Flåtten har gode levekår i den norske sommaren, og mange opplever flåttbitt. Det merkar ekspertane, som no får ei rekkje førespurnader frå uroa folk – sjølv om dei fleste bitt er ufarlege.
Mildt og fuktig klima gjer at flåtten har hatt gode levekår i 2026. Flåttekspertar registrerer stor pågang frå folk som er bekymra etter flåttbitt.

– Til no i år har det vore eit veldig gunstig klima for flåttaktivitet fordi det verken har vore for tørt eller for varmt. Det verste flåtten veit er tørke, samtidig som det heller ikkje må vera for kaldt. Våren og sommaren har difor vore veldig fine for flåtten, seier spesialist i nevrologi og leiar av Flåttsenteret , Randi Eikeland.
Godt sommarvêr gjer også at folk brukar meir tid utandørs.
– Vi er meir i hagen, skogen og marka, og då får vi naturleg nok fleire flåttbitt. Ingen går lenger rundt og tel flåtten slik ein gjorde før, men vi har enormt mange førespurnader hos oss no. Det tyder på at det er mykje flått i omløp.
Finst over heile landet
Nord for Sandnessjøen har flåtten førebels ikkje etablert seg. Likevel er det mogleg å finna flått over heile landet.
– Trekkfuglar kan ta med seg flått til Nord-Noreg også, men flåtten trivst aller best langs sørlandskysten og på Vestlandet, seier ho.
Sjukdom (utover lokal infeksjon i huda) etter flåttbitt er meldepliktig, og spesialisten oppmodar folk til å sjå på lokale tal.
– Dersom ein blir sjuk av flått, blir det meldt inn til Folkehelseinstituttet. Der kan alle finne statistikk for sin kommune. Det er den viktigaste indikatoren vi har på om sjukdomstilfella aukar.
Talet på registrerte tilfelle har auka dei siste åra, ifølgje Eikeland.
– Vi har særleg sett ein auke i borreliose på Vestlandet.
Dei fleste blir ikkje sjuke
Vidare peikar ho på at sjølv om mange blir bitne, er ikkje sjansen for å bli sjuk så stor.
– Statistisk blir om lag to av 100 flåttbitt til sjukdom. Ikkje all flått ber på borreliabakterien, seier Eikeland.
Og sjølv om flåtten er smitta, er det langt frå sikkert at du blir det.
– Dersom vi visste at flåtten som beit deg hadde borrelia, ville risikoen for å bli sjuk vore rundt fem prosent.
Ho peikar på at immunforsvaret vårt gjer ein viktig jobb og beskyttar oss mot det meste, også borrelia.
– Forskarar har mellom anna sett på befolkninga på Sørlandet og funne at rundt 20 prosent har antistoff mot borrelia utan nokon gong å ha vore sjuke. Det viser at vi kan få mange flåttbitt utan å utvikle sjukdom, fortel spesialisten.
Dette bør du sjå etter
Dersom du finn ein flått som har festa seg, er det viktigaste å fjerna han raskast mogleg.
– Bruk ein pinsett eller fingrane og dra han rett ut. Ikkje skru eller vri, seier Eikeland.
Ho kan dermed avkrefte ei utbreidd myte.
– Mange trur det er farleg dersom delar av flåtten sit att i huda. Det gjer ingenting. Det skjer ofte, men smitten sit ikkje i bitedelane som eventuelt blir att, seier Eikeland.
Dessutan er det sjølve bittet dei fleste reagerer på.
– Flåtten skil ut stoff som gjer at han kjem ned til blodet. Det kan gi kløe, raud hud, hevelse og utslett, omtrent som eit myggstikk. Dei første dagane er det heilt vanleg og går som regel over av seg sjølv, seier ho.
Skulle utslettet utvikla seg vidare bør ein derimot reagera.
– Dersom det etter nokre dagar kjem ein raud ring som ikkje bleiknar, men veks dag for dag og blir større enn fem centimeter, er det typisk teikn på borreliose. Då skal ein kontakte lege og få antibiotika. Ein treng ikkje blodprøvar – behandlinga blir starta på klinisk mistanke, seier Eikeland.
Kven bør ta vaksine?
Ved TBE, skogflåttencefalitt, er symptoma annleis.
– Då får ein gjerne høg feber og kraftig hovudverk. Nokre kan også få vekttap og diaré.
Dei som ofte får flått, bør vurdere å ta TBE-vaksine dersom dei bur eller ferdast i område der dette viruset finst, ifølgje Eikeland.
– Dersom du får meir enn tre flåttbitt i året, bør du vurdere vaksina. På nettsidene til Folkehelseinstituttet finst kart som viser kvar TBE finst, opplyser Eikeland.
TBE-viruset kan smitta med ein gong flåtten har festa seg. For vestlendingar er det difor noko trøyst i at borreliabakterien vanlegvis treng tid før han blir overført.
– Det tek normalt mellom 24 og 48 timar før borreliainfeksjon blir overført. Sjekkar du kroppen kvar dag og fjernar flåtten raskt, er du rimeleg trygg, seier Eikeland.
Det finst håp
Forskarar arbeider no med nye måtar å førebyggje flåttsjukdom på.
– Ein prøver å laga noko menneske kan ta i likheit med dyr for å unngå flåttsjukdom. Det blir forska på spyttet til flåtten; ein har enno ikkje funne heilt det rette proteinet, men det er lovande, seier Eikeland.
Før den tid trur ho ei eiga borreliavaksine kan bli tilgjengeleg for delar av befolkninga. Kor mange som får ta denne vaksina er framleis usikkert.
– Mykje vil avhenge av legemiddelvurderingar og kven som har størst nytte av det. Vaksina som kjem har rundt 70 prosent effekt mot borreliose, medan TBE-vaksinen som finst i dag har om lag 98 prosent effekt, seier Eikeland.
(©NPK)
