale i eitt gjenbrukskunstverk.
– Steinane er fragment frå norsk historie. At verket blir bygd av desse bitane, som allereie har hatt eit tidlegare liv, er både ei anerkjenning og ei utforsking av det som har kome før oss, opplyser Snyder.
Geolog, realfagsformidlar og steinfluensar Gard Lilledal Andersen peikar på at kunstverket òg viser mangfaldet i den norske berggrunnen.
– Det er både norsk naturhistorie og masse berggrunnhistorie, i tillegg til historie frå infrastruktur, næringsliv og industribygg, fortel han.
Opphav frå store fjellkjeder
Mellom anna finn ein bergartar som konglomerat, gneis, skifer, granitt, kvartsitt, sandstein og grønstein. Desse er donerte frå bidragsytarar i til dømes Bjørnafjorden, Ullensvang, Høyanger, Sunnfjord, Kinn, Stryn, Bømlo, Stavanger, Sandnes, Kvitsøy og Haugesund.
– Det meste frå Vestlandet vart danna i den kaledonske fjellkjeda, som låg langs vestkysten av Noreg for om lag 400 millionar år sidan, forklarar Andersen.
Geologen trekkjer fram at steinsamlinga gir oss ei handfast tilknyting til verket, fordi steinen kjem frå stader ein har eit nært forhold til.
– Det fine med steinmosaikken er at alle kan finne steinen sin. Mange av steinane kjem òg frå kjende bygningar, som gjer at folk kan relatere til akkurat det rådhuset, den kyrkja eller den barneskulen dei gjekk på, meiner han.
At stein skaper ei kjensle av å høyre til, speglar seg òg i tittelen på verket .
– Kunstnaren bak, Jumana Manna, var interessert i ein tittel som kunne fungere som eit stadnamn på ein offentleg plass, der folk skal møtast. Tittelen «Sebastia» var også ein måte for kunstnaren å peike på heimlandet sitt, Palestina, der ei berekraftig tilnærming til materiale ikkje berre er ein trend, men ein levemåte som strekkjer seg tilbake tusenvis av år, seier Snyder.
Berekraftig tilnærming
Manna sette to klare premiss. Det eine var å unngå utvinning av ny stein, medan det andre var at stein som allereie var i landet, skulle definerast som «norsk» .
– Desse premissane var viktige fordi dei oppmoda til ei berekraftig materiell tilnærming i ein kontekst av eit stort statleg byggjeprosjekt, som elles ofte er prega av nye materiale og standardiserte løysingar, fortel Snyder.
Andersen vonar prosjektet vil skape meir merksemd kring den store steinimporten til Noreg.
– Vi importerer altfor mykje stein frå andre sida av jordkloden. Det treng vi ikkje i steinlandet Noreg. Derfor vonar eg at mosaikkgolvet kan gjere folk litt meir observante på kor mangfaldig den norske bygningssteinen er, avsluttar han.
(©NPK)
